tirsdag 7. april 2009

Draumen om eigen vingard...

Det er viktig å fylgje draumen sin. Viktig å ikkje angre på ting ein ikkje gjorde. Draumar ein ikkje realiserte.

Eg har ein kamerat på New Zealand som har gjort nettopp dette. Realisert draumen sin.  Forsaka noko for å oppnå noko anna. Han har kjøpt seg ein eigen vingard.

Fraser

Tenk å kunne rusle blant vinrankar og nyte denne utsikta...

Fraser12

... eller å stå i hagen og ha ope landskap rundt seg på alle kantar!

Fraser14

Små vinrankar som etterkvart har vakse seg større.

Fraser15

Det er noko heilt særskilt med lyset og fargane på New Zealand. Slike bileter gir meg "heimlengt"...

Fraser8

Eg har gått eit år på skule på New Zealand, og Fraser var ein av dei eg heldt meg mes ilag med.

Fraser10

Her poserer den stolte "vinbaronen" framfor avlinga si.

Fraser11

Skulle gjerne hatt slike drueklasar i hagen!

Fraser1

Dette er hovudhuset. Fraser meiner det er i minste laget og skal bygge på det for å ha litt meir boltreplass.

Fraser2

Her er eit lite glimt frå stova.

Fraser3

Stova frå ein annan vinkel.

Fraser6

Er litt usikker på kva dette huset er brukt til. Det er anten reiskapshus eller produksjonslokale.

Fraser9

Det må gi sjelefred å gå slik å tusle i så vakre omgjevnadar... Til neste sommar skal han levere eigen vin - tenk for ein draum!

Tusen takk, Fraser, for at du lot meg låne bileta dine!

PS! Om det skulle vere ei taus der ute som kunne tenkje seg å verte "vingrevinne" på NZ, så er denne karen singel for tida...

6 kommentarer:

  1. Skjønner godt at du får hjemlengsel av disse bildene!!
    Utrolig nydelig landskap, og ikke slik jeg så for meg New Zealand;)
    Du får kanskje ta deg en tur på besøk en gang??? Hadde nok vært litt av en opplevelse:)
    Flinke mannen som tok sats og lever ut drømmen sin!!

    Inger:)

    SvarSlett
  2. Mmmmm ja.. spennande!
    OG flott plass forresten.. kunne minne litt om her heime!

    Har også venner som har gjort det same, solgt alt dei hadde her i Norge og kjøpt vinfarm i Italia! Litt misunnelig på dei!

    Monica

    SvarSlett
  3. Oi, gammel er han????

    SvarSlett
  4. No såg eg føre meg korleis du spann draumar om vingard på Halsane. Tenkte at det kanskje var litt røfft klima og sånn... men no skjønar eg :-)

    Hmm..har nokre veninner eg kan marknadsføre her...

    SvarSlett
  5. akaroa? fine bilder. minner meg om Akaroa på sørøya.har hvert et halår i NZ.fikk da 3 ganger vår og sommer etter hverandre, klem.

    SvarSlett
  6. For noen flotte bilder.
    Det er nesten så man vil reise dit på en gang.
    Skjönner du lengter dit.
    Klems Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!