onsdag 26. august 2009

Ikkje heilt basic med Basix…

Det kriblar i magen, stemmebanda slår krøll på seg og hovudet jobbar kontinuerleg med å pugge tekst. Fredag brakar det nemleg laust, den eineståande vokalgruppa Basix skal halde seminar i Ålesund, og damekoret eg syng i skal vere på scena ilag med dei og ta instruksjon på ein av songane deira. Vi syng nemleg Australien Spring i koret vårt, ein song dei deltok med i Grand Prix for nokre år tilbake. Gruppa Basix er på ingen måte “basic singing”, dette er avansert vokalsong!

Desse seks flotte karane skal alstå pirke på oss, sjå oss inn i augene og lokke fram dei flottaste tonar! Gjett om eg gler meg!!! Kor i alle dagar vi skal klare å konsentrere oss om instruksjonen og songen er ei HEILT anna sak… Songen vi skal synge er den du ser på videoen over!

Nyt!

5 kommentarer:

  1. Volda-tausa27/8/09 09:22

    Heldige er de! Eg skal høyre dei på Rokken i kveld :)

    SvarSlett
  2. Eg har sett og eg kar lytta og eg eg imponert over kva dei får til med stemmene sine, over presisjon både i rytme og tone, og eg kjenner at eg saknar damekoret som eg var medlem i... Det vart nedlagt for nokre år sidan fordi vi mangla dirigent. Ikkje at vi var eit særleg proft kor, men vi utvikla oss smått om senn, og vi hadde eit miljø som eg saknar. Kos deg i Ålesund, lukke til, er sikker på at du lærer mykje!

    SvarSlett
  3. åå, det vert sikkert kjempekjekt!!
    a capella er knall kjekt og utfordrende å syngje!
    Kos deg!

    SvarSlett
  4. God fornøyelse ,
    blir sikkert kjekt!
    (Såg nett ein film om deler av a cappelaens historie,
    den var fin, leiter etter linken no, kjem tilbake når eg finner den.)
    klem B

    SvarSlett
  5. Hei :)

    HVordan gikk konserten da.. hørtes nå spennede ut da .

    Ha en flott dag :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!