fredag 1. mai 2009

Karrige kår

    17.mai-tale 2009, Ørsta sentrum

Gratulerer med dagen, alle ørstingar og andre som måtte vere i Ørsta i dag for å feire nasjonaldagen. Det er ei stor ære for meg å få lov til å stå her i dag, og halde tale før kransinga av bautaen – tusen takk for at eg fekk lov til det!

For nøyaktig 195 år sidan hadde 112 menn på Eidsvoll nettopp skrive under Grunnlova, vår tids kanskje aller viktigaste dokument. Frå land og strand hadde dei kome til Eidsvoll for å vere med på det viktige arbeidet det var, å forfatte Noreg si aller fyrste grunnlov. I løpet av nokre få månadar klarte desse vyrde herrane å byggje ei grunnlov tufta på ideal som fridom, likskap og brorskap, og ikkje minst: kjærleiken til sitt eige land. Demokratiet vart innført i Noreg, makta skulle vere hos folket! Når vi står her i dag, 195 år seinare, er det demokratiet, sjølvstendet og rettane våre vi feirar – lat oss ikkje gløyme det!

Ja, lat oss ikkje gløyme rettane våre. Men lat oss heller ikkje gløyme ansvaret. Kanskje tek vi litt for mykje for gitt i dag. «Andre kan ta seg av det», «eg har ikkje tid», «eg har viktigare ting å gjere». Vi har alle unnskyldningane klare, når nokon spør oss om å ta i eit tak for fellesskapet. Kva er vel viktigare enn å få lov til å vere ein aktiv medspelar i lokalmiljøet? I fotballgruppa? I speidargruppa? I musikkorpset? I det lokale grendalaget? Vi kan vere medspelarar, vi kan få meiningane våre høyrde, alle er vi viktig brikker! La oss motbevise påstandane om at vi ikkje bryr oss, la engasjement og tiltakslyst vere viktige delar av kvardagen vår.

Mennene vi heidrar ved bautaen i dag, tok ingenting for gitt. Utan å tenkje seg om, ofra dei seg for fedrelandet, forlot kjende og kjære og gjekk ut i krig. Utan redsle. Utan frykt. Men med stort mot og med stort ansvar. Dei gjorde alt for å verne det dei var så glade i. Alt for å behalde det forfedrene hadde kjempa seg fram til i 1814: fridom og sjølvstende. Mange av dei kom aldri tilbake. Mange hadde gitt borna sine ein klem for aller siste gong. Mange gav livet sitt for det dei trudde på og for å beskytte sine kjære. Dei som var att heime opplevde å verte invadert av ein annan nasjon. Mange fekk kjenne på kroppen kva krigen sine grusomheiter kunne føre til.

Det skjedde her i Ørsta for meir enn 60 år sidan. Krig og øydeleggingar herjar diverre også i dag rundt om i verda. Med minst like stor grusomheit som det som hende her under 2. verdskrig. Også i dag – i 2009 - opplever familer å verte jaga på flukt vekk frå heimane sine. Vi har eit ansvar for å hjelpe og for å byggje opp – det er vårt ansvar å vere medmenneske! På same måte som folk kom heim frå krigen og bygde opp att levedyktige samfunn av det som bokstaveleg talt var ruinar. Eg vil rette ei stor takk til våre foreldre og besteforeldre sine generasjonar for den innsatsen dei gjorde.

Vi som har vakse opp fleire tiår etter krigen kan vel knapt berre ane kor mykje slit og strev som låg bak dette attreisingsarbeidet. Når vi veit at unikt samhald og fellesskap, og ei ukueleg vilje til å lukkast, var nokre av grunnane til at dei makta alt slitet – så skuldar vi dei å gjere ein innsats for fellesskapet vi er ein del av i dag!

Mykje av denne mobiliseringsevna og dugnadsåndahar vi i Ørsta klart å vidareføre heilt fram til i dag.

  • Vi ser det på 17. mai-arrangementet, både i Ørsta sentrum og ute på bygdene. Ingenting av det vi er så heldige å få vere med på i dag, hadde det vorte noko av, om ikkje det var for hundrevis av frivillege som har brukt fritida si på å stelle i stand til denne fantastiske folkefesten.

  • Vi ser det på Naturfestivalen, som også er avhengig av frivillege for å kunne levere eit godt arrangement.

  • Vi ser det på Hjørundfjorddagane, som er bevis på at små samfunn kan få til store ting.

  • Vi ser det når vi tek turen til friidrettsstadion og fotballbaner rundt omkring i kommunen, der hundrevis av born dagleg er i aktivitet – takka vere frivilleg innsats frå ansvarlege unge og vaksne.

