onsdag 6. august 2008

Tuuuuusen takk, kjære Linda!

 

I dag fekk eg ei ufatteleg flott gåve! Heilt uventa, som lyn frå klar himmel! Som om det å ha ei syster ikkje er gåve nok i seg sjølv..... Tenk å ha ei veslesyster som heilt utan vidare meinte eg fortjente ei gåve. Ho takka for gode råd og vink, hjelp med eitt og hitt, og arvegods til tantegullet Sannah. Men er det ikkje slikt ein har storsysken til då? Ein skal ikkje ha belønning for slikt! Alt dette høyrer med til ansvarsoppgåvene mine som storesyster. Men gåva låg der likevel, og eg vart stum av glede då eg tok til å opne. I tillegg til ein diger bukett roser i favorittfargen min, var der eit nydeleg fat, ei ramme og eit raudt hjartesmykke. Det var som om ho skulle ha lese tankane mine! Alt har tidlegare vorte beundra i butikkvindauga og lagra på ønskelista. Og tenk, i dag fekk eg det i gåve! Linda visste ikkje eingong om at eg ønskte meg desse tinga!

029 030 038

"Hold meg i hånden, søster. Vi går på en usikker vei under de evige stjerner, famlende, du og jeg. Hjelp meg når foten gjør feiltrinn og ikke kan finne sin vei"

- Dagny Tande Lid -

 032 035 034

"Kva er ei syster?" Ei syster ho er deg umåteleg kjær. Ei glede det er å ha henne nær. Ho er der når du treng ei hand, og knyt usynlege vennskapsband. Ho er der og lyttar når du vil snakke, ho er der når noko går nedoverbakke. Ein betre ven kan du ikkje få!"

 036 031

TUSEN TAKK,, KJÆRE LINDA - FOR AT DU ER EI FANTASTISK SYSTER SOM EG SET STOR PRIS PÅ OG ER UMÅTELEG STOLT AV!

8 kommentarer:

  1. Så koselig med en overraskende gave!
    Regner med du hadde helt sikkert gjort deg fortjent til en slik flott oppmerksomhet!

    Keep on smiling!!!

    SvarSlett
  2. Så koselig å få slik flott gave. hun synest vel du hadde fortjent det da:O)
    Heldig du som har en søster:O)
    Har bare brødre jeg........men de er nå grei de også!!

    Ha en fin kveld:O)

    SvarSlett
  3. Heia
    Heldige DU som har ei lillesøster som bryr seg - og DU fortjente det sikkert :-)
    flotte gaver

    Her har det også vert torden og lyn - med masse regn - resultat er eit stort rar i vårt beite - mye som er ødelagt - desverre.
    men ingen av dyra våre vart skada - og bra er no det - har vert der oppe og tatt mange bilder - det er jo litt fasinerende å se på nært hold - det er mye krefter sm har vert i sving


    smil fra monika

    ps. min blogg går også i engelsk, var på norsk i går - så noen har vert her i natt og kødda litt ;)

    SvarSlett
  4. Rørende :) Jeg tror mine to søstre fortjener noe slikt også snart. :)

    SvarSlett
  5. Nydelige roser og gaver du fikk fra søsteren din. Det ligger mye omtanke i den fra hennes side så hun er sikkert veldig glad i deg, og glad for alt du har bistått med. Koselig det da.

    Ellers ser jeg at alt er blitt på norsk igjen her inne. Fulgte du rådet mitt?
    Det er på norsk inne hos meg også. Det tok bare litt tid og en av-og-på logging så var problemet heldigvis løst.

    Hilsen Marit

    SvarSlett
  6. Så kjekt det var å treffe på deg:)
    Synd vi ikkje kunne sette oss ned og ta oss en kaffi og prate litt i fred og ro. Eg var litt vimsete for det skjedde så mye rundt meg..hehe...tenkte på det eterpå...huff hun må tro eg er rar!!
    Men når eg kom meg ut i bilen etter amfirunda var eg våt av svettebråt...huff så plagsomt.

    Ellers må eg bare sei igjen at det var kejkt å prate med deg i dag:)
    Ha en koselig kveld.
    og rosene du har fått er aldeles nydelige!!! Så heldig du var!!
    kLem

    SvarSlett
  7. Hallo Tove....har endelig vandra meg inn i bloggverda...Ikkje så flink enno, men med litt prøving og feiling skal eg nok få det til med tida:)
    Kjekt å lese bloggen din, har nesten vorte som med yr.no...må liksom inn å sjekke om det er noko nytt og det er det ofte. Flotte innlegg!
    Såg det fine fatet du fekk med Linda, slo meg at det må vere utruleg kjekt å ha ei syste. Har du sett koppane som høyrer til? Eg har både fatet og koppane og har hausta mange gode ord for dei. I tillegg er dei utruleg gode å drikke av. Sjølvsagt kjøpt på Fryd...favorittbutikken. Min kjære har berre enkelt og greitt gitt meg tilnamnet Frøken Fryd :)
    Ha ein framleis god sommar og nyt dagane med dine kjære.
    Klem

    SvarSlett
  8. Heisann Tove!! ¨

    Sit å les på bloggen din og blir heilt rørt over alle fine ord og tankar du delar med oss. Du har ei fantastisk evne til å skrive på en måte som smyg seg innunder huda.. Kjempefint og lese bloggen din, det skal eg fortsette med frammover!! Håper alt er bra der heime med dokke alle, og fortsett med det flotte skrivearbeidet.. Kjekt du delar små innblikk av livet ditt med alle andre..
    Klem Lilly (nesten nabo) :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!