fredag 1. august 2008

Syndar i sommarsol...

Når ein har ungar i skjørtekanten dag ut og dag inn, er det av og til godt for mor å unne seg ei lita syndig stund åleine på terrassen.... Etter å ha steikt opp ein stabel med vafler og sørga for at alle munnane har vorte metta, skunda eg meg å sende storeungane og kameratgjengen ut å leike medan lissjefrøkena vart putta til køys for ein laaaang formiddagskvil.

005 010

Planen min lukkast, for ikkje lenge etter befann eg meg på terrassen med kaffi, vafler og dagens aviser. Det var stille, varmt og ingen som masa. Det er faktisk ikkje så mykje som skal til for at mor får kjensla av luksus og velvære.

012 009

Den syndige stunda mi tok sjølvsagt slutt. Eit kne måtte plastrast, ei tåre måtte tørkast og ei lita frøken laga hendelse på soverommet og ville opp. Men det gjorde ingenting; eg hadde fått ei stund for meg sjølv og kosa meg med kaffi og vafler. Med ungane atter ein gong springande og krypande rundt føtene vart den syndige stunda mi salig....

3 kommentarer:

  1. Så deilig det ser ut. MMM herlig godt. Skjønner det er deilig med en liten stund for seg selv:=)Ha en hyggelig helg:=)
    Klem :O=)

    SvarSlett
  2. Dette så godt ut.....Alle trenger litt tid for seg selv og det får du mye av når ungene vokser til!!

    Men må tro jeg husker hvordan det var.....følelsen av luksus av bare å få en liten stund:O)

    Ha en fin helg:O)

    SvarSlett
  3. Ser at du har samme servise som meg:)
    Det er så kjempe fint.

    Ellers er eg bare så imponert over alle innlegga dine i det siste...du er så flink til å lage nye innlegg. Skulle ønske eg fekk til slikt. I kveld er eg bare sliten. Har plukka masse ribsbær...men må plukke ennå mer for å lage saft. Men regnværet gjorde at eg ikkje orka meir plukking i dag. Det herja litt influensa her i hus, så eg føler meg ikkje heilt i form eg heller. Så i kveld vert det tidlig natt for meg.
    Ønska deg ein fin kveld Tove.
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!