Fredag formiddag kunne forbipasserande nesten tru det var rominvasjon frå Mars på altanen vår! Nokre merkelege skapningar kika mot himmelen i ein heil time!
Men eg kan trygt berolige alle med at det berre var mine kreative, små ungar som hadde funne pappa si sveisemaske for å sjå på solformørkinga! Det var utruleg spennande for dei å sjå kor månen bevega seg inn og la seg over sola. Vi merka ikkje så mykje til at det vart mørkare, men gjennom ei velbrukt sveisemaske hadde vi orkesterplass til denne eineståande hendinga.
Sjølv mor let seg fascinere av dette himmelfenomenet! Med kamera og god zoom på kameraet fekk vi også dokumentert det som gjekk føre seg der oppe! Litt artig å ha for ettertida!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!