fredag 7. januar 2011

Ja visst er det pizza!!!

Fredag er stort sett pizzadag her i heimen. Vi snakkar ikkje Grandiosa eller kjøpepizza, men trauste heimebaka greier!

pizza

Eg forstår godt at ungane lurte då dei såg alle grønsakene eg heldt på å hakke opp, og lurte veldig på om eg verkeleg hadde tenkt å ha grønsakssuppe på ein fredag! Det er berre det at når ein ryddar jula ut, så er der også restar i kjøleskapet som treng å ryddast ut! I dag laga eg ein “ta det du har”-pizza, og det vart utruleg godt! Eg laga heilt vanleg pizzadeig og som topping brukte eg : kokt skinke, cherrytomat, raud løk, paprika, purre, Cheddar, Jarlsberg og Norvegia!

pizza1

Fyrst eit lag med herleg pizzasaus, så nokre nevar ost, deretter alle ingrediensane og litt ost på toppen til slutt!

pizza2

Før eg steikte den risla eg over litt god olivenolje og strødde over litt Maldonsalt.

Eg treng vel ikkje seie at det

smakte fortreffeleg???

Det vart baka litt ekstra i dag som skal få fylle magane til dugnadsfolket i huset til bror min! Så blir det ein god kveld for arbeidskarane òg!

7 kommentarer:

  1. No vart eg svolten :-)

    God helg!

    SvarSlett
  2. Kjempegodt med heimelaga pizza. Her i huset vart det hjortebiff i dag. Fløtepoteter, soppstuing og heimelaga marinade. Kjempegodt! :)

    God helg til deg og dine :)

    SvarSlett
  3. Åhhh dinna såg god ut du - artig å prøve litt nye ting på pizzaen. Prøvde med ansjos mosa i tomatpure og litt rømme sin liksom skulle vere så godt....men det var det altså IKKJE!!
    Men ei gulrot snitta med ostehøvel og surra litt ilag med løken og kjøtdeig....fortreffeleg:-))
    God helg
    jannetove

    SvarSlett
  4. Flott pizza! Skal prøvast!
    17-åringen laga pizza då eg kom heim i dag. Ein har att for opplæring!
    Han brukte karbonadedeig(utan å steike først, det går bra) og rå lauk.
    Eg steiker pizzaen rett på plata som eg har smurt med olivenolje.

    SvarSlett
  5. Hei :)

    Den så veldig god ut da...

    Ha ei fortreffelig helg :)

    klem

    SvarSlett
  6. STEIK!!! ditta såg godt ut :)

    SvarSlett
  7. DEILIG!! :) Tusen takk for herlig inspirasjon skjønne deg.

    Håper dere får en flott helg, noen spennende planer kanskje? Her er det 1års dag på trappene, 1 uke før, men pappaen reiser på nordsjøen til uka.

    Det blir en stor dag!

    Godklem Jorid

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!