onsdag 15. april 2009

Tusen takk...

...til alle fantastiske sjeler som er innom bloggen min! Nokre legg att ein kommentar som teikn på at dei har vore innom. Andre stoppar meg på gata eller på butikken og innrømmer at dei er trufaste lesarar og set pris på det eg skriv. Nokre sender meg e-post, andre ringjer meg.

003

Eg berre ein heilt vanleg person. Glad i å skrive og fotografere, og ikkje redd for å vise det for omverda. Eg gir mykje gjennom blogginga mi, det gjer alle som bloggar. Og eg er sikker på at dei fleste bloggarar kan skrive under på at blogginga også gir utruleg mykje tilbake!

Vi menneske veks kvar gong vi får positive attendemeldingar. Det varmar langt inn i sjela når eg les kommentarane på innlegga mine. Tusen takk til alle som gir av si gode tid for å legge inn kommentarar på innlegga mine. Eg har endåtil nokre trufast anonyme som er flittige, tusen takk sig og volda-tausa: eg veit ikkje kven de er (trur eg???), men de skal vete at eg set stor pris på tilstadeværelsen dykkar i bloggen min! Og til Frøydis som kom med ein kommentar på vingardinnlegget mitt; JA, det er Akaroa (PS! Eg kom meg ikkje inn på bloggen din, hadde vore kjekt å kike innom deg)!!!

004

Å vere ein aktiv del av eit slags internettsamfunn har utvida horisonten min og på mange måtar gjort meg rikare. Nokre forstår heilt sikkert ikkje kor i alle dagar eg kan ha tid til slikt. Forklaringa er enkel: eg tek meg tid, eg prioriterer - fordi det gir meg noko!  Er det ikke slik med alt vi engasjerer oss i???  Min audmjuke påstand er at så lenge eg har hjartet med meg, så er det eg driv med kvalitetssikra.

008

Eg har mangt og mykje som berikar livet mitt:

Eg har ein eineståande mann, tre skjønne barn og ein hund som held oss i aktivitet. Eg har nettverk som støttar opp, passar barn, inviterer oss på middag og gir oss nye impulsar. Eg har kollegaer som gjer at eg gler meg til å gå på jobb. Eg har gode vener som held oppe den ungdommelege gløden og som sørgar for at eg aldri gløymer kunsten å knise!

Og til slutt...

.... takk til alle som er innom bloggen min og på den måten berikar livet mitt. Takk til alle dei flotte bloggane eg stadig må innom å lese.

Takk for alle fantastiske attendemelingar som gjer at eg har lyst til å halde fram med blogginga!

PS! Dei vakre blomane på dei to øverste bileta vart plukka inn for nokre dagar sidan. Eg har vorte fortalt at det er frå eit tre som dei kallar "Blømnade kirsebær". Treet gir ikkje kirsebær, berre blomar. Nokon som kjenner att blomane og veit om "blømande kirsebær" er rett namn? Vi har eitt slikt tre, men har sett fleire gardar som har liknande tre.

13 kommentarer:

  1. Ja, ja, ja, jeg sier bare AMEN! Det er fordi det skinner igjennom at du er EKTE TOVE;) Jeg legger ikke igjen spor så ofte, men jeg er her:) Og jeg er også sikker på at så lenge du har hjerte med deg...
    Jeg har bestemt for å prioritere det jeg liker:) Akkurat nå har jeg litt tid innimellom, og blogger mye om dagen, men det er fordi at akkurat nå så passer det seg slik, også har mye på hjertet hihi:)
    Også er jeg også glad i mine bloggløse som ALLTID forgyller dagene med sine kommentarer!
    Jeg digger bloggen din, og ditt engasjement, og ikke minst ditt skrevne ord på din vakre nynorsk...attendemeldinger....flott ord! Også viser du vakre bilder, og det øverste var jo fabelaktig.
    Jeg koser meg hos deg...ALLTID!

    SvarSlett
  2. Ikkje alltid eg legg att ein kommentar hos deg Tove, men kvar gong eg er innom må eg oppdatere meg på kva du har skreve og alle dei vakre bilda dine. Desverre er ikkje bloggrollen heilt å stole på så ofte eg oppdagar eg har gått glipp av fleire innlegg sjølv om eg freistar å følge med. Du skriv så godt og veg dine ord, likevel har eg ikkje inntrykk av at det går på bekostning av at du får uttrykkt det du har på hjarte. Det er alltid så triveleg å ramle innom deg her, og eg kosar meg med det eg finn her:-) Det treet du viser bilde av lurer eg på om eg har i hagen her, har lurt sån på kva det er for noko som blomstrar så tidleg og i følge samboaren ikkje bær frukt eller bær... Har hatt litt i bakhovudet å ta bilde og legge ut i bloggen for å høyre om nokon visste navnet, men har blitt med tanken grunna feber og dårleg form. Så fann eg nok svaret her inne hos deg. Treet er nok planta på 40-50 talet, kanskje seinare, går ei spennande tid i vente når eg skal sjå kva som skjuler seg i villnisset her i hagen...

