At Sina er ei frøken som er mykje føre seg, er i allefall heilt sikkert! Då tenkjer eg særskilt på området som omfattar rot, ablegøyer og fantestrekar. Ho er inne i ei "opne alle skuffer og skap"- periode, og det er travle dagar for den som skal gå og rydde i fotefara hennar.
I dag var ein slik dag. Eg var oppteken på stova med å rydde opp alt ho hadde rota utover av CD`ar og gamle aviser, medan lissjefrøkena sat pent og pynteleg på kjøkkenet og bladde i Ole Brumm-boka, trudde eg..... Ein skal vel generelt sett vere på vakt når det brått vert stille rundt slike små rakkarar, men eg måtte berre rydde litt til! Då eg endeleg kom meg ut på kjøkkenet var katastrofen eit faktum. Der hadde trulta funne bakekakaoen min, og det såg ut deretter. Eg trudde ikkje mine eigne auge! ER DET MOGLEG???? På mindre enn eitt minutt???
Mmmmmm.... Det er best å slikke i seg litt av det som er på bodyen òg!
Men etter den søte kløe kjem den sure svie, og ein tur i badekaret var ikkje til å unngå. Til syskena si stor begeistring fekk Sina bade seg med kle. Ho vart rein til slutt!
Syndaren....?
.......eller syndaren?
Oioi, eg må nesten seie - så herleg! Og at du i det heile fekk dokumentert det, og delt det med oss heldige lesarar!
SvarSlettFantastiske blinkskot, Tove! Du er så flink til å skrive, eg vert heilt rørt når eg les på sida di. Hald fram slik : )
SvarSlettHeia!
SvarSlettVar inne på en annen blogg,
da såg jeg navnet ditt, Tove,
det heter jeg også, så
nå titter jeg på din blogg.
Ha en fortsatt fin uke.
Hilsen Tove fra trøndelag.
Ha ha ha, ja jeg kan le jeg som slipper å rydde og vaske etter elendigheten ;0) For en herlig liten skøyer! Selv om mor kanskje ikke er helt fornøyd ser i alle fall minsten ut til å kose seg :0)
SvarSlettHahaha!! Fantehønå! Ja, no fe du bryne dej, "Ms Mine-unga-hekje-gått-laust-på-skap-og-skuffe-og-bokhylle-HEILT-til-sistemann-kom-Halse-Digernes" :)
SvarSletttihi.
Heia Sina!
Scrapping i Sollia i morgon?
Meinte Mrs
SvarSlettEj foretrekke Ms, lika å vere litt mystisk, veit du! klar for scrapping, ja! He pakka ned alt utstyret mitt (som ej hittil mest berre he beundra...)
SvarSlettHeisan! Hyggeleg å høyre frå andre ørstingar. - og eg seier alltid ja takk til kakao og sjokolade :)
SvarSlettFint at du vil følge med på bloggen min, eg har lagt deg til i reader-lista mi...
hehe...for ei tullehøne :) Tenker ho syns dette var spennade!
SvarSlettSjønn er ho uansett.
Nå er det full fart med pakking, og så drar vi:)
Ha en fin dag, og kos deg vidare med ferie. Vi bloggast når eg er tilbake:)
Klem
Hahaha...ja, det er ein alder for alt. Du skal berre vere glad du ikkje har to som rotar i skuffer og skap.Har heldigvis avverga dei store katastrofene til denne tid. Einaste som har vorte tømt er tuppervareskapet mitt, og det var no inga krise :-)
SvarSlett