torsdag 12. april 2012

Rekonvalesens ♥

{ av re- og lat. 'bli frisk'), det tidsrom en pasient trenger for å gjenvinne krefter og arbeidsevne etter at selve sykdommen er overvunnet. Rekonvalesenten bør f.eks. hvile meget og ofte, få trinnvis opptrening, ekstra god ernæring osv. }

rekonvalesens

Det er altså det alt handlar om; å verte frisk. Gjenvinne krefter. Fort. Ein har vel sjeldan tid til å vere pasient. Men av og til må ein berre. Om ein skal verte frisk. Fort.

IMG_8198 copy

Etter to år med uuthaldelege smerter i ein fot, fekk eg endeleg operere i går. Eg har ikkje venta på operasjon så lenge, men har brukt tid på å finne ut kva som har vore gale og kva som kan vere det rette å gjere. For å gjere ei lang historie kort, så har ein kronisk senebetennelse endeleg fått takka for seg.

rekonvalesens1

Eg grudde meg til operasjonen, men det var heilt utan grunn. Helse-Noreg viste seg frå si beste side og kunne ikkje ha fått betre stell, pleie, omsorg og behandling. I løpet av ein halvtime vart alt gjort og eg fekk servert smørbrød, kaffi og god prat på venteromet etterpå.

IMG_8206 copy

Sjølv om det er uvant å humpe rundt på krykker og vere avhengig av andre for å kunne gjere alt ein har lyst, så er eg strålande nøgd med rekonvalesenstida så langt. Eg har ikkje hatt smerter og alt går som det skal. I går kveld kom mamma og pappa på besøk med skjønne “bli bra”-roser og nyplukka kvitveis. Det kunne ikkje ha passa betre! Det gjer godt med omsorg og omtanke…♥

rekonvalesens2

Så no sit eg her, med beina høgt og alt eg treng rundt meg. Jentene pusla rundt meg i går og laga til eit lite bord eg kan ha attmed godstolen. Minstemor sprang på badet og henta ei lita korg som eg kunne ha alle “dei viktige tinga” mine i; mobiltelefon, lypsyl, nasespray, bok, fjernkontroll og kabelen eg brukar mellom kamera og datamaskin. Under bordet sette dei ei korg med favorittblad og aviser, datamaskin, kamera og strikketøy. Desse jentene kjenner meg godt…♥

rekonvalesens3

For nokre dagar sidan avslutta eg ein strikka hals i det nydlegaste garn frå “Du store alpakka”, og måtte rett og slett ha garn til ny hals i ein annan farge. Eg var på jakt etter petrolfarga garn, men fann ikkje den fargen eg ville ha. Då foreslo den dyktige strikkebutikkdama at eg skulle ta to fargar som slettes ikkje såg ut til å harmonere, i to ulike sortar garn – og bruke dei i lag! Skepsisen min forsvann fort og eg er svært nøgd med fargekombinasjonen! Eg strikkar med Plumet (tynt og loddent) og Kitten Mohair frå Sandnesgarn (mjukt og fluffy). Sjølv om vi går vår og varmare tider i møte, er det alltid godt med noko varmt rundt halsen når ein sit ute ein sommarkveld!

Blir glad om du kikar innom meg her på bloggen av og til. Kommentarar gjer meg kjempeglad for tida!

Ynskjer deg ein

strålande dag der du er!

14 kommentarer:

  1. Du har ein nydeleg fin blogg, Tove, og du er så flink til å skrive!. Eg er ofte innom og kikar,utan å legge att spor : ) I dag vart eg litt nyfiken på operasjonen din. Ikkje sikkert du vil ut med det her, men kva nøyaktig er det du har operert? Eg har operert begge leggar for seneskjedebetennelse (to gongar i kvar fot), og berre lurer på om det er det same du lir av?
    I alle fall ønskjer eg deg god og rask betring : )

    Klem frå Hild

    SvarSlett
  2. Hei Tove! Du har ein nydeleg fin blogg - og du er så flink til å skrive! Eg er innom i ny og ne, men då utan å leggje att spor. I dag vart eg litt nyfiken på operasjonen din. Det er ikkje sikkert du vil ut med det her, men kva slags operasjon er det du har teke? Eg har operert begge leggar (to gonger i kvar fot) for seneskjedebetennelse (losjesyndrom), og berre lurer på om det kan vere det same du har?
    Uansett, eg ønskjer deg god og rask betring.
    Klem frå Hild

    SvarSlett
  3. Så flott at du er operert og snart kan slippe smertene. Nydelige bilder du tar, jeg elsker også blåfarger, i alle nyanser;) Fortsatt god bedring, klem:)

    SvarSlett
  4. God betring! Det er berre å ta tida til hjelp, så sping du snart rundtigjen! Kikk gjerne innom min ganske nye blogg, inspirert av mellom anna deg, skriv eg nynorsk. Kirsti

    SvarSlett
  5. Så flott at du er fornøyd med operasjonen og at den har hjulpet deg! Snille barna dine som pusler rundt mor :) Ha en fortsatt god bedring!

    SvarSlett
  6. Hei Tove. Ja eg skal ha ein konsert på dei nynorske festspela den 29 juni. Det er ein vokal trio som kallast FODNE. Velkomen skal du være hvis du har tid og lyst. :-) åsne

    SvarSlett
  7. For noen herlige jenter du har:) Deilig å bli oppvartet litt. Og nydelige blomster.

    God bedring til deg:)

    SvarSlett
  8. Hei Tove :)
    Så flott at du har fått operert og at
    den hjelper det på beina igjen :) Ikke
    godt å gå rundt ha ha det slikt nei...
    Ønsker deg masse god bedring ღ og ha en
    fin fredag og helg - ps! nydelige bilder
    her også. Har sittet å tittet litt her
    hos deg og kost meg ღ Stor klem fra Mette

    SvarSlett
  9. Godt at operasjonen er unnagjort, og at alt gikk fint!!
    Rekonvalesensen går nok lettere når du har skjønningene dine som pusler rundt deg. Ønsker deg en strålende fredag Tove:)

    SvarSlett
  10. Jeg blir helt varm om hjertet når jeg leser om jentene dine
    - så herlige!
    Så flott at du har fått operert foten og at alt gikk bra!
    Nå skal du bare konsentrere deg om å bli helt frisk :)

    Takk for hyggelig kommentar om kjøkkenet vårt - gjett om det er deilig med en skikkelig forandring og oppgradering :) lykke!

    Masse god bedring til deg og god helg,
    klem

    SvarSlett
  11. Dei små har gått i god lære skjønner jeg:))) Forsatt god bedring i stuen og at du snart hopper rundt igjen:)))

    SvarSlett
  12. Er ofte innom og les, men er ikkje alltid like flink til å kommentere. God betring! Håper foten ordnar seg fort;-) Ha ein fortsatt fin søndagskveld.
    -Anette.

    SvarSlett
  13. Er ofte innom og les, og du er så flink å skrive. Eg er desverre ikkje alltid så flink å kommentere.
    God bedring med foten!:-) Ønsker deg ein flott søndagskveld vidare.

    SvarSlett
  14. God bedring! (:

    Ser at du leser Snøbarnet for tiden.
    Den står i bokhylla mi her også.
    Begynner på den, om ikke så altfor lenge.
    Liker du den? Er det en god bok?

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!