søndag 3. mai 2009

Detaljar frå badet!

Eit deilig baderom skal ynskje deg varmt velkomen om morgonane, og berolige deg før du tek kveld.

015

Eg elskar gode såper! Dette såpestykket er berre mitt, og luktar mandarin. Det inneheld olivenolje og er svært god å vaske seg med. Vanlegvis vert eg tørr på hendene av såpe, men den er både pleiande og velluktande!

020

Eit lite hjørne på benken!

034 

Det er snart ni år sidan vi gifta oss,og dette biletet er eit av favorittane mine! Vi tok mange bileter med fotograf, men dei bileta mi gode barndomsvenninne Mette tok om kvelden, er eit studie i forelska blikk og harmoni! Det var tatt i sjøkanten medan sola gjekk ned i havet. Vi hadde hatt ein fantastisk dag, og hadde ikkje auge for andre enn kvarandre. Mette fekk ta så mange bileter ho berre ville, vi ensa henne nesten ikkje! Dette biletet har vi alltid hatt på badet (!), og det gjer godt å kike på det kvar dag!

036

Ikkje rart at dette hjørnet skaper stemning på badet!

050

Du lurer kanskje på kva dette er??? Då vi tok over huset var vi i kontakt med ein arkitekt som sa at vi kunne pusse opp og modernisere så mykje vi berre ville, men at vi for all del ikkje måtte fjerne dei gamle dørstokkane! Dette er dørstokken inn til badet vårt, og det sit mykje historie i treverket. Endåtil veslesnuppa har sett sine evige tusjmerker etter seg! I gamle dagar var det kjøken der vi no har bad, så mang ein sliten arbeidskar har trakka over dørstokken i håp om noko godt til middag. No er det nakne barneføter som trakkar over den same stokken, og eg kjenner eg er glad for at vi lytta til rådet frå arkitetkten...

 024

Handdukar i alle fargar og variantar! Her må det vere litt for ein kvar smak; noko rosa, noko blått og turkis og noko kvitt.

033

Ein liten pose med favorittsmykka i!

040

Ei lita kort til alle handdukane som skal til vask!

  047

Eg var så heldig å finne denne korga på ein av interiørbutikkane i bygda. Den stod heilt åleine for seg sjølv, utan prislapp!  Korga ville absolutt bli med meg heim, og eg fekk den for ein latterleg billeg sum! Heldig...

051

Etter eit besøk på badet, er det deilig å kunne smøre seg med ein god krem. Eg likar både lukta, konsistensen og innpakninga!

027

Småsnuppene sin badefrosk får æra av å takke for besøket!

Ha det på badet!

10 kommentarer:

  1. Sukkersøtt! Alt sammen.
    BEST var likvel BRUDEBILDET!

    SvarSlett
  2. Herlig bilde av deg og mannen!!
    Koselig på badet!
    Ha ei fin ny uke!:0)

    SvarSlett
  3. så mye fint du viser ikveld. slike dørstokker treffer meg rett i hjertet. blir kjempe glad når noen tar vare på gamle ting som inneholder så mye sjel.. herlig

    SvarSlett
  4. Heisan . for eitflott og RYDDIG bad du har ;-)
    Det har ikkje i - 3 bad her i huset - kaos alt sammen, iallefall nesten
    Men no er badet nede begynt å bli ferdig, iallefall har malerene begynt på det - og det blir bra

    gleda meg til badekaret komme inn at og ikkje står under trappa

    Hade på bade - smil fra monika

    SvarSlett
  5. Å kor vakkert Tove. Mange nydelige detaljar du viser.
    Vert kjekt å treffast imorgå.Men nå er det leggetid for meg :)
    Sjåast!!!God natt!!
    Klem

    SvarSlett
  6. For eit flott innblikk i baderoms kvardagen dokka. Nydeleg!!!

    Ha ei super veke i din kvardag.
    så skal eg prøve å ha det i min.

    mvh sig ;-)

    SvarSlett
  7. For en nydelig baderomsstemning du formidler. En liten pause i hverdagen!
    Hos oss er nemlig badet en kaossone som ikke akkurat minner om fred og harmoni.

    SvarSlett
  8. Takk i likeså Tove!!! Det var så koselig stund vi hadde i dag med koselig prat om alt mellom himmel og jord.
    Så bra at jakka og dukka fallt i smak:)
    Ha ei fin veke vidare!!! Klem

    SvarSlett
  9. det må en sei.. såg koselig ut! :-)

    Monica

    SvarSlett
  10. Koselig bilder fra badet Tove, ikkje minst det herlige brudebilde, det er sant som du sier, det kan bli vel oppstilt hos fotografen.
    Ha en fin kveld.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!