søndag 19. april 2009

Kan ein fargekonsulent ta turen innom bloggen min, takk?

Eg har planar om å ta fatt på nokre maleprosjekt. Det er ein del møblement som har samla seg opp i "desse møblande skal snart malast"-kroken på låven. Noko er gamalt, noko er av nyare dato. Og noko må renoverast fullstendig, blant anna eit gamalt kvadratisk bord og eit lintøyskap.

fargevalg

Problemet er sjølvsagt kva farge eg skal velje. Fellesnemnaren er at alt skal vere lyst. Ikkje drivkvitt, trur eg, men lyst.

fargevalg1

Men himmel og hav så mange fargar det er å velje blant!!!

fargevalg2

Eg er glad i naturlege fargar. Ton i ton.

fargevalg3

fargevalg4

fargevalg5

Eg let meg gjerne inspirere av bileta over...

fargevalg6

fargevalg7

... eller desse.

Alle desse bileta har eg lånt på Fargerike.no - tusen takk for lånet!

Forstår du kvar eg vil??? Eg er fullstendig rådlaus når det gjeld kva farge eg skal velje. Har sett så mange fine fargar på oppussingsprosjekt på bloggar rundt omkring, men gløymer sjølvsagt kva fargane heiter. Kanskje du har nokre råd til meg??? Om eg er ekstra heldig er det kanskje nokon som har andre tips og råd til meg òg, særleg når det gjeld kva som må til før ein svingar malarkosten. Som du skjønar er eg ein nybyrjar i malarfaget...

fargevalg8

(foto: Country Living)

Slenger med ein flik av eit draumekjøkken, vert sjølvsagt inspirert av fargane her òg...

Ha ein strålande søndag!

14 kommentarer:

  1. Har nettopp oppdaget en ny favorittfarge. Navnet er Isvann, og tror den fås hos flere produsenter. I alle fall Gjøco. Den er nydelig!
    Står selv foran Oppussingen med stor O. Mitt kjøkken fra 1960-et-eller-annet skal totalrenoveres. Men er litt handlinglammet, kjenner jeg. Mulighetene er uendelige...
    Lykke til med maleprosjektene dine!

    SvarSlett
  2. Heia - dette blir spennende ;)
    og DU kor mye fine farger det finnes - har bestemt å male opp noen hyller og komoder i kjellaren no - og ikkje lett å finne farge som passa.
    romma i kjellaren blir jo også mala - men det er ein malarmester som gjør - alt blir lyse farger - kjedelig kansje med greit i det lange løp
    'lykke til iallefall
    smil fra monika

    SvarSlett
  3. Kjempe fine farger og nydelige bilder. Jeg elsker jo disse NORDISKE SARTE PASTELL fargene!!
    Jeg liker spesielt de blå/grønne/grå tonene. (Lyse så klart) og hvitt da!!

    Hilsen Ljo med ønske om en fin dag!

    SvarSlett
  4. Hei !

    Skulle gjerne ha vore til hjelp, men eg er vel knappast den ein spør når det gjeld lyse fargar.. hehe! ;-)
    Og så spørs det no veldig på kva du har i frå før, om det er kvitt med creme, rosa skjær eller blå skjær??
    (mest sannsynlig det fyste eller siste i ditt tilfelle trur eg !??!)

    MEN lykke til.. det blir nok vakkert!

    Monica

    SvarSlett
  5. Hei:) Isvann, Bomull, caffe latte og lys toscana er "vanlige" farger. Husk at på fargekartet ser alt lysere ut enn det blir i virkeligheten. Ellers kan du jo vurd. en ren sandfarget tonestemning? Hvitt blir HVITT på langsikt, og ofte virker det sterilt dersom man ikke føler for DEN typen stil... Du ble sannsynligvis ikke klokere, men det var velmenende råd:) Klem og lykke til

    SvarSlett
  6. Jeg kan ikke hjelpe deg.
    Men jeg har en drøm om stua mi malt i FRED eller BENHVIT.
    De to fargene er forskjellige, men de appellerer til meg, likevel.