  • Vi ser det ved ei heil rekkje arrangement og frivilleg dugnadsarbeid rundt om i kommunen.

Utan det frivillege arbeidet, stoppar Noreg opp! Det er faktisk ingen klisjè...

Siste åra har fleire triste hendingar prega lokalmiljøa våre. Også då er det frivillege hjelpeapparatet i sving. Takk til alle som ofrar av si gode fritid for å hjelpe til når sorga rammar blindt og hardt. Takk til alle som støttar dei som står igjen, som får grunnen riven under seg og som treng hjelp for å halde seg oppe. Takk for at det framleis er slik at nærmiljøet stiller opp, at naboar bryr seg om, at vener ikkje er redde for å ta kontakt og at vi alle tek dei ramma med oss i tankane – anten vi kjenner dei eller ei. Det er slik det skal vere og det er slik det må halde fram med å vere – men då treng vi at folk tek ansvar og viser engasjement.

Ørsta som kommune går ei spennande og lovande framtid i møte. Ikkje berre vert vi eit regionsenter, med Eiksundsambandet i eine enden og Kvivsvegen i den andre. I tillegg opplever vi at stadig fleire unge tek med seg familiane sine og flyttar attende til kommunen. Det skal opplevast godt å vekse opp i Ørsta kommune, det skal vere trygge rammer for både barnehage og skule, det skal vere jobb til dei vaksne og heile familien skal finne tilfredsstillande fritidsaktivitetar. Mykje av dette er allereie på plass, men der er framleis ein veg å gå. Vi som bur i Ørsta, og alle som kjem flyttande til kommunen kan vere med på å bestemme kvar denne vegen skal gå. Det er alltid kjærkome med nye tankar og idèar og andre måtar å løyse ting på. Eg vil invitere til brei deltaking i lokaldemokratiet, og då tenkjer eg særleg på ungdom og unge vaksne. Eg let meg stadig imponere over den flotte ungdomen som er i kommunen! Måtte deira engasjement og kamplyst vere til inspirasjon for alle som driv med frivilleg og politisk arbeid!

I dag er det ein strålande festdag – i morgon kjem kvardagen. «Ja, ja, så vart det kvardag att», seier vi ofte når vi møtest på jobb etter helga. Ein kan ha inntrykk av at kvardagen er mindreverdig, noko vi berre må igjennom for å kome oss til fridagar og helger. I løpet av eit liv er det kvardagar vi har flest av. Kvardagane er fulle av eventyr! Berre spør eit barn; dei kan fortelje dei mest utruleg historier om alt dei opplever i løpet av ein dag, dei skil ikkje mellom kvardag og helg. Kvardagane er flotte og undervurderte, og om vi klarer å sjå på dei litt meir gjennom born sine auge, vil vi stadig oppleve eventyrlege stunder.

Ja, i morgon kjem kvardagen! La oss omfavne den, glede oss over den og håpe at livet har mange fleire å by oss! Men dagen i dag skal også brukast godt, eg vil oppmode alle om å ta del på dei flotte arrangementa som eldsjeler har stelt i stand både i Ørsta sentrum og ute på bygdene!

La oss takke i dag, dei modige krigsheltane som aldri fekk oppleve å kome heim frå kamp. La oss takke alle kvardagsheltane som tek seg tid til å vere medmennesker og alle dei som gir av si gode fritid for fellesskapet.

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM BRYR SEG!

Tove Halse Digernes

Eg sluttar aldri å undre meg over skaparverket!  Dei vakraste, små under møter meg der eg minst ventar det.

005

Vi må berre bøye oss i respekt for løvetannen. Han veks i karrige kår, strekkjer seg mot sola .Han kjempar for livet og gir seg ikkje.  Blidt smiler den i mot oss og fortel oss alt som er å vite om styrke og pågangsmot.

011

Endå ein blome som har funne vegen opp mot lyset. Den står bak huset vårt og har vorte køyrd over av både gravemaskin og traktor. Likevel strekker den hals og nektar å gi seg!

002

Det er lengsel og draum i karrige kår.

Det er livsmot og seig vilje.

Om vi berre hadde hatt litt av all denne viljen...

løvetann

Om vi alltid hadde klart å halde rett fokus;

...å alltid strekkje oss mot lyset.

...å alltid sjå framover.

...å alltid vite kva veg som er rett å gå.

Om vi alltid kunne klare å nytte oss av dei moglegheiten vi har, utan å tenkje på alt vi ikkje har. Akkurat slik som løvetannen;

015

Han veks der han vil, og får forbipasserande til å undre seg over at det går an.

