fredag 10. april 2009

Ut på tur...

Vi er heldige som har naturen rett utanfor stovedøra. Fjell, sjø og vatn - frå tare til tind på nokre få minutt! Familien vår er trivast best i fjøresteinane når det er påske.  For oss er  påskestemning knitrande bål, kaffi på termos og lyden av bølger som slår mot land.

024

I går pakka vi nistekorga og køyrde til eit nærliggande vatn. Det var sol og regn om ein annan, men det sette ikkje dempar på påskehumøret!

025

Vatn har magisk tiltrekkingskraft på born.

031 033

Minstesnuppa kosa seg med påskemarsipanen medan ho stabba rundt i vasskanten.

028

Husfrua slappa av på ein stein og kosa seg over å sjå kor fint ungane leika seg!

  040

Fantastiske formasjonar i berget, forma for tusenvis av år sidan. Ungane likte godt å høyre om då pappa var liten gut og sprang berrføtt over desse berga.

 042

Ein trebit, ein kjepp og ein tråd er alt som skal til for å skape minner for livet.

043

Dette naustet hadde opne dører i begge endar, og var eit skattkammer for ungane. Husbonden klarte heller ikkje å styre nysgjerrigheita...  Og vi la alt fint på plass etter oss!!!

045

Minstesnuppa fann ein spark i vasskanten!!! Sikkert nokon som har brukt den medan isen låg tjukk og trygg på vatnet, men som har gløymt å ta den med heim. Den gjorde susen for ei som trengte å kvile trøtte bein!

050 052

Ein attgløymd badering lokka fram lysta til å bade. Vær så snill, mamma...???

053  055

Ok, så får eg gi med då, mamma...

054  057

Får heller leite fram baderingen når det vert varmare i vèret!

060

Så lenge der er sand, er der liv! Ungar treng ikkje all verdens flotte leiker for å ha det moro!

063

Ein neve med sand kan skape mykje lukke.....

061

... men lukka er kanskje størst når dei små steinane treff vassflata og spruten står rett til værs!

2 kommentarer:

  1. Dette er også påske....ser du noe til minstejenta mi som er i nærleiken???? her er det rolige dager..nå skal jeg ta med kamera ut en tur..god påske!!

    SvarSlett
  2. Maj Britt10/4/09 23:21

    Hmmm, såg merkeleg kjent ut der. Trur jammen eg har sprunge berrføtt over "badeberget" der eg også :-)
    I Selje har vi hatt 15' idag, då er det rett og slett deilig å vere ute. Nesten så vi ikkje vil innatt. God påske til deg og dine kjære venn... Stor klem.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!