tirsdag 5. august 2008

Klare sjølv, takk!

Veslesnuppa mi er ikkje lenger baby. Ho har vorte ei stor jente som skal klare alt sjølv. I ein beskjeden alder av 14 månadar er det ikkje alt ein klarer sjølv, men det skal likevel prøvast. Det vert ofte tårer, ofte knall og fall - men aller oftast iver og glede fordi ein har meistra! Det vert kanskje ikkje alltid slik ho har tenkt, men ho er nøgd med eigen innsats likevel!

Om fem-seks dagar skal ho byrje i barnahage. Det er med skrekkblanda fryd eg sender henne. Ikkje det at eg trur ho vil mistrivast - tvert imot! Ho er heilt klar til  å forhalde seg til andre og treng utfordringar på leikefronten, det er vel for meg det er verst.... Brått er ho ikkje lenger avhengig av meg. Brått skal ho vinke til meg i barnehagedøra og snu ryggen til meg. Brått har ho vorte stor....

011 012

Gåvogna har gjort nytt si, og vert mest brukt til heilt andre føremål. Til dømes å sitte i! Skal klatre opp i sjølv, men kven skal trille??? Skal vel helst klare det òg, men vert ikkje det litt vanskeleg då? Hmm...

013 014 015

Eg gjer alt eg kan for å klare dette, men det var ikkje så lett.... Kanskje kjem det ein snill storebror? Kanskje kan mamma legge vekk kameraet og hjelpe meg litt? Enn så lenge får eg halde meg fast...

017 018

Mamma har sagt at eg ikkje får lov til å opne skuffene, men ho har ikkje sagt noko om det er lov å sitje i dei..... Hmmmm, tør eg dette då? Eg prøvar og ser kva som skjer!

019 020

Dette var kjekt, gitt! Ikkje fekk eg skjenn heller! Ho klarte ikkje å hindre meg i dette, nei..... Det er vel best å krype ut att, så får eg heller prøve moroa igjen seinare!

 

2 kommentarer:

  1. Ei herleg lita trulte! Ho får det nok kjekt i barnehagen, med nye vennar å bryne seg på, og kose seg saman med. Men eg forstår godt det er rart for mor å levere ho frå seg ja. Det er vel slik det skal vere=)

    SvarSlett
  2. For ei nydeleg lita tulle:)
    Ho klarar vel å sjarmere seg ut av dei fleste situasjonar, kan eg tenke meg;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!