Huff, no er det lenge sidan eg har posta innlegg på bloggen…. Dei siste dagane har eg hatt meir enn nok med å sjonglere alle gjeremål og aktivitetar! No er det heldigvis ei litt roligare periode, og då kan eg slappe av og kose meg litt.
I dag har eg fridag og kosar meg heime ilag med eldstemann. Han fauk opp i feber i går ettermiddag, men har heldigvis hatt ei feberfri natt. Er mykje betre i dag, og det både gledar og beroligar mammahjertet…
Eg har vore litt effektiv på formiddag i dag, slik at resten av dagen kan brukast til hyggjelege ting! Eg er så heldig å skal verte tante igjen om nokre veker, så eg er i full gang med å strikke babyteppe! Det er vel ikkje ei stor overrasking at det blir ein liten prins….
Teppet er svært enkelt å strikke, men det tek litt tid. Målet er å verte ferdig til tantegullet kjem til verda, men om det blir litt forseinka så blir eg nok tilgidd… Det er så kjekt å sitte med eit strikk i fanget og vite at det aller skjønnaste på jord snart skal verte tulla inn i teppet!
Om teppet er enkelt og lite originalt, så veg garnet opp for alt det! Eg forelska meg fullstendig i dette garnet då eg kom over det på strikkebutikken! Det er blanding av babyalpakka og silke, og er så mjukt og godt at det nesten ikkje er til å tru!
Så medan Johan kosar seg med teiknefilmar på TV, skal eg sitte i sofaen og strikke til tantegullet! Når dette teppet er ferdig, skal eg rett til Volda og kjøpe meir garn. Denne gangen i sarte, skjønne rosafargar – til endå eit tantegull som kjem om nokre få månadar!
…og tusen takk til mamma som lyste opp dagen min med ein nydeleg liljebukett!!!
Det er så kjekt å vere bursdagsjente når ein vert hugsa på av kjende og kjære!
Ha ein fin dag, alle! Her regnar det trollkjerringar, men det kan faktisk sjå ut til at sola kanskje slår til med sitt nærvær i løpet av dagen!
Har du bursdag? I så fall: Gratulerer med dagen! Nydelige liljer.
SvarSlettDet ser ut til å bli et utrolig lekkert babyteppe. Jeg har stått og fingret med dette garnet gjentatte ganger, og har kjempelyst å strikke noe av det.
Men først skal jeg strikke en hettedress i dobbel alpakka til min ferske nevø Georg.
God bedring til sønnen din!
Pludrehanneklem
åh...bursdag? hjertelig tillykke...teppe blir aldeles nydelig,,,med ei vakker farge..det garnet er bare sååå godt å strikke av..ha en vakker dag, og go bedring hilsen te jr,,
SvarSlettGratulerer med dagen,Tove!! Nydelig teppe, garnet ser og høres herlig ut!! God bedring til go'gutten!!
SvarSlettKlem
Gratulerer så mye med dagen! Her i Bergen skinner til og med solen for deg :o) Fikk lyst til å prøve det garnet..så utrolig deilig ut! Ha en strålende dag! :o)-Linda-
SvarSlettHeisan - snuppa
SvarSlettGRATTIS med dagen ;)
Håpa du får ein fine dag - og at gutungen blir bedre ;)
Og det garnet såg jo knallgodt ut
klemma fra monika
Gratulere!
SvarSlettÅ for eit herleg garn...
Kvalitet er klokt..
Gratulerer med dagen! Et veldig kjekt teppe du strikker, i et aldeles fantastisk garn!
SvarSlettTil lukke med dagen, og lukke til med babyteppet! Fin farge, og kan nesten kjenne kor mjukt og godt det blir:) God betring til Johan.
SvarSlettHei :)Gratulerer med dagen:) så koselig da å få en slik fin liljebukett.. flott farge på den.
SvarSlettHelidig de tante gullet som får et slikt fint teppe:):)