Av og til går dagane så altfor fort og har altfor mange gjeremål. Nokre dagar oppheld vi oss meir i bilen og på kunstgrasbaner enn vi er heime. Og når vi fyrst er heime så er det for å skifte kle, sakspapir eller ungar!
Kva middagsmenyen består av slike dagar tør eg nesten ikkje seie. Det viktigaste er at det kan lagast og etast i løpet av 20 minutt. I dei same 20 minutta skal to ungar gjere lekser og ei lita skal underhaldast for ikkje å sovne. Dei eldste må i tillegg ha skifta til treningskle i løpet av same tidsromet.
Hus og heim har sjølvsagt ikkje høg prioritet i slike perioder. Alt som heiter blogging er vekkprioritert. Det har det med å hope seg opp med både kle, rot og husarbeid som burde ha vore gjort. Når kvelden kjem og alle transportetappene og gjeremåla er unnagjort, er vi så slitne at vi ikkje ser kva som burde ha vore gjort likevel. Eg tvilar på vi er dei einaste som har det slik. Det er mange travelt opptekne familier rundt omkring i Noregs land. Familier som står på for fellesskapet og ungane sine, som stiller opp på dugnad og kakebaking. Som køyrer andre og eigne ungar att og fram for å oppleve idrettsglede eller for å berike kulturlivet. Misforstå meg for all del rett; eg meiner ikkje at det einaste rette og beste er å fylle ungane sin kvardagen med eit utal fritidsaktivitetar. Vi må ikkje gløyme verdien av å vere i lag med ungane og gå i skog og mark, lære dei å fiske eller setje seg ned i lag med dei og teikne eller lese bøker. Dei aller fleste har vel litt av alt, vil eg tru.
Av ein eller annan grunn er eg typen som seier meir ja enn nei. Ofte til besvær, men aller mest til glede! Heldigvis klarer eg å kople ut mellom slaga. Eg toler at oppvasken står medan eg er ute med ungane. Eg kan godt la kleshaugen vente til neste dag og heller strekke på beina i sofaen. Alt blir gjort likevel – på eitt eller anna tidspunkt! Og medan vi i perioder bur i bilen og køyrer ungane våre på fritidsaktivitetar, sender eg ei stor takk til alle som står på og gjer frivilleg arbeid for at ungane skal få gode opplevingar og innhaldsrike fritidstilbod!
Her er eit bilete av frøken midtimellom frå forrige helg, då vi var på cup og var tilskodarar og heiagjeng for forballaget til eldstemann.
Den fantastiske lemonaden på bileta kjøpte eg på den eineståande interiørbutikken Herlighet på Moa. Lemonaden er musserande og utruleg leskande når den er kald! Det blir ikkje lenge til eg må setje nasen utover att for å kjøpe fleire flasker! Sjølve flaska er super til gjenbruk, sjølvsagt!
I helga skal vi på “Utsikten gard” gjere absolutt ingenting! Vi skal kose oss i sola, drikke lemonade i skyggen og kose oss i lag. Minna om dei hektiske dagane skal gløymast og erstattast med noko som er mykje betre!
God helg ynskjer eg til alle ♥♥♥