    SvarSlett
  3. Hei! Jeg er nok en av de som mer leser enn kommenterer. Koselig blogg du har. Er stadig innom og har deg i bloggrollen min.

    SvarSlett
  4. Første gangen jeg besøker bloggen din.
    Dette var en koselig blogg å besøke. Og du skriver så godt og ekte.
    Jeg kommer nok innom igjen:-)

    SvarSlett
  5. God morgen Tove..
    Dette var et vakkert takke innlegg.. Ja bloggingen gir oss mye postivt. Og alle de fantastiske flotte mennenskene man "møter" her inne gir masse. Postiv tilbake melding gjør lale godt.
    Du er et menneske som gir enormt av deg selv her inne. Velidg flink med ord. Liker måten du skriver på, det ekte i hvert innlegg...
    Er utrolig glad for å ha funnet bloggen din..
    Ønsker deg en fin dag Klem O=)

    SvarSlett
  6. Det er alltid kjekt å stikke innom til deg - du skriv godt og flott og om ting som vi alle enten kjenner oss igjen i eller kanskje treng stoppe opp for å tenke litt på. Du ligg på mi liste og eg er stadig innom :-)

    SvarSlett
  7. Godmorgen Tove.
    Da var eg her atter en gang.
    Man kan ikkje ungå å komme inom deg. Du skriver rett fra hjartet.
    Sjøl om ikkje eg er så flink å skrive norsk og specielt nynorsk sa, så lærer eg meg noe her hver gang.
    Det min venn gjir mye tilbake.
    At du dessuten tar flotte bilder er og kjekt. De gjør det hele mere kosligt.

    Torsdag idag.
    Snart helg igjen.
    Ukene går fort nå. Snart er det sommer.
    Det ser eg frem til.
    Kan hende det blir en tur oppover og det ser eg frem til.
    Ha nå en fortryllende dag.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  8. Hei Tove og takk for kommentar.

    Veit du, eg er ofte innom deg, men det er noko som skjer med ein gong eg skal kommentere innlegga dine. Eg vert rett og slett kasta ut av nettet. Eg forstår det ikkje i det heile tatt, for det er kun med deg det skjer. Det ser ut som om eg skal greie det denne gongen då:-)

    Du har ein veldig flott blogg. Både orda dine og beleta dine er rett og slett vakre. Eg er helt sikker på at etter at du begynte med blogging, har du vorte flinkare til å fange dei vakre augeblikka, både i ord og bilete. Stemmer ikkje det?

    Wivi

    SvarSlett
  9. Det er alltid godt å lese din blogg, Tove, og det ser ein jo att i alle besøk og kommentarar du får.

    Når ein får kommentarar føler ein at ein får noko att, og det er jo alltid kjekt :)

    Ser ut som de har hatt ei fin påske, håpar de nyt vårdagane no i etterkant òg :)

    SvarSlett
  10. Hei på deg.
    Det er jo en grunn til at vi kikker innom deg, vet du. Og det er at det er et hyggelig sted å komme, du skriver jo så fint om deg og dine, -tanker i hverdagen som vi alle kjenner oss igjen i.

    SvarSlett
  11. Så koselig! Og ja, det er en utrolig hyggelig "ånd" her inne!! Så godt at vi kan være gode med hverandre!
    Ha en nydelig torsdagskveld!
    Hilsen Ljo

    SvarSlett
  12. Kjekt du set pris på kommentarar frå oss anonyme. Nei, du har rett: Du kjenner ikkje meg og ikkje eg deg heller.:-)
    Men eg har hatt mine tre år inn på høgskulen, så Volda området har ein spesiell plass i mitt hjerte. Ikkje minst fordi det var der eg traff han eg er gift med.
    Eg brukar å lese "blogglandet" som ei avkobling frå kvardagen, mykje betre enn vekeblad og tv-titting.
    Har ei 5-6 faste som eg MÅ innom nesten kvar dag. Og du er ein av dei.Du gir så mykje av deg sjølv gjennom bloggen din, flotte tankar til ettertanke og nydelege bilete. Takk skal du ha. Alt godt frå sig

    SvarSlett
  13. heisann!

    Eg må også innom deg nesten kvar dag, du er ein av dei faste som eg kikar innom. Eg synest eg kjenner deg, sjølv om eg ikkje gjer det!Kjekt og inspirerande. Alltid like spennande å sjå om det er komen eit nytt innlegg. Gode oppskrifter du har, forresten! Stå på vidare! helsing krili

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!