fredag 1. august 2008

Rørebollar opp under taket og såper i solnedgang!

Eg skal vere ærleg og innrømme at eg kanskje er litt over middels interessert i fotografering. Ungane og mannen har etterkvart vorte vane med denne hobbyen min (stakkars...), medan det er verre for uvitande venninner og slekt som må oppleve at turen eller selskapet vert oppstykka og avbrote fordi eg til stadigheit må fram med fotoapparatet. Kanskje eg endåtil vert vekk ei stund! Eg forsvarar meg kvar gong med at spesielle augeblikk forsvinn fort, og skal ein fange dei må ein handle brennkvikt! Eg forstår for så vidt undringa deira, som må sjå meg liggande og krypande med rumpa høgst mellom steinar, lyng , bølgeskvulp eller andre sære rarietetar. Men slik er det altså! Dei lyt berre leve med det; dette har vorte ein livslang hobby for meg!

For mannen min (stakkars...) vart vel kveldens fotoseanse det ultimate høgdepunkt på "du er jammen bra rar"-skalaen. Avtalen var at han skulle legge ungane (stakkars....), medan eg skulle rydde og lage klart til deilig fredagskos. Vi skulle ha ost og kjeks med tilhøyrande drikke av ymse slag. Etter å ha tilbrakt ein hektisk og heseblesande halvtime på loftet (jammen er han flink!), kom han ned og sette augene i meg. Kvar var osten? Og kjeksa? For ikkje å snakke om vinen han hadde gledd seg slik til? Full av skuldkjensle og skam måtte eg innrømme at eg ikkje var komen så langt i dei avtalte gjeremåla mine, for eg måtte berre ta nokre bileter til bloggen min. Med endå meir undring i augen lurte han på kva i alle dagar som hadde vore så viktig at det måtte fotograferast der og då. "Eg måtte berre ta bilete av den nyinnkjøpte rørebollen min som står på hylla opp under taket, og så var eg ute og tok bilete av dei nye såpene mine i den nydlege solnedgangen". Latteren let ikkje vente på seg! Noko så tåpeleg; såper i solnedgang! Ristande på hovudet, men med smilet på lur, tok han med seg hunden på kveldstur - og trur heilt sikkert at maten står på bordet når han kjem att. Lyt vel berre ordne opp og lage det kosleg, er best å bøte på skadene... Bileta frå fotoseansen skal de i allefall få!

029 031

Denne rørebollen kjøpte eg altså på Fryd i dag. Den var endeleg halv pris, så då måtte den sjølvsagt i hus! Nå står den på den berømmelege hylla opp under taket ilag med storebror frå Boligfryd. Så var det desse såpene.....

032 033 035 036 038 039 040

Dette var vel artige bileter? Sjølv husbonden såg at det var nødvending at eg hoppa over ost og kjeks-organiseringa for å få tatt desse bileta! Kanskje Fryd vil leige meg som såpefotograf???

Men til trass for bollerør og anna såpekokeri, så vart det ost og kjeks! Med vakraste solnedgangen du kan tenkje deg - rett inn stoveglaset - så vart dette ein vellukka kveld! Eg let bileta snakke for seg sjølv!

046 047 053

Oppskrifta på ein vellukka kveld.....

God laurdagskveld til alle!

7 kommentarer:

  1. Hi hi....sikkert mange som kjenner seg igjen i dette innlegget her du:O)
    Sånn bolle har jeg kjøpt i hvitt.....men til full pris da:(

    Nydelige seper i solnedgangen:O)

    SvarSlett
  2. Hi hi herlig historie:=) Ja det går oss litt til hodet bloggingen vår. Man er rett og slett blitt hektet! Men så utrolig koselig da. Godt at mannen fikk vinen sin og kvelden ble vellykket:=)

    Ha ei fin helg.
    Klem :O=)

    SvarSlett
  3. hehe - ja sånn er det for noen og enhver. Så herlig ut med den avslutningen og bollen er selvfølgelig kjempefin :) Nå er jeg ferdig med boka og må "blogge meg ned litt" før jeg sover ;) Hanne

    SvarSlett
  4. Go morgen

    jepp vi kosar oss - men litt kjedelig med berre sol og baseng, for min del iallefall - savner gatene a ga i - for hotellet

    Sa da er det godt med handarbeid. Stitshing er brodering pa stoff, med vatt bak - sa monterer det ein etterpa sammen med stoffer - lappeteknik - ein kan lage utrolig mye, tepper, duker, bilder ol - kan vise deg meir nar eg kommer hjem - hvis du er intresert
    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Kjempeartig, Tove! Kan godt sjå frustrasjonen og situasjonen føre meg. Stå på! For vi andre stooorkosar oss når vi les om slikt, og kjenner oss att!

    SvarSlett
  6. Såper i solnedgang vil heretter være mitt favoritt motiv. Virkelig flott, og så absolutt ikke bortkastet tid. Mye flott bilder på sidene generelt.

    SvarSlett
  7. Herleg! Såpene var nydlege i solnedgangen, og når det likevel blei ost og vin, vil eg tru også mannen likte bilda ;) ?

    Eg var også på salg på Fryd, og det blei med nokre såper heim her også! Dei duftar så herleg, i tilegg til å vere vakre å sjå på:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!