fredag 29. januar 2010

Ikkje heilt dagen…

Det er ikkje alle dagar som er like kjekke. Dagen i dag er ein slik… Stakkars lissje gullet mitt har vorte sjuk. Spysjuka har innteke heimen og Sina er fyrste mann ut.

030

Så i dag er eg og minstesnuppa heime. Vi gjer så godt vi kan for å ha det kosleg! Minstesnuppa har skjønt at potetskruar er reine medisinen når ein har spysjuka, og tek små musebitar av herlegheitene. No ventar vi berre på at pappaen skal kome att frå brøyterunda si med iskald cola til oss. Det skal visst også hjelpe…

035

Tulipanane har visst også takka for seg. Eg kjøpte dei forrige laurdag og dei hang faktisk med hovudet på søndag! Utruleg irriterande! Det var endåtil knoppar som ikkje opna seg.

037 

Det er likevel noko som er så sjarmerande med visna tulipanar. Dei har på eit vis takka for seg, samstundes som dei er vakre og stolte!

No skal eg og lissjegullet krølle oss ihop i sofaen og kose oss med formiddagsbarne-TV. Midt i all elendigheita må vi leite etter alt det gode! Tenk så deilig det er å kunne kose seg inne og kjenne dei små, varme hendene rundt halsen min! Nyte at tempoet er roleg, vèret er bra og at det kanksje ser ut til at snuppa har kvikna litt!

…og snart er det helg!!!

9 kommentarer:

  1. God bedring!
    Medisinen dere sverger til er en gjenganger hos oss også - selv nå, som jentene mine er 14 og 16 år.

    God helg!

    SvarSlett
  2. Riktig god helg til lille snuppa. Mine to yngste sleit med dette forrige helg. Trasig.
    Nydelige bilder du tar Tove. Nydelig!!!
    Ha ei best mulig helg!! KLEM

    SvarSlett
  3. Eg meinte riktig god betring til lille snuppa :) Og god helg også. Håpa ho friskna til snart.
    Klem

    SvarSlett
  4. God betring - noko av det verste er spysjuka når ein har små born. Då er det godt å ha potetskruar og cola til medisin. Så får ein ta med det positive i elendigheita - ein får eit pusterom frå ein elles så hektisk kvardag.

    God Helg og klem

    SvarSlett
  5. god betring og god helg! Krysser fingrene for at de andre slepp unna!

    SvarSlett
  6. Ein fin eigenskap du har som kan sjå det positive i dagar med spysjuke barn i huset! Ønskjer rask betring til veslejenta og god helg i heimen!

    SvarSlett
  7. God bedring til lisjejenta. Håpe resten av familien slepp unna.

    God helg til dokke! :)

    SvarSlett
  8. God bedring til lille jenta. Og håper resten av familien slipper syka.

    SvarSlett
  9. Huff, god bedring til minstesnuppa. Ikke godt å være syk. Slike tulipaner har jeg kjøpt før og, uten å skjønne helt hvorfor det blir sånn.
    Ønsker deg en fin helg.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!