Vi treng alle eit ankerfeste i kvardagen vår. Når det stormar som verst og alt buttar imot, gjer det godt å vite at vi har nokon eller noko som held oss fast og styrkjer oss.
På mi vesle fotovandring i går, kom eg over desse fantastiske fotefara etter folk som var før oss. Tankane mine gjekk attende til fiskarkoner som venta på sin aller kjæraste, som heldt gard og grunn ved like, passa på at hjula gjekk rundt - til trass for at husbonden var på sjøen. Slike gamle ting fortel si eiga historie, set tankane våre i sving. Eg vart nesten melankolsk der eg gjekk. Vi har så mykje å takke forfedrene våre for. Og for oss som bur langs kysten, er det kanskje særleg fiskarkonene som fortener største takka.
Dette ankerfestet har nok gitt trygg hamn til mang ein båt.
Opprusta, gamalt - framleis like trygt.
Mang ei kone og mor har nok stått ved dette ankerfeste og venta. Når det storma og bles, var augene alltid vendt mot sjøen. Ventande. Engstelege. Er vi heldige og får far heim i dag?
Denne båten kunne eg ha tenkt meg å vere med på fisketur. Tenk deg å ligge over ripa, med pilk ei sein kveldsstund...

Den sunnmørske varianten hadde nok hatt litt meir regn og blest...
Kanskje kan du tenkje litt over kvar du finn ditt ankerfeste i kvardagen?