Det har vore stor strikkeproduksjon i heimen i det siste! I løpet av knappe tre dagar har eg strikka tre huer, samstundes som eg har strikka på OL-gensaren til eldstemann. Det høyrest sikkert ikkje så imponerande ut for røynde strikkarar, men eg er godt nøgd med å ha klart det!
Det heile byrja med at eldstemann ville ha seg ei hue. Det gjekk sjølvsagt ikkje upåakta hen blant jentene i huset, så då var det berre å strikke til dei òg!
Rørande stolt eigar: eldstemann
Svært nøgd eigar: frøken midtimellom
Strålande nøgd eigar: minstesnuppa
Eldstemann skal få seg ei ny hue, for eg var ikkje heilt nøgd med fellinga på toppen av hua. Eg er heller ikkje fornøgd med blitsen på kameraet mitt for tida… Difor er bileta og fargane litt vel skarpe. Eg har eksperimentert med å legge eit kaffifilter framfor blitsen, og det hjelp ein smule.
Men sjølv om huene ikkje er fantastisk flotte å sjå til, så er eg SUPERNØGD med å finne så stor glede i å sitte med eit handarbeid! Og eg er superfornøgd med at EG har klart å strikke alt dette på så kort tid!
NEMLEG!
Jøss! Tar av meg lua og bukker!
SvarSlettRåflotte var de jo, flink du!
(her finnes det ikke strikketøy i huset...)
Ha en nydelig kveld.
Klem fra Helen
Synes luene var flotte jeg da .. tror ungene mine hadde blitt overlykkelige for hjemmestrikkede luer .. :o)
SvarSlettTror nok aldri de vil oppleve å få det - i dette livet .. hihi ..
Flink er du!!
Ha ei fortsatt fin uke!
Kommer innom en annen gang for å lese mer - er kjempelenge siden jeg var innom sist :o)
Nå er det natta!
All grunn til å vere fornøgd med eigen innsats! Huene er fine, og eg som er glad i fargar synest no også at fargane er fine trass i at dei ikkje stemmer med verkelegheita. Håper det går greitt med prestisjeprosjektet - -ol-gensaren - også:)
SvarSlettFLINKA! Tykte huene var flotte eg :o)
SvarSlettheia du....så flotte luer, åsså så flink du har vært....skikkelig dyktig og motor på pinnene....ha en strålende torsdag
SvarSlettDu kan NEMLEG være stolt av deg sjølv! Vert nok kaldare igjen, så huene trengst!
SvarSlettFlotte!!
SvarSlettFine farger! - og bra at blogger funker hos deg...det gjør den ikke hos meg! :-(
Jeg strikka luer i fjor - men minsten, da 8, nekta å bruke den... men jeg tok litt fleecestoff og fora dem akkurat som et pannebånd, rundt på innsiden - det ble godt og varmt!
For nokre flotte huer du har laga! :)
SvarSlettEg er sjølv nybegynnar i strikkeverden, og eg skjønna veldig godt at du er fornøgde med deg sjølv! :)
Kjekke blogg du har!
Ha ein forsatt finfin torsdag.
Ekje so nøye me kor fort alle hine strikka. Det viktigaste e at en kosa sej,og at en føle en meistra det. He for eksempel alltid trudd at ej aldri skulle lære mej å hekle...der tok eg grundig feil!
SvarSlett:-) det er berre å sette seg ned å prøve, det går som regel bra!
Synst huene va kjempefine!!
kor flinke du er ;)
SvarSlettog vi venta spent på bilder fra genserne
Smil fra monika
Heldige små som får sånne fine luer, du er kjempeflink!
SvarSlettEg kan ikkje å strikke noko særlig, og er derfor veldig glad for at eldstejenta no går "i lære" hos svigermor og snart er ferdig med sitt første strikkeprosjekt.
Kor flotte luer du har strikka!!! Eg likar godt dette garnet. Men eg har bare strikka labbar og vottar av det. Koselig.
SvarSlettKlem