torsdag 30. juli 2009

Det tek ca. to minutt…

… å lage verdens beste smoothies!

Tove, sommar 004

Du treng 1/2 banan, 1/2 eple, så mykje blåbær du måtte ønske (helst frosne), 5-6 isbitar, ein god dæsj blåbærsaft, eplenektar (så mykje du treng for å få ønska konsistens). Eg lagar den litt tynn dersom eg ynskjer noko leskande, og så blir han litt tjukkare om eg ynskjer noko mettande! Smak og behag!

Tove, sommar 007

Denne smoothies-oppskrifta snappa eg opp i Danmark, og har vorte min absolutte favoritt. Den heiter “Stay young”, og det vil vi vel???? I tillegg til å vere særdeles god, er den også ei energibombe!

Tove, sommar 011

Enjoy – my friends!!!

PS! Om du meiner at du sit inne med verdens beste smoothies-oppskrift, må du gjerne dele den med meg! Eg har nettopp kjøpt meg ein blender og er difor fersk i smoothiesfaget! På førehand takk!!!

5 kommentarer:

  1. Såg berre SÅ godt ut..
    Blender står frå no av på ynskjelista ..

    SvarSlett
  2. Eg er ingen ekspert, men eg lagar verdas enklaste i full fart (på den 'gamle' hurtigmiksaren min). Null sukker :-)
    1/2 - 1 banan, frosne solbær, blåbær el. jordbær, så mykje ein vil alt etter smak og behag, og ca. 2 dl biola naturell. Om ein vil ha den tynnare kan ein tilsette ein dæsj vatn.

    Har nettopp frose ned 4 liter ureinska solbær til å ha utover hausten/vinteren. Når dei er frosne dett rusk og stilkar lett av i handa før eg har dei i miksaren (og arbeid spart). Når nokon har vondt i halsen kokar eg dei, med stilk og det heile, til herleg solbærsirup.

    SvarSlett
  3. ...då kjem eg på smuuuthiiii....med blåbær....i helga!!!

    SvarSlett
  4. Den såg nydeleg god ut Tove. Nesten så eg får vatn i munnen. Dette må prøvast ut

    ha en fortsatt fin ferie

    SvarSlett
  5. Takk for deilig smoothie-oppskrift, den må prøvast snarast. Eg tillet meg å mase om oppskrifta på muffinsane du laga då lisje-pia di hadde bursdag...kunne du tenkje deg å legge ut den? Dei såg så gode ut.....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!