mandag 18. mai 2009

Eg er så utruleg glad...

...og takksam for alle flotte, rørande og positive kommentarane eg har fått på 17. mai-talen eg heldt i Ørsta sentrum på nasjonaldagen.

021 

I løpet av gårsdagen og kvelden strøymde det på med sms, e-post og helsingar på Facebook. For ikkje å gløyme alle dei flotte menneska som tok meg i handa, gav meg klemmar og gratulerte meg etter talen var ferdig.

Mange som ikkje hadde høve til å høyre talen, har spurt om eg kan vere så snill å legge den ut på bloggen  - og det gjer eg sjølvsagt gjerne! Men den er ganske lang, så det vart ei lita utfordring å finne ut korleis eg skulle gjere dette.... Løysinga vart å redigere eit tidlegare innlegg og putte den inn der. Så om alt går slik som eg har tenkt, kan du finne  talen min her. Den blir ikkje liggande så lenge, tenkjer at eg fjernar den om ei vekes tid.

022

Mi fantastiske bestemor på 93 år, inviterer til 17.mai-lunsj kvart einaste år! I år var det kakemat av alle slag og pølse med brød som stod på menyen! På bileta ser du minstesnuppa som let seg fascinere av dei nydlege tulipanane til oldemor. Ho forelska seg heilt i denne tulipanen! Kanskje det er fordi fargen stod så fint til kjolen hennar????

Eit nydeleg skue var dei i allefall, snuppa og blomen!

16 kommentarer:

  1. Det var ein tale som passa akurat til ei Tove som eg har lært å sette så utrolig pris på - flott å bry seg i kvardagen
    Smil fra monika

    SvarSlett
  2. Volda-tausa18/5/09 22:51

    Ein flott tale. All ros er velfortent :)

    SvarSlett
  3. En kjempefin tale til ettertanke. Jeg er, som deg, opptatt av at flere burde bidra til fellesskapet, og se på det som en gave å få lov å bidra. Og ikke minst likte jeg avsnittet: "Ein kan ha inntrykk av at kvardagen er mindreverdig, noko vi berre må igjennom for å kome oss til fridagar og helger. I løpet av eit liv er det kvardagar vi har flest av. Kvardagane er fulle av eventyr! Berre spør eit barn; dei kan fortelje dei mest utruleg historier om alt dei opplever i løpet av ein dag, dei skil ikkje mellom kvardag og helg. Kvardagane er flotte og undervurderte."
    Kjempefin tale, du er FLINK!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  4. kommentaren min forsvann..
    Kjempeflink du er! Flott tale og så modig du er! halde tale til heile folkemengda!!
    Søt snuppelupp!

    SvarSlett
  5. En nydelig tale! Den legger jeg meg på minnet!!!

    SvarSlett
  6. Vakker tale Tove, du skriv så utrolig godt, den var rørende, ekte og god. Litt til ettertanke for oss alle. Må si jeg savner Ørsta en sånn dag.
    Ha en strålende uke.
    <3

    SvarSlett
  7. Du er flink og modig Tove!

    Kjekt alt gjekk så fint denne dagen!

    Monica

    SvarSlett
  8. Takk for du delte den flotte talen din med oss som ikkje var i Ørsta også!

    Du hadde utruleg mange gode poeng, som vi har godt av å bli mint på mange, mange gangar!

    Ynskjer dokke ei herleg veke.

    SvarSlett
  9. FANTASTISK TOVE, men jeg forventet ikke noe annet heller;) Meget flott tale, med alle de viktige momentene...
    Signerer sammen med deg på snuppa og blomen:))

    SvarSlett
  10. Du er dyktig!
    Kjekt at folk har vit til å rose når det er på sin plass.

    mvh sig

    SvarSlett
  11. strikkebesta19/5/09 19:34

    Ein fin og velkomponert 17.mai-tale, artig å kjenne att fanesaka di om å ta vare på kvardagane, viktige ord i ein festtale! Eg er imponert over både formuleringsevne og mot! Det blir nok fleire høve for deg å få halde talar i framtida:)

    Nydelege bilete av veslejenta og tulipanen, trur nok du har litt å lære bort når det gjeld biletkomposisjon også.

    SvarSlett
  12. Kjempeflotte tale Tove. Det va ei tale som stend i stil med utviklinga å ikkje berre dreia seg om krigen og dei som aldri kom heim. det synest eg var det beste. me skal sjølvsagt aldri gløyme historia, men me skal heller ikkje gløyme samtida og framtida.

    TUSEN TAKK!!

    klem Asbjørg

    SvarSlett
  13. Anita Helen19/5/09 21:11

    Så flott tale du holdt :)

    SvarSlett
  14. Ikkje berre du som har fått tilbakemeldingar. Folk kjem også til meg, for å fortelje at talen din var den beste i Ørsta på mange år! *stolt*

    SvarSlett
  15. Kjempeflott tale, Tove! :D

    SvarSlett
  16. Kjempetale !!

    Elsker å holde taler ...e ganske god til det å..ikke noe jantelov her nei !!

    Sønnen gruer seg til konfirmasjonen sin..ha ha taler på snor til han.

    Tusen takk for kommentar snille tove.
    jeg ønsker deg og familien din en flott helligdag !!

    klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!