mandag 24. august 2009

Hausten sig på….

Den gode og varme haustkjensla kom over meg i dag. Den lune og varme dagen gjekk til ro med kalde drag i lufta. Framleis blå himmel ute. Framleis ikkje heilt mørkt.

Men likevel med eit drag av noko anna. Noko eg ikkje heilt klarer å setje fingeren på, men som er så kjent og så kjært. Og som gir meg ei fullstendig ro, sjølv om dagen har vore lang og hektisk.

   011

Så i kveld krølla eg meg ihop i sofaen. Blomane frå forrige helg pynta opp bordet ilag med levande lys.

009

Eg burde heilt sikkert ha gjort noko fornuftig. Vaska eit golv eller lagt ihop ein haug med kle. Flytta litt rundt på nokre planter kanskje, eller tømt oppvaskmaskina. Men akkurat i kveld vil eg heller strikke. Den vesle tantebabyen som kjem om kort tid vil heilt sikkert meine det er fornuftig disponering av tid. Stakkaren kan ikkje kome pleddlaus inn i verda!

012 

Det lilla pleddet ventar på meg. Når haustkveldane set inn for alvor, må eg ha gode pledd i sofaen. Det er golvkaldt i gamle hus, og eg likar ikkje å fryse.

Du skal få eit lite haustdikt med deg inn i denne vakre kvelden:

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.

***  Per Sivle  ***

018

Medan eg kosar meg med te og strikking, håper eg du nyt kvelden der du er!

Og hugs; hausten er ikkje slutten på ein herleg sommar!

Det er byrjinga på eit nytt og vakkert eventyr!

8 kommentarer:

  1. Takk for et flott innlegg fra deg. Et innlegg som setter fokus på nettopp det som skjer i naturen nå, når sommeren skifter navn til høst. Vi føler et streif av vemod. Men, som du sier det; Høsten er begynnelsen på et nytt og vakkert eventyr. :) Fine bilder fra deg også, så fint med de blomstene og lysene. Du får leserne til å finne roen inne på bloggen din.


    Innlegget om skolestart var også veldig treffende. Kari Bremnes' sangtekst illustrerte det så bra.

    :) Høstlig hilsen fra Hulda.

    SvarSlett
  2. JAaa, det er så deilig med høsten! (Alle årstidene har sin egen plass hos meg, men høsten kanskje aller mest!) Så koselig å bli tante!!! Det er et ekstra privilegium, enten i tillegg til egne barn, eller helt alene ;-) Kos deg med strikkingen!
    Cathrine

    SvarSlett
  3. heisann...hadde gledet meg til å se strikketøyet ditt:) ja, høsten er flott og jeg føler det slik som du skriver det...stearinlys, kanskje litt fyr i ovn...joda..høsten er starten på nye eventyr..takk du:!ha en vakker dag

    SvarSlett
  4. Høsten er flott, men jeg klarer ikke helt slippe tanken på at vinteren er det neste. Den liker jeg IKKE.

    Gleder meg til å få se det lilla baby-teppet.

    SvarSlett
  5. Hei :) for et flott innlegg.. kos deg med strikkinga og nyt sene høstkvelder fremover..

    SvarSlett
  6. Hei!

    For eit fint innlegg :-) Sjølv om vi går ei mørk tid i møte er hausten ei veldig koselig årstid. Å kjenne at haustkjensla kjem, at naturen blir full av flotte, varme fargar, at ein kan kose seg inne på mørke kveldar og at ein kan fornye litt både på interiør-fronten og kles-fronten er herlig! :-)

    Er fast lesar av bloggen din, og du skriv så fint! Har linka til deg frå bloggen min, håpar det er greit:-)

    Ha ein flott dag vidare!
    *Neewmee*

    SvarSlett
  7. Hei Tove! Koselig om du hadde tatt deg en tur til Bergen for å gå på teater.. Blir sikkert veldig kjekt! :o) Og historien om Annie må vi jo bare elske.. Skikkelig klassiker.. Er ikke alltid jeg tør å innrømme det, men jeg elsker høsten! Den første kvelden når det er litt sånn kaldt drag i luften..Da er det vakkert.. Og deilig å puste inn den "rene" luften.. Kos deg med strikketøy og levende lys! -Linda :o)

    SvarSlett
  8. Hei:)

    Kjempekoselig blogg du he då:)
    Hausten kan vere so mongt,men mest av alt e det ei kjempekoselig tid med masse lys og varme <3
    Og det du skreiv om å sjå dei små tinga,det e faktisk viktigare enn monge trur:) og altfor få som gjer akkurat det..kanskje ej e altfor opptatt av akkurat det.;)
    so husk at: Livet er en skatt som aldri kjem igjen..<3
    Ha ein fine ettermiddag-kveld:)
    Helsing Trude

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!