… å lage verdens beste smoothies!
Du treng 1/2 banan, 1/2 eple, så mykje blåbær du måtte ønske (helst frosne), 5-6 isbitar, ein god dæsj blåbærsaft, eplenektar (så mykje du treng for å få ønska konsistens). Eg lagar den litt tynn dersom eg ynskjer noko leskande, og så blir han litt tjukkare om eg ynskjer noko mettande! Smak og behag!
Denne smoothies-oppskrifta snappa eg opp i Danmark, og har vorte min absolutte favoritt. Den heiter “Stay young”, og det vil vi vel???? I tillegg til å vere særdeles god, er den også ei energibombe!
Enjoy – my friends!!!
PS! Om du meiner at du sit inne med verdens beste smoothies-oppskrift, må du gjerne dele den med meg! Eg har nettopp kjøpt meg ein blender og er difor fersk i smoothiesfaget! På førehand takk!!!
Såg berre SÅ godt ut..
SvarSlettBlender står frå no av på ynskjelista ..
Eg er ingen ekspert, men eg lagar verdas enklaste i full fart (på den 'gamle' hurtigmiksaren min). Null sukker :-)
SvarSlett1/2 - 1 banan, frosne solbær, blåbær el. jordbær, så mykje ein vil alt etter smak og behag, og ca. 2 dl biola naturell. Om ein vil ha den tynnare kan ein tilsette ein dæsj vatn.
Har nettopp frose ned 4 liter ureinska solbær til å ha utover hausten/vinteren. Når dei er frosne dett rusk og stilkar lett av i handa før eg har dei i miksaren (og arbeid spart). Når nokon har vondt i halsen kokar eg dei, med stilk og det heile, til herleg solbærsirup.
...då kjem eg på smuuuthiiii....med blåbær....i helga!!!
SvarSlettDen såg nydeleg god ut Tove. Nesten så eg får vatn i munnen. Dette må prøvast ut
SvarSlettha en fortsatt fin ferie
Takk for deilig smoothie-oppskrift, den må prøvast snarast. Eg tillet meg å mase om oppskrifta på muffinsane du laga då lisje-pia di hadde bursdag...kunne du tenkje deg å legge ut den? Dei såg så gode ut.....
SvarSlett