onsdag 20. mai 2009

Berre ei lita pause fyrst....

Ja da, eg har tenkt å vaske til langhelga - men fyrst må eg ha meg ei lita pause. Har i løpet av siste timen handla litt kjapp middagsmat, forsynt husbond og ungar med kjapp middagsmat, skifta bleiar, kledd ungane, vaska dei reine for ketcup og sendt dei avgarde på fotballtrening.

052

No er det stille i huset. Akkurat stille nok til at eg høyrer fuglekvitter og vind som ruskar i trea ute. Akkurat stille nok til at eg får sortert tankane og lagt ein plan for kva ende eg skal byrje i. 

053

Må berre passe meg så ikkje tekoppen vert for god og planane for mange. Då er det ei viss fare for at eg blir sittande her. Skal berre nyte litt til. Kike meg litt rundt, finne ut kva for katastrofeområde som treng raskast tilsyn.

Det er vel berre å setje i gong...

4 kommentarer:

  1. Det er bare SÅ godt å ha litt ro rundt ørene av og til. Pass på at du ikke blir for vidløftig i vaskinga - du skal jo ikke slite deg ut til helga ;-) Her er ambisjonene av og til å holde helserådet unna, hihi.

    SvarSlett
  2. Det er litt godt med eit pust i bakken, ei stund aleine.
    Sortere og prioritere.

    Kva eg VIL gjere og kva eg MÅ gjere er sjeldan det same.
    Men godt når det er gjort :)

    Ha ei fin langhelg!

    SvarSlett
  3. som æ sku ha sagt det sjøl....sku ha gjort mye men tar å venter litt....flott innlegg...ha en flott pause:)

    SvarSlett
  4. Husarbeid er et utakknemlig arbeid. Det blir ikke lagt merke til når det er gjort, men det blir lagt merke til når det ikke er gjort. Jaja, det gir nå den som har gjort jobben en deilig følelse og en bedre start på helgen. God langfri. Klem fra Jannicke

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!