Ein strålande nasjonaldag nærmar seg slutten. Eg kan ikkje hugse sist vi hadde så flott vèr! Eg var så heldig å få halde hovudtalen i kommunen i år, ei oppgåve eg gjekk til med glede. Det var kanskje nokre sommarfuglar som svirra litt i magen før eg gjekk til mikrofonen, men dei roa seg fort...
Det har utan tvil vore borna sin dag i dag. Dei har vore i aktivitet frå morgon til kveld, og no søv dei sin djupast søvn. Ein dusj for å få bort is, ketchup, sand og godteriklisj måtte til, og så sovna dei med ein gong.
Ei trøtt, lita snuppa som måtte få kose litt i pappa sine armar...
Sina og søskenbarnet kosar seg i lag!
Her har ho bytta ut finekled med dongeri! Var ikkje så lett å leike med fotsid kjole...
Må berre få vise fram dette herlege biletet av eine tantegullet mitt! Har du sett slik glede???
Det er ingenting å utsetje på innsatsen! Frøken midtimellom gir alt, og er strålande nøgd med både seier og tap! Ser forresten at tidene endrar seg; i mi tid hoppa vi rundt i postsekkar!
Vel heime, og ein flink storebror passar på veslesystra si....
Vonar alle har hatt ein strålande dag, og at sola har nådd deg der du har vore.
No skal eg krype til køys, vel vitande om at dette har vore ein dag for minneboka...
Det så ut som en strålene dag ja, her i Rogaland hutra og frøys med i timesvis mens med stod og venta på barnetoget.
SvarSlettJeg var godt kledd under bunaden, men hva hjelper vel det mot en sur kald nordavind.
Men barnetoget var flott og hva gjør en ikke for våre søte små.
Så var det noen timer pause med kaffi å hjemmebakt, til vi igjen måtte gjennom flere timer kald vind, nå var det borgertoget og det er laaangt, så det ble lenge å vente ,på vår lille turnjente, , som svingte rundt med drillstaven sin og gjorde mange sprell for folket, heller svært lett kledd til stor bekymring for mormor;)))
Med nestemann var det litt bedre, han gikk for Sandnes håndballklubb og hadde noen mye tilpassene drakter i den kalde vinden, men sum summara det gikk jo greit, og ikke en eneste regndråpe lurte seg frem. Nå er det ny uke og nye gevinster, ha en fin dag.
Vel overstått nasjonaldag og tale! Dette var bilder til å bli i godt humør av, skjønne unger!
SvarSlettPlastsekker til sekkeløp er juks - du får tipse arrangøren om at striesekker kan kjøpes på Felleskjøpet (jeg har hørt at Posten er svært restriktige med å ha sekker på avveie...)
Ønsker deg ei super uke!
Pludrehanneklem
Ja vi hadde ein flott dag i går.
SvarSlettHerlige bilder du har fått tatt. Ser at alle kosa seg. Men nå er det godt med ei ny veke igjen. ønska deg fin ny veke
Klem
Vakre skildringar av vakre dagar :) Fekk dessverre ikkje med meg talen din, men får lese om den i avisa :)
SvarSlettFor nokre herlege bilder og for ein herleg dag! Trur dei fleste av oss nytta dagen til fulle, det gjorde ivertfall vi!
SvarSlettVar så vidt vi fikk jentene til sengs seine kvelden, skitne og lykkelige :)
Håpar verkeleg vi får fleire slike varme og solrike nasjonaldagar!
Det var mange flotte bilder fra dagen! Takk for at du deler de med oss lesere, virkelig inspirerende bildetaking=D
SvarSlett