Heilt sidan eg var lita jente, og Ingrid Espelid Hovig var favorittdama mi på TV, har eg vore oppteken av ting, tang og duppedittar på kjøkenet. Eg fann fort ut at det var kjekkare å lage mat når ein hadde utstyret i orden. Å ha både ei farmor og ei mormor som var glade i å lage mat, var ein rikdom for meg! Eg rota gjerne rundt i skuffene deira på jakt etter spennande dingsar eg kunne prøve ut på kjøkkenet.
No, i vaksen alder, opplever eg at denne interessa framleis er like glødande varm. Av alt rart som befinn seg i skuffene og skapa mine, har eg likevel ein soleklar kjøkkenreiskapsfavoritt! Uansett kva eg lagar, treng eg matpinsett! Eg var overlukkeleg då eg fann mitt fyrste pinsett i ein norsk butikk. Hadde sett slike på utanlandske matprogram, og eit slikt måtte eg sjølvsagt ha!
Matpinsetta varierer i både utsjånad, kvalitet og bruksområde. Nokre eignar seg best til å snu store kjøtstykker med, andre er smale nok til å handtere delikat og petit mat. Dei kan også brukast til å plukke opp leiker som gøymer seg på dei utrulegaste stadar, og der menneskehanda ikkje er lang nok eller smal nok til å fiske dei fram. Eg har endåtil med meg mitt eige matpinsett når vi skal på grillbesøk der eg veit eg får vere med på sjølve grillinga (høyrest det kjent ut, mamma???). Det er ikkje sikkert vertskapet har like gode pinsett som meg, må vite! Kanskje litt sært, men slik er det berre!
Siste bruksområdet eg kom på var å nytte dei som "skuffestengarar". Nokre hugsar kanksje Sina sitt herlege "kakaoeventyr", og det kan leggast til at vi har hatt fleire slike opplevingar.... Sidan eg aldri har funne slike dingsar som sperrer skuffene for små barnehender, måtte eg bruke beste dingsen som finnast, nemleg matpinsettet! Ikkje særleg vakkert, kanskje, men det lyt gjere nytta si så lenge! Heldigvis har eg mange i skuffa mi, så no har vi fått sikra dei verste skuffene i allefall....
Pinsettet heilt til venstre er vel eigentleg "tongs", og eignar eg best til store kjøtstykke, til å ta spaghetti med eller plukke nysteikte bollar av steikebrettet. Pinsettet i midten er favoritten min! Det var det fyrste eg kjøpte, det er tynt og smalt og kan handtere all slags mat. På siste biletet ser de siste pinsettet eg skaffa meg. Trur eg kjøpte det mest fordi det er syrinfarga, og har etterkvart oppdaga at det eignar seg best som ein fargeklatt i kjøkkenskuffa. Det er laga av silikon og er heilt ubrukeleg til mat. Men som skuffestengar passa det midt i blinken! Og de må ikkje tru eg er opprådd for pinsett medan denne gjengen er ute på anna oppdrag, der er nemleg fleire der desse kom ifrå....
Tusen takk for tipset. Ps. jeg elsker allerede Italia - my favorite. Kanskje blir mer hekta ;) Hanne
SvarSlettFår litt "flashback" her! Mine skuffestengarar var ikkje så fine nei... (pinnar, strekk m.m.) Er glad eg no får ha skuffene mine sjølv :-)
SvarSlettEller kva med ei god gammaldags barnesikring, kjøpt i butikken, som hindrar små hender å opne skuffer og skap? :)
SvarSlettHehe...Vi måtte bryke strikk o.l på våre skuffer når ongane var små ;O)
SvarSlettTusen takk for ein koseleg kommentar på bloggen min, linker til deg om det er greit.
Ha ein fin søndag!
Får du til å bruke disse altså...? Har et par stykker vi og men det er mest min mann som bruker de, og da ved grilling ;0)
SvarSlettKjempe å bruke sveisemaska under solformørkelsen, skal jeg og huske på til neste gang;0)
Ingen bjeller på Raymond, men jeg har lett alzheimers når det gjelder navn fra ungdomstida. Det betyr at det kan hende jeg kjenner ham allikevel... hehe - blir litt nervøs av sånne ting. Jeg har truffet folk hjemme som har snakka med meg som om de kjente meg i 100 år og jeg huska ikke hvor jeg møtte dem engang og hold deg fast, noen har gått i parallellklassen min. Jeg husker alle jeg gikk sammen med på ungdomsskolen - men før og etter det har jeg hatt vakum i huet :) Jeg er litt bedre nå.. Hanne
SvarSlettJa, dette var kjent! Nokre går rundt med grillpinsett i veska, og andre med lebestift...
SvarSlettMams.