Vi er heldige som har naturen rett utanfor stovedøra. Fjell, sjø og vatn - frå tare til tind på nokre få minutt! Familien vår er trivast best i fjøresteinane når det er påske. For oss er påskestemning knitrande bål, kaffi på termos og lyden av bølger som slår mot land.
I går pakka vi nistekorga og køyrde til eit nærliggande vatn. Det var sol og regn om ein annan, men det sette ikkje dempar på påskehumøret!
Vatn har magisk tiltrekkingskraft på born.
Minstesnuppa kosa seg med påskemarsipanen medan ho stabba rundt i vasskanten.
Husfrua slappa av på ein stein og kosa seg over å sjå kor fint ungane leika seg!
Fantastiske formasjonar i berget, forma for tusenvis av år sidan. Ungane likte godt å høyre om då pappa var liten gut og sprang berrføtt over desse berga.
Ein trebit, ein kjepp og ein tråd er alt som skal til for å skape minner for livet.
Dette naustet hadde opne dører i begge endar, og var eit skattkammer for ungane. Husbonden klarte heller ikkje å styre nysgjerrigheita... Og vi la alt fint på plass etter oss!!!
Minstesnuppa fann ein spark i vasskanten!!! Sikkert nokon som har brukt den medan isen låg tjukk og trygg på vatnet, men som har gløymt å ta den med heim. Den gjorde susen for ei som trengte å kvile trøtte bein!
Ein attgløymd badering lokka fram lysta til å bade. Vær så snill, mamma...???
Ok, så får eg gi med då, mamma...
Får heller leite fram baderingen når det vert varmare i vèret!
Så lenge der er sand, er der liv! Ungar treng ikkje all verdens flotte leiker for å ha det moro!
Ein neve med sand kan skape mykje lukke.....
... men lukka er kanskje størst når dei små steinane treff vassflata og spruten står rett til værs!
Dette er også påske....ser du noe til minstejenta mi som er i nærleiken???? her er det rolige dager..nå skal jeg ta med kamera ut en tur..god påske!!
SvarSlettHmmm, såg merkeleg kjent ut der. Trur jammen eg har sprunge berrføtt over "badeberget" der eg også :-)
SvarSlettI Selje har vi hatt 15' idag, då er det rett og slett deilig å vere ute. Nesten så vi ikkje vil innatt. God påske til deg og dine kjære venn... Stor klem.