Takk, kjære løvetann, for at du lyser opp kvardagen min!

14 kommentarer:

  1. Det er ofte de små tingene som taler sterkest:)
    Gode poeng!

    SvarSlett
  2. Saa fint skrevet. Du skriver da veldig poetisk og vakkert!
    Ha en fin helg.
    Heidi.

    SvarSlett
  3. Hmmm...jeg sat å tenkte på den i dag i andre terminoligier...og det er vel derfor den blir brukt der, nettopp pga det du sier. Jeg også sier takk til den, og har alltid tatt det som et kompliment, når jeg har blitt sammenlignet med den;)

    Vakre bilder Tove!!!! Kos deg med alle dine:)

    SvarSlett
  4. Ja, takk til løvetanna, og til forfatteren...
    Den løvetanna på Operataket gav meg inspirasjon til en andakt igår.
    Den talte så sterkt til meg der den sto, om SRKITEKTEN som klarte å designe den flotteste pynten av alt, på operaen i Oslo. Med en sprengkraft så fantastisk at vi blir stumme...
    Jeg er stolt over å kjenne Han som skapte alle disse nydelige spirene. Og jeg er takknemlig for at noen i ei stresset tid som nå, opplever dette som et under..
    Gode løvetann, du er en velsignelse!

    SvarSlett
  5. ..du store..masse visdom inne hos deg min venn ;) vakre bilder også..ha ei super helg ;)likte opera-bildene dine også..skal til oslo på mandag..så kanskje det blir Operaen på meg også.....

    SvarSlett
  6. Du får, som vanlig, sagt det du.
    Jeg synes poppeloppe, som jeg kaller de, er nydelige å se jeg. Når de dekker en mark, tett i tett i små, gule soler, men jeg vil jo helst ikke ha de på min mark da. Og i vase duger de jo ikke, så...

    Tro om de blir kalt Poppeloppe fordi de popper opp som lopper. Hmmm...

    Kos deg i helga!
    Sol fra Tove

    SvarSlett
  7. og dette kaller dei ugras???

    SvarSlett
  8. Visdomsord !!
    Du har ein fin blogg, er innom rett som det er. Sukka sjølv over det vakre i ei eng full av løvetann idag, løvetanna er vakker, sjølv om vi ikkje er like glad i den i blomsterbeda våre

    SvarSlett
  9. Fikk reint dårlig samvittighet over at jeg luker de vekk jeg nå:)
    De er vakre i ei eng synes jeg, men som andre sier her så vil jeg ikke ha de i bedet mitt. Og at de klarer å sprenge seg gjennom min nylagte asfalt er også ei gåte!!!
    Nok en gang nyyydelige bilder Tove.
    Klem fra "byfrua";)

    SvarSlett
  10. Å så flink du er til å gi oss tankevekkarar. Nydelege bilete.

    Kos deg i helga med dine.

    alt godt frå sig

    SvarSlett
  11. Å våkne opp til duften av magnolia og jasmin hørtes himmelsk ut, det var helt sikkert vakkert for øyet også :o)Ikke noe rart du savne det!Har du studert der?

    Nydelig innlegg!!!!!!!!!
    Blir mere takknemmelig, ydmyk og tillitsfull av å ta seg tid til å legge merke til undere som dette....

    Varme klemmer,
    Vibeke.

    SvarSlett
  12. No har eg kosa meg med mange "nye" innlegg. Har vore veeeldig passiv på bloggefronten, så det blir nesten eit lite kikk å lese så mykje kjekt på ein gong!
    Kjempefint det nedanfrå-og-opp-løvetann-biletet ditt!! Likte det veldig godt :-)

    Og innkjøpet ditt av Ilse Jacobsen bluse minner meg på at eg ikkje hugsa å kommentere kor fin du var i den blusen du hadde på onsdag, på høgskulen. Det var ikkje denne, trur eg? Eller?

    SvarSlett
  13. Eg elsker lövetann. Den er som stor sol der står og lyser mot meg.
    Ungene liker dem og. At trykke den mot nesa på en annen og se hvor gul den blir av allt pollen er så morsomt.
    Så er det godt å blåse alle frön. Vilken unge som helst liker en lövetann, eller maskros som den heter på svensk.
    Stemorsblomst/pensè på svensk er og en som er seglivet. ser her og at den kommer opp over allt. Flotte blomster.
    Man blir glad av dem.

    Nå skal eg ut og se om eg finner flere blomster runt huset her.
    Klems og nyt söndagen.
    Synne.

    SvarSlett
  14. Ja!

    Ha ei framifrå veke!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!