Det er viktig å fylgje draumen sin. Viktig å ikkje angre på ting ein ikkje gjorde. Draumar ein ikkje realiserte.
Eg har ein kamerat på New Zealand som har gjort nettopp dette. Realisert draumen sin. Forsaka noko for å oppnå noko anna. Han har kjøpt seg ein eigen vingard.
Tenk å kunne rusle blant vinrankar og nyte denne utsikta...
... eller å stå i hagen og ha ope landskap rundt seg på alle kantar!
Små vinrankar som etterkvart har vakse seg større.
Det er noko heilt særskilt med lyset og fargane på New Zealand. Slike bileter gir meg "heimlengt"...
Eg har gått eit år på skule på New Zealand, og Fraser var ein av dei eg heldt meg mes ilag med.
Her poserer den stolte "vinbaronen" framfor avlinga si.
Skulle gjerne hatt slike drueklasar i hagen!
Dette er hovudhuset. Fraser meiner det er i minste laget og skal bygge på det for å ha litt meir boltreplass.
Her er eit lite glimt frå stova.
Stova frå ein annan vinkel.
Er litt usikker på kva dette huset er brukt til. Det er anten reiskapshus eller produksjonslokale.
Det må gi sjelefred å gå slik å tusle i så vakre omgjevnadar... Til neste sommar skal han levere eigen vin - tenk for ein draum!
Tusen takk, Fraser, for at du lot meg låne bileta dine!
PS! Om det skulle vere ei taus der ute som kunne tenkje seg å verte "vingrevinne" på NZ, så er denne karen singel for tida...
Skjønner godt at du får hjemlengsel av disse bildene!!
SvarSlettUtrolig nydelig landskap, og ikke slik jeg så for meg New Zealand;)
Du får kanskje ta deg en tur på besøk en gang??? Hadde nok vært litt av en opplevelse:)
Flinke mannen som tok sats og lever ut drømmen sin!!
Inger:)
Mmmmm ja.. spennande!
SvarSlettOG flott plass forresten.. kunne minne litt om her heime!
Har også venner som har gjort det same, solgt alt dei hadde her i Norge og kjøpt vinfarm i Italia! Litt misunnelig på dei!
Monica
Oi, gammel er han????
SvarSlettNo såg eg føre meg korleis du spann draumar om vingard på Halsane. Tenkte at det kanskje var litt røfft klima og sånn... men no skjønar eg :-)
SvarSlettHmm..har nokre veninner eg kan marknadsføre her...
akaroa? fine bilder. minner meg om Akaroa på sørøya.har hvert et halår i NZ.fikk da 3 ganger vår og sommer etter hverandre, klem.
SvarSlettFor noen flotte bilder.
SvarSlettDet er nesten så man vil reise dit på en gang.
Skjönner du lengter dit.
Klems Synne.