torsdag 29. juli 2010

Coming to a Theatre Near You…

Vi er så heldige å ha vår eiga underhaldningsavdeling i heimen vår. I går var det danseshow, teater og moteshow som stod på programmet.

Danse2

Minstesnuppa stod for det meste av underhaldninga og svinga seg i eine kjolen etter den andre. Songane som stod på repertoaret varierte frå Abba  sine kjende slagerar til Beyonce sin “Single ladies”.

Danse

Litt trøbbel med kjolen, men det opplever vel mange modellar under motevisningar!!! Ho har likevel forstått at uansett kva som skjer, så må ho gjennomføre med full overbevisning!

Danse1

Avslutningsnummeret i minstesnuppa sin konsert var “Mamma Mia”, som nok er ein av favorittsongane hennar!

Danse3

Frøken midtimellom hadde ei svært så teatralsk framsyning i William Shakespeare si ånd, noko som vekte stor begeistring blant tilskuarane!

Danse4

Etter endt forestilling måtte sjølvsagt dei involverte partane fram på den heimesnikra scena for å hauste applaus! Eldstemann var altmuligmann og hadde tallause oppdrag for dei krevjande aktørane. Han var ei viktig brikke i alle nummera og fekk stor takk frå minstesystrene!

♥♥♥

Takksame foreldre var rause med applausen og gler seg allereie til neste framsyning!

4 kommentarer:

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!