fredag 1. august 2008

OG VINNAREN ER....

Då er den store 5000-feiringa overstått, og vi har trekt ein heldig vinnar..... Eg kan stadfeste at trekkinga har føregått på rett måte, utan juks og smugkiking. Små, brune barnehender har stått for den offisielle trekkinga - og slike må ein berre stole på!

008 009 013 015

Den heldige vinnaren er Kerstin frå Min hvite verden! Då vankar det om litt ein pakke i posten til henne! Går sikkert nokre dagar til, for det er ikkje alt som er kome i hus endå..... Skal love å legge ut bilete av gåva, men ikkje før Kerstin har fått den!

022

 Det var mange som var med i trekkinga, og er så glad og stolt over at så mange kikar innom bloggen min! Skulle gjerne ha gitt ei lita gåve til dykk alle som hadde lagt att ein kommentar til meg, sender i staden varme tankar og gode klemmar! Det byd seg vel ein sjanse til når eg nærmar meg 10 000! Wow - det er store tal det er snakk om!

No ynskjer eg alle ein strålande dag! Vi kosar oss med sol i dag òg, og dagens høgdepunkt er nok solformørkinga! Ungane er storleg imponerte og står ute med pappa si sveisemaske og kikar kvar sin gong. Kjem nok bileter på bloggen  frå hendinga seinare i dag...

2 kommentarer:

  1. Kor koselig at ho Ida fikk trekke! Det var ordtnlig artig, det innlegget ditt, både om konkurransen og om trekkinga. (hmm, som vanlig inne hos DEG!)

    De nydleig øyan hennes kan man ikkje sjå seg mett på.. tenk noe så vakkert! Gud e berre utrolig flink å lag sånne små engla!!!
    Tusen takk skal Han ha, for kvar einaste ennnnn...
    Ønska deg ei fin dag! Og ta no en liten klem tell ho som hjalp til!
    Vi skal folg med deg videre, vær sikker! Klmmzzzz nordanfra!

    SvarSlett
  2. Hei:=)

    ÅÅÅÅÅÅÅÅ SÅÅ GLAD jeg ble når jeg kikket inn på bloggen min og så at JEG hadde vunnet. Har ikke hatt så mye hell i konkurranser:=)
    TUSEN TUSEN TAKK; gleder meg sånn til pakken kommer og jeg vet jeg kommer til å bli så glad:=):=):=)

    Har hatt en liten ferie hos ei venninne et døgn . Veldig koselig. Så kommmer jeg hjem til dette:=)

    En stor varm klem får du av meg. Skal sende deg adr på mail:=)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!