torsdag 24. juli 2008

Når sommarlukka er nærare enn ein trur...

Ein treng ikkje reise langt for å finne sommarlukke, vakre badestrender og ro i sjela. Vi utforska vår eigen kommune i dag, og tok turen til eit av dei ytre stroka. Vi ville sjå fine steinar, vasse på deilig sand og kose oss med god niste. Alt klaffa!
Johan og Ida var straks igong med å finne steinar å ta med heim. Pappa og Sina observerte frå sidelinja. Det var trygt på pappafanget når storebårene slo mot land.


Bølga har gjort sitt, og havet trekk seg tilbake. Johan kosar seg!


Vakre steinar fann vi overalt. Etter vår vesle steinsafari lokka badestranda. Sina nyt å få leike i den kjølige sanden.


Små, søte barneføter...
Av og til måtte føtene kvile litt i sanden, andre gongar lyfta pappa sine trygge armar småfotane høgt til vèrs!

Frådande, kaldt, skummelt, spennande, fascinerande, hysterisk morosamt.

Det var mange rare krumspring å sjå på sanden denne ettermiddagen!


Storegull og smågull.

4 kommentarer:

  1. Så herlige bilder du har på bloggen din. Det ordtaket om roser i spukken kopp - hvor er det fra? Det var jo bare nydelig... Hanne

    SvarSlett
  2. Eg ser at dokke har hatt ein fin dag i sola dokke også:)
    Nydelege bilde av ungane dine, og dei små Sina-fotane som kosar seg i sanden! Du tek visst meir bilde enn meg du:) :)

    SvarSlett
  3. Å for noen flotte bilder på stranda - det er noe eg savner her inne i fjorene
    Lite med badestrender og saltvann her - men vi har da mye anna :)
    Smil fra monika
    ps- går det greit at eg legger deg til i mine favoritter ?
    Smil fra monika

    SvarSlett
  4. Så fin dag dere har hatt! Sol tilogmed.. Her har vi ikke sett fjelltoppene. Tåka har hengt over fjelltoppene...
    Syns det forrige innlegget ditt også var koselig. Når ungene er med på sånne ting får de verdifulle minner å ta med.
    Flott rosentre du hadde fått :))

    Ønsker deg Guds fred! Gode klemmer fra Nunne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!