mandag 17. januar 2011

One of those days…

Minstesnuppa er ikkje heilt i form i dag…

kos

Ho var litt slapp og ute av seg i heile går og har sove dårleg i natt. Mammahjartet vart uroleg og forstod nok kva som var på gong… I dag vakna ho med stygg hoste og rennande nase.

kos1

Då var det berre å innta sofaen, smokken og kosedokka. Vi får halde oss innandørs eg og ho i dag. Ta det med ro og lese bøker, sjå på barne-TV og ta att tapt søvn frå i natt.

kos2

Ho skulle mykje hellar ha vore i barnehagen og eg skulle helst ha vore på jobb, men vi måtte prioriter annleis i dag.

kos3

Precious child

♥♥♥

You are a wonderful creation,

special in every way.

You make our life

happy and meaningful.

We are so blessed to have you

in our lives…..

5 kommentarer:

  1. Ekje kjekt når bonnja verte sjuke. Men me kan vel ikkje vente anna med det veiret me he akkurat no

    Varme solbærsaft å banan gjer det litt beire :)

    God bedring! :)

    SvarSlett
  2. God bedring til vesle snppa:-))

    SvarSlett
  3. God betring! Her har 17-åringen vore sjuk i dag, og det er visst stort fråver på vidaregåande. Det høyrer vel med til årstida.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!