mandag 26. juli 2010

Personleg almanakk? Ja takk!!!

Som lærar er ein nøydd å halde orden på dagar og veker, karakterar, vurderingar, møter og mykje meir. Ei bok til å putte alle desse opplysningane i er absolutt naudsynt!

IMG_3695

Forrige skuleår hadde eg ei stor, svart bok i A4-storleik. Der var god plass til skrive og tilpassa lærarar. Men du verden så ; upraktisk… Ikkje fekk eg den i veska mi, den var tung, den var vanskeleg å finne fram i og sist, men ikkje minst; den var kjedeleg og trist.

IMG_3692

No var eg budd på å bruke sommaren til å tråle butikkane etter den rette almanakken! Ein liten sveip innom denne koselege bloggen ein sein kveldstime sparte meg den jobben! Ho fortalte nemleg om det svenske firmaet “Personleg almanacka”. Både bileta av dei ulike almanakkane og konseptet vann meg øyeblikkeleg!

IMG_3688

Her kan du gå inn og designe dei heilt personlege almanakk!!! Det var superenkelt å gjere det, og veldig mange artige val du kunne gjere! Eg sende bestilling, betalte online og så var det berre å vente. På ordren stod det at det kunne ta to veker før eg fekk den i posten, men allereie etter ei veke låg den i postkassa mi!

IMG_3698

Samanlikna med kva det kostar for andre almanakkar, så er prisen slettes ikkje avskrekkande. Eg betalte i underkant av 300,- og det inkluderte frakt og nokre ekstra duppedingsar som linjal, plastlommer o.l.

Personlig almanakk personleg almanakk1

personleg almanakk2 personleg almanakk3

personleg almanakk4

Desse bileta er brukt  med løyve frå “Personlig almanacka”. Eg vil anbefale desse herlege almanakkane til alle som enno ikkje har funne seg almanakk til hausten! Dei kan bestillast i tre ulike storleikar.

Eg er i alle fall klar til nytt skuleår!!!

6 kommentarer:

  1. Du verda kor arti. Eg kjem nok ikkje til å ta opp arven etter deg, for eg he fønne ei som passar meg og mine behov. Men d e godt å vere budd til lærargjerninga allereie midt i ferien!!!

    SvarSlett
  2. gjett om eg stupte inn på denne lenka umiddelbart og tinga til mi Åsa som skal begynne på vidaregåande skule til hausten! Så flott atte! Eg kjøpte ho forresten ein fin almanakk i KØbenhavn for ein månad sidan, men den må ho nok berre legge til sides no.... Takk for tipset!

    SvarSlett
  3. Supersøte de der!! Har kjøpt en sånn stor i a4 form jeg,MÅ ha en sånn til ukeplaner osv...
    Håper dere har en toppers ferie sammen hele gjengen der i vest!
    nattaklem♥

    SvarSlett
  4. Det gjeld å finne ein som høver for ein sjølv! Eg kan ikkje ha eit laust ark, arberdsplan eller ein lapp for den del, så alt vert limt inn i den store svarte, eller kva farge vi får i år ...

    SvarSlett
  5. Takk for tipset, denne kjem eg til å nytte meg av! Perfekt, rett og slett! :D

    SvarSlett
  6. Veldig flott Almanakk og godt å vere klar i god tid :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!