mandag 4. august 2008

Tid for to....

I ein hektisk kvardag med små born, er tid til å vere to noko ein ofte prioriterer vekk. Besteforeldrebarnevaktene må ein nesten spare til det er heilt nødvendig, og andre vil ein helst sleppe å plage med slikt. I går kveld fekk vi eit tilbod vi ikkje kunne takke nei til.....

Tid for to2 Tid for to1Tid for to3tidforto4hjerte til blogg

Superonkel baud seg til å kome og sitje barnevakt slik at vi kunne få kvelden for oss sjølve! Kva i alle dagar skulle vi finne på???? Gå på kino? Gå ut og ete? Gå ein tur? Køyre oss ein tur? Sitje på ein stein i fjøra, utan å kvart sekund bekymre seg for kvar ungane er? Dette var luksus, og vi brukte heile dagen på å kose oss med planlegging av den kjærkomne åleinetida.

 Vi kosa oss på kaffibesøk med gode vener, og kjende på kor takksame vi var for å få denne tida for oss sjølve. I bilen på veg heim kjendest det nesten ut som om vi hadde gjort noko ulovleg. Og det var ikkje fritt for at tankar som "burde vi kanskje heller ha gjort noko nyttig"  svirra rundt i hovudet.

Uansett; dette var ein kveld vi sette stor pris på! Tusen takk til ho som lånte ut barnevakta, til han som kosa seg ilag med ungane våre og til dei som tok imot oss på meir eller mindre uanmeldt kaffibesøk! No gler eg meg til å gjengjelde tenesta!

5 kommentarer:

  1. Å så kjekt då :O) Du har heilt rett, i ein hektisk kvardag med onger, jobb & hus er det lett å gløyme å berre vere kjærestar..
    Me er så heldige at me har foreldre & svigers som tar borna inn til seg nokre gongar og då er det kjekt å berre verre to.. (ei lita stund i alle fall, så saknar ein dei små;O)

    Smil

    SvarSlett
  2. Det var rett og slett eit superuimotståeleg og fantstisk tilbod:)
    Sånne skulle det vore fleire av...

    SvarSlett
  3. Så kjekt å berre få slike tilbod i fanget! Det er som du seier, at ein spør jo ikkje om barnevakt utan at ein faktisk treng det. Å "berre" vere åleine er liksom ikkje ein del av det.

    Flott å høyre at de hadde ein fin kveld! God ny veke til deg!

    klem

    SvarSlett
  4. Sånn skal det være!!!
    Jeg syns det er supert å bli bedt om å være barnevakt! Elsker å sitte å vite at hvis... de våkner, så er det JEG som skal prate og kose og trøste og...ja, være der med dem!
    Snill superonkel!
    God kveld!

    SvarSlett
  5. Så koselig å gjøre noe bare dere to. dere fortjener det helt sikkert.
    Godt dere har en superonkel:=)

    Klem :O=9

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!