torsdag 16. april 2009

I come bearing cake!

Når veslesystra har bursdag og ikkje har tid til å bake kake, steppar storesystra gjerne inn og kjem på overraskande kakebesøk!

001

Inne hos denne fantastiske dama klarte eg å tigge til meg oppskrift på ei utruleg god kake!

006

Mormors gamle kakeform vart brukt, og kaka vart skikkeleg flott!!! Det er ikkje rart eg måtte ha denne oppskrifta; hovudingrediensen er sjølvsagt sitron!

012 

Kven kan vel motså slikt??? I allefall ikkje eg! Ikkje berre er kaka god, men så utruleg delikat å sjå på!

016

Eg brukte mormor si gamle kakeform, smaken var akkurat som mormor si sitronkake - så då måtte eg sjølvsagt leite fram mormor sitt gamle servise! Dette serviset kjøpte ho og morfar etter at dei hadde gifta seg.

023

Butikken i bygda hadde alt mogleg rart, blant anna koppar og kar. Mormor hadde lyst på akkurat desse og det forstår eg godt! Serviset er produsert av "English Ironstone Tableware", og heiter "Kew Gardens". Ein gong for lenge sidan vurderte eg faktisk å kvitte meg med serviset, då det berre stod i skapet og tok opp sårt tiltrengt plass! Gjett om eg er glad for at eg aldri fekk fullført den tanken!

031

Tenk å sitte med verdens beste kake og ha denne utsikta frå kakebordet! Her kan ein sitje lenge....

032

Veslesystra vart kjempeglad for kaka og vi kosa oss ilag med bursdagsbarnet! 

Til dessert fekk vi servert dette:

 037

Vakker kveldshimmel har nesten vorte daglegdags siste tida!

038 

Eg får aldri nok av slike kveldar!

Dei må nytast...

040

... beundrast....

048

... og bevarast!

Tusen takk, Hanna - for deilig kakeoppskrift! Tusen takk, Linda - for kosleg kaffiprat og selskap!

No skal eg kose meg med kakesmulane og ein god kopp te...

Forresten..... Eg må berre ha med eit lite bilete av kakebakemedhjelparen min!

026

Ei sliten og overtrøytt lita snuppe rappa pynten til mamma, midt i fotoshooten!

Herleg...

15 kommentarer:

  1. Vakkert hos deg i kveld..og kaka ser nydelig ut...nyt kveldens siste time!!

    SvarSlett
  2. Oj, denne kaka så jo bare fantsatisk god ut!! Det skader jo ikke at du er fantastisk flink til å ta bilder heller;)
    Tror jeg må prøve meg på en slik kake....minner meg om barndommen atter en gang.
    Og det serviset var bare utrolig flott!!! Jaggu bra du ikkje kasta det i vanvare:)
    Ha ei god natt, en fin fredag, og ei strålende helg Tove.
    Klem fra Inger

    SvarSlett
  3. Mmmm den kaka såg god ut...

    Veit du eg stod i loftsvinduet og beundra den kveldshimmelen i kveld... (vi har eit stooooort hus i vegen, så eg måtte opp i høgda)

    DET VAR NYDELIG!

    Monica

    SvarSlett
  4. Nydeleg kake og herleg kveldshimmel. Heldig syster du har, som har ei så snill storesyster!!

    SvarSlett
  5. For ei flott kake...
    Klart den skal nytast til den utsikten. Eg blir aldrig lei din utsikt heller skal eg si.
    Flotte farger på den kveldshimmeln.
    Lillesnuppa er ett litet sjarmtroll. Blir så glad når eg ser smilet hennes.
    Ha nå en knall fredag min venn.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  6. heisan.....åh, ka koseli innlegg....kaka så sååå god ut, og for ei utikt dåkker e velsigna med..apropo sangen..kunne du tenke deg til å gi meg navn på tittel og arrangør, for denne kunne vi tenke oss i koret...kanskje på nynorsk? sjøl har jeg notene til rein vokal men med engelsk tekst.....ha en fin fredda

    SvarSlett
  7. Hei Tove.
    Eg har vore innom bloggen din fleire gongar og kosar meg kvar gong med å lese og sjå flotte bilete. Måtte berre kommentere kaka, den ser nydeleg ut. Og serviset, godt at du ikkje kvitta deg med det. Arvegods er kjekt å kunne ta fram å bruke. Det har meir sjel og det lokkar fram gode minner. Vart inspirert til å bake kake i dag. Mannjen i huset blir et år eldre :-)
    Koseleg blogg Tove!
    Klem frå Asbjørg

    SvarSlett
  8. Hei!Måtte bare inn en snartur og kommentere på innlegget ditt som jeg leste igår.
    Jeg formelig nøt både tekst og bilder.Så nydelig kake bakt i din bestemors form ,koselig tekst og vakre vakre bilder.Så godt at vi har en blogg som din,der vi kan gå inn og bare få det servert på en slik utsøkt måte.Jeg gleder meg til å følge med videre på bloggen din.
    PS: Den utsikten var jo bare helt eventyrlig.Så heldige dere er !:)
    Ha en deilig helg !:)Klem

    SvarSlett
  9. Ja herleg!
    Både kaka og solnedgangen. Nydelig!!!
    Du veit å sette ord på ting, og du veit å ta bilder.
    Serviset er nydelig, og til mi forundring måtte eg i skapet mitt for å sjå, og joda eg tok ikkje feil, der står ei skål som heiter det samme som serviset ditt og er i fra det samme serviset.
    Håpar du får ei flott helg!!!
    Klem

    SvarSlett
  10. Kaka ser kjempegod ut, serviset er vakkert og himmelen fantastisk flott;D

    God helg! Klem

    SvarSlett
  11. Hmmm, tenkte ikke innom butikken i mårra, men det må likevel bli en tur. For å kjøpe en sitron :)
    Kakeform har jeg, just lik din farmors....
    Igår baka Aslak, Elin og farmor (jeg) sjokoladekake... Ungene slikka alt av redskap etter bruk... Idag har Aslak og jeg bakt brød. Gutten var storfornøyd da de de to små-brødene, som var halvparten så stor som mine, kom ut av ovnen... Jubel over to brød gleder et farmorhjerte! :)
    Han er miksesjef når vi baker, mens Elin er måle- og helle-oppi-sjef. Han er flink og styrer farta ganske godt etter behov, de lærer fort hva ønsket er fra gammelbakern..
    Ønsker deg ei god helg, med alle din! Klemzzz

    SvarSlett
  12. No har eg handla sitronar, for denne kaka vil eg òg bake!

    Takk for inspirasjonen, og ha ei fortsatt god helg!

    SvarSlett
  13. ...og så gløymde eg å seie at serviset ditt er nydeleg!!!

    SvarSlett
  14. Til Rosa: Ja, eg er heldig:)
    Til Tove: Tusen tusen takk. Du er verdas beste.

    Linda

    SvarSlett
  15. Mmm...kaka vart god!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!