onsdag 23. juli 2008

"Man tager hva man haver..."

Har du nokon gong tenkt over kor fin emballasje mange butikkar har? Ofte får eg med meg heim det eg har handla i flotte papirposar, innetulla i nydeleg silkepapir med skjønne pakkeband rundt. Det er fort gjort å rive av papiret når du kjem heim, og så kastar du alt papirrotet - kjenner du deg att...? Slik var eg òg, heilt til eg fann ut at alt dette papirrotet kan gjenbrukast som det flottaste innpakkingspapir! Det er så kjekt å legge litt ekstra omtanke i innpakkinga når du skal gi vekk ei gåve. Og sjå berre kor flott det kan verte!
Her har eg klipt opp ein papirpose frå butikken "Herlighet", silkepapir frå "Herlighet" og "Mollys Heaven". Litt bobleplast er det også lurt å ta vare på, det får ein alltid bruk for!
Fyrst vert pakken innetulla i kvitt silkepapir, deretter får den eit band av blått silkepapir rundt seg. Bandet er bretta på ein litt spesiell måte, artig med ein "special touch". Den brune knytetråden er gjenbruk frå "Mollys Heaven".

Neste steg er å pakke inn det heile i det blå "Herlighet"-papiret. Litt artig med skrift på innpakkingspapiret, ikkje sant? Det gjer pakken litt meir personleg. På baksida har eg lagt til litt bokstavar for å få fram nokre av eigenskapane til den personen som mottek gåva. Til slutt pyntar eg med ei lavendelgrein - luktar godt og ser flott ut!

Då håper eg du har vorte inspirert til å ta vare på rot og rask som du ellers berre hadde kasta. Gjenbruk er ein fin og enkel måte å vere miljøbevisst på! Og så må det vere kjekt for butikkane å sjå at det dei har brukt tid og pengar på, kjem til nytte også i andre ledd!

(Kven som får pakken er sjølvsagt ei stor hemmelgeheit, trur ho er lesar av bloggen min nemleg)

9 kommentarer:

  1. Kjempelurt, Tove!
    Det er så fort gjort å berre røske av papiret og kaste det i boss. Men så er det ikkje alltid ein tenker før etterpå... takk for påminninga, og kjempefine pakkar blei det!

    No er på nett att! Jippi! Modemet kom i dag, så no er det montert og på plass. Det var til og med trådlaus router på, så då vart det tusen leidningar færre bak den gamle
    pc-en!

    SvarSlett
  2. Kjempekjekt å ha deg tilbake, Dagny! Blir vel flust med oppdateringar både på eine og andre fronten no då! Gler mej til å sjå alt lurt du har funne på!

    SvarSlett
  3. Heia
    Kor lurt - ein slik pose har eg og ;)
    heldige den som får pakke fra deg :o)
    smil fra monika

    SvarSlett
  4. Du verden så flott og forseggjort den pakken var! Kjempelurt å ta vare på slikt, takk for påminninga.

    Og - grattis med over 4000 besøkjande!

    SvarSlett
  5. dette var lurt!!
    Det er jo så mye flotte poser for tiden........spesielt hvis du handler i sånne "snopebutikker"

    Så fint det var med dagens rose!!
    Kjempekoselig:O)

    SvarSlett
  6. Kor artig med det papiret!
    Jentene mine er alltid så irritert på meg når jeg får en pake, og står omhyggelig å fikler for å bere papiret... De er nysgjerrige og vil at jeg bare skal rive tapen opp å få ut innholdet :))
    Men jeg bruke rmye gjenbruk og her om dagen seinast, ble det god bruk for eit gammelt bredt pakkebånd som jeg hadde gjort slett og fint... Det var lys grønt nesten metallic og så nydelig...
    Idag hadde mor tell to av barnebarna mine bursdag. Gjett hva vi pakka inn i då? Joda, pakken var i ei OREOeske og i et papir brukt før. Og over kaka var et FOLIE med et koselig hjerte på...

    Håper du skjønner at jeg må innom deg titt og ofte. Om ikke annet for å titte litt på ungene dine. de ser så livat ut! Skikkelig med glimt i øyet, han åtteåringen...
    øvergutt, tror jeg han er... som jeg skulle kunne herja mye med!
    Men nå sier jeg god natt!

    SvarSlett
  7. JA, dette er lurt!også tek vare på fine papir og poasar som kan nyttast til nye pakker!
    Observant du! Som la merke til at eg skriv bøk og ikkje bøker! Vil nok ikkje røpe for mykje her på nettet men det ligg ikkje så langt frå der dei arrangerer Ekstremsport veko...seier det deg noko meir?

    SvarSlett
  8. Hei!
    Takk for koselige hilsener i bloggen min.
    Skulle ha svart deg for flere dager siden, men det har ikke blitt....
    Du spurte om jeg lager slike skjerf på bestilling.
    Har hatt en forespørsel om det tidligere også.
    Jo, jeg kan gjøre det.
    Skjerfet kommer da til å koste ca 500,- litt avhenging av hvilket garn du velger. Jeg har heklet i et garn som er 50/50 ull/bomull. Nydelig kvalitet på det. Ca 100,- i material, resten arbeidspenger.


    Kjempelurt med resirkulering på innpakningen.
    det ble lekkert!

    Kommer tilbake og kikker mer i bloggen din. Nå venter og maser minstemann på meg...... so long!

    SvarSlett
  9. Imponerande!!! Utrulig tøft. Du e ei inspirasjonskilde...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!