    Godt fargevalg, Tove.
    Ikke redd for at ikke DU får det pent!

    SvarSlett
  7. Hei, eg har dessverre ingen tips..slit nok med same problemet sjølv. Etter ein litt turkis periode hjå meg, vil eg tilbake til naturtonar...men kva er naturtone?? Det er mitt problem...men ditt òg ser eg..hihi..

    Du vart nok ikkje klokare av dette, men håpar litt støtte kan gjera litt nytte òg...Ha ei fin helg vidare!

    SvarSlett
  8. Spennande med oppussing av gamle møblar!! Har diverse eg har lyst til å fikse på sjølv.
    Kan tipse deg om to fine fargar, Pastellgrå og Visjon. Pastellgrå skiftar farge etter omgjevnadane. Puter, gardiner, andre møblar osv. Har den på soverommet sjølv og likar den fargen godt. Visjon er ganske kvit, men ikkje heilt kvit. hugsar ikkje kode på den om det var Y eller R. Fargekarta fann eg me Sparkle-Petter, men det er 4 år sidan... Trur det var Jotun interiørmaling... Lykke til. Heilt sikker på du finn rette fargane!!
    Helsing Asbjørg

    SvarSlett
  9. Takk for kommentar på innlegget mitt Tove. Eg er nokso fornøgd med Bjørdalslys ja. Føler det er varme i den fargen sjolv om den er temmeleg lys. Eg malar med sence. Fann ut at sidan det er ein litan baby i familia så kunne eg ta omsyn til det..
    Når det gjeld maling av møblar, så har eg nok prøvd mitt av det, men alt har så mørke fargar,så eg trur ikkje eg vil at du skal velje nokon av dei fargane akkurat. Eg må nok tenkje over kva eg skal gjere med desse mørke møblane eg også...lysare må det i alle fall verte.

    Skal nok invitere jobbgjengen på besøk etterkvart:-) Hels dei forresten.

    SvarSlett
  10. Hei på deg. Jeg vet ikke helt hvilke omveier som ledet meg inn i bloggen din, men jeg er uansett glad det skjedde. For en utrolig koselig blogg du har!
    Ha ei fin, fin uke!
    (så håper jeg andre kan komme deg til unnsetning med fargetips - ikke mitt sterkeste område)

    SvarSlett
  11. Hei Tove.
    Har ikkje nokre råd til deg om fargeval. Sitter her i same problemet sjølv, men ser du har fått ein del fine tips.

    Kom inn på bloggen din via mange omvegar, og det er eg ikkje lei meg for. Super blogg du har.

    Helsing Laila

    SvarSlett
  12. Hei, Tove! Så spennende malerprosjekt, da!!!
    Jeg vet også hva det vil si å gå seg vill i jungelen av farger...heldigvis har jeg ikke så mange møbler som venter på maling, men noen blir det jo alltid!!

    Lykke til, hvertfall, gleder meg til å se resultatet...
    Vårhilsen Cathrine

    SvarSlett
  13. Egghvit, kode 0502 y er min favoritt. Ein litt gulna kvitfarge. Veldig lys, altso. Eg har brukt x antall liter med denne i åras løp, som møbelopp-pussar og husbyggjar ! Kan anbefalast dersom det er heilt lyst og enkelt du er ute etter! Lukke til :-)

    -EVA-

    SvarSlett
  14. Halloen Frue!

    Ikkje lett å velje fargar, men kjenner eg deg rett skal dei vere rolege og stilige og nøytrale på ein gong. Både moderne og med høve til å finne det nostalgiske i dei - og deg....

    Kanskje det ville vere ein ide å tenke på elementa du omgir deg med?
    Ikkje naboane altså, men naturen...?:) Altså ein nyanse av kvit som basis, og så med innslag av sand og jord for ikkje å snakke om blått i ein dempa nyanse? Må sei at du har ein fantastisk utsikt over fjorden, og er nær både markar og sjø. Berre tenker høgt, me kan ta en kollokvie på det fredag på jobb:)

    Klem
    Ann Helen

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!