fredag 10. april 2009

Påskealibi...

Eg har i eit tidlegare innlegg sagt at eg ikkje er ein påskepyntar. Heilt greinalaus er eg likevel ikkje.

Men det skal vere enkelt. Naturleg. Personleg. Tidlaust.

Og ikkje for gult.

015

Nokre påskespel er gule. Scrabble for barn har knallgule brikker.

019

Den grøne plastduken med prikkar  eignar seg godt som påskeduk og speleunderlag!

008

Gule tulipanar - kvar og ein eit lite mirakel.

  069

Denne flotte mugga hadde farmora mi tenkt å kaste. Eg tok den inn i varmen med ein gong, synest den er utruleg flott!!!

072 

Mugga er i hardplast og har skjønne blomsterdekor nederst. Du skjønar vel at eg ville ha denne??? Nok ein eignalut frå farmor si skattekiste. Kanskje ikkje verdt så mykje i kroner og øre, men ubetaleleg i minner og nostalgi...

074

Ei god venninne og kollega forbarma seg over meg og kjøpte meg litt påskestæsj! Denne lyslykta med matchande favorittar var noko av det som låg i pakken! Tusen takk, snille du....

075

Det er ikkje naudsynt med flotte blomebukettar frå Floriss eller Mester Grønn i mitt hus! Ein bukett blåbærlyng, plukka av små barnehender gjer susen!

078

Ekstra flott vert det sjølvsagt når blåbærlyngen får selskap av ein tulipan!

080

Masseproduserte kyllingar passerer sjeldan nålauget her i huset. Slike sjarmørar derimot, vert ynskte velkomne umiddelbart!

081

For ikkje å snakke om denne sjarmøren! Det gjekk ei stund før eg oppdaga at det er minstesnuppa sitt handavtrykk som utgjer kroppen til kyllingen - ser du det??? Slikt rører sjølvsagt eit morshjarte...

084

Dette er også ein slags påskepynt! Strikket har vore med meg gjennom tjukt og tynt gjennom heile påskeveka og skal til slutt verte ein gensar til minstesnuppa!

005

Eg vil med dette ynskje ei framleis god påske til alle mine trufaste blogglesarar! I kveld er eg og husbonden inviterte til gode vener på middag. Frøken midtimellom og eldstemann er på hyttetur med eitt sett besteforeldre, medan minstesnuppa skal nyte full merksemd frå det andre besteforeldreparet!

God påske til deg og dine - skap gode minner!

6 kommentarer:

  1. Så koseleg blogg du har. God påske til deg og:)

    SvarSlett
  2. Ja, dissa kyllingane somdei laga i barnehagen var berre kjempesøte. Eg er heller inga påskepyntedame, men litt på skepynt har eg funne fram frå skuffer og skap.

    Vi skulle egentlig på hytta, men Benedicte har øyrebetennelse og over 40 i feber på 3. døgnet, så det blir nok heimepåske på oss i år likevel.

    Ha ei flott påskehelg

    SvarSlett
  3. Dette innlegget osar av påskestemning og ro, god påske tilbake til deg og dine.

    SvarSlett
  4. Takk for besøk :-)og God Påske til deg og dine også!

    FLOTTE bilder du tek Tove!

    Kos dokke no då!

    Monica

    SvarSlett
  5. Fortsatt god påske til deg også!
    Jeg ble veldig sjarmert av påskepynten dere har...hjertevarmere!
    Scrabble for barn...så flott..det visste jeg ikke...og her i huset har vi i generasjoner spilt scrabble. I mitt arndomshjem har vi et gammelt og slitt spill...og den første julegaven min kjære ga meg, like etter av vi hadde blitt kjent, og ikke enda kjærester..og uten av vi egentlig kjente hverandre særlig, var et scrabble-spill. Det smeltet mitt hjerte totalt!!!
    Kos deg på middag...og nyt tid med venner og familie!
    Tussilago

    SvarSlett
  6. Her var det masse god påskestemning! Det stemmer foresten at du har sett mannen min før ja, han er opprinnelig fra Austefjorden, og synger både her og der. Jeg er ikke med i noe kor for tiden.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!