fredag 3. april 2009

Girls only...

Det er ikkje noko som er kjekkare enn å lage god mat, dekke fint bord og invitere gode vener til godt selskap! I går kveld var det duka for klubbkveld! Vi er ni unge, spreke og flotte damer som møtest ein gong i månaden.  Einaste formålet med klubben er å møtast og ha det kjekt!

For å prise våren og sommartida, ville eg servere ein lett og fargeglad meny.

 002 

I Gøril Wiker si bok, "Lyst på livet", fann eg ei fantastisk oppskrift på tomatpai. Litt skummelt å lage noko eg absolutt ikkje hadde laga før, men eg klarte ikkje å motstå denne oppskrifta!  Ein gresk salat med ekstra mange ingrediensar var det naturlege tilbehør.

007 

Det aller kjekkast med å lage salat er dei flotte fargane og dei gode luktene...

010

Små, søte tomatar og raud lauk spelar hovudrolla når eg lagar salat.

012

Men like viktig er det med isbergsalat, sukkererter, oliven, ruccola, fetaost, soltørka tomat og pinjekjerner.

008

Til slutt toppar eg med min sjølvkomponerte dressing, som består av olje, balsamico, hakka kvitlauk, krydderblanding, eit ørlite dryss sukker, grovkverna peppar og graslauk. Krona på verket er raspa sitronskal - sjølvsagt!

019

Tomatpaien var laga av butterdeig med fyll av tomat, bladpersille, vårlauk og kvitlauk. Eg måtte halde tunga beint i munnen, for den skulle steikast i fleire omgangar.

020

Siste 20  minutta av steikjetida vart paien toppa med fersk mozzarella - masse mozzarella!!! Eg hadde også ovnssteikte poteter som tilbehør.

013

Bordet vart duka og dekka etter alle kunstens reglar! Det er så kjekt å gjere ein heilt vanleg kvardag litt ekstraordinær!

 034 047 

048034

Nokre gamel "isterning"-lysestakar vart henta fram frå mørkaste kråa i skapet og vart brukte som blomevasar! Var så utruleg godt nøgd med resultatet! Takk og lov for billege rosebukettar - eg kunne "sløse" med rosene det eg berre ville!

 036

Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å sette prikken over i`en!

014

Når det er mange kring bordet, kan blomebukettar fort kome i vegen dersom dei vert for høge. Det er viktig at alle ser kvarandre utan å måtte bøye seg hit og dit - hald borddekorasjonane lave!

015 017 

Lys er viktig for å gi rette stemninga! Litt perler og nokre kvite sløyfeband kvikker opp lysa litt.

021 025

Det var mange diskusjonar som utspann seg kring dette bordet i går! God mat og Brænne Brus si "Eplerose" gjekk ned på høgkant og praten sat laust - som vanleg når vi samlast!

026

Det er vel ikkje rart at vi ser fram til desse kveldane???

027

Stemningsfullt....

031

Eg gav damene lovnadar om full diskresjon, men måtte likevel ta med dette biletet! Så fullt av alle dei viktige ingrediensane på klubbkveldane våre: latter, gode historier, tilhøyrigheit, god mat og glimt i auga! Reknar med det uskuldige biletet passerer sensuren, damer???

PS! Til alle som lurer på om vi ikkje hadde dessert: sjølvsagt hadde vi det, men eg gløymde heilt å ta bileter av den! Eg laga verdens beste og enklaste ostekake. Oppskrifta har eg fått med mi gode venninne Laila, som har fått den av vår felles venninne Maj Britt! Dersom eg får løyve for opphavskvinna, kan eg kanskje legge den ut på bloggen!

Tusen takk for ein strålande kveld, damer!

12 kommentarer:

  1. Du gjer virkelig stas på venninnene dine Tove! Eit skikkelig festbord du hadde laga!
    Maten såg nydelig ut..Forstår ikkje kvar du finn all energien og kreativiteten i frå..Sikkert eit høgdepunkt å få kome til bords med deg. :)

    SvarSlett
  2. Kor himmelsk...! Flink du er å gjer stas på "jentene dine" på ein vanleg kvardag.. :) Såg kjempe koseleg og ikkje minst godt ut!!
    Du tek så mykje flotte, gode bilder! Uansett kva motiv du velgjer.. Nesten så eg kjenne lukta av maten du serverte.. ;)
    God helg og god påske.. :)

    SvarSlett
  3. Slike kveldar er gull verdt:) Maten såg kjempegod ut!

    Nydelige vårbilder under her. Hos meg har rådyra vore på ferde, så eg har ikkje ein einaste krokus igjen:(

    God påske! Klem

    SvarSlett
  4. JA.. dette såg koselig ut! :-)

    Flink har du vore! Synes dei rosene var prikken over i'en!

    Monica

    SvarSlett
  5. Så fint du har pyntet bordet:))
    Salat så bare helt himmelsk god ut:))

    Ha ei fin helg:))

    SvarSlett
  6. Mmm, så herlig mat og flott bord!

    Jentekvelder er de aller kjekkeste (i alle fall nå når vi er kommet over tenårene, der det ofte var jenteselskap som var det trygge alternativet..), og det ser ut som dere hadde det veldig kjekt.

    God påske!

    SvarSlett
  7. Det er så fantastisk hyggelig med slike kvelder! Bildene dine er så flott og de sier mer enn tusen ord :-)

    Kokaboka til Gøril har jeg også og bruker den MASSE!
    God påske!

    Klem

    SvarSlett
  8. Yummi, yummi...dette ser smakfullt ut - på alle mulig måter!
    Det er gøy å legge litt ekstra i forberedelsene til venninnekvelder, for man vet at de legger merke til detaljene...og nyyyyter det! Nydelig bord, Tove!
    Det må bare bli høy stemning av sånnt;)

    Ønsker deg gode og glade påskedager;)
    smil Torunn

    SvarSlett
  9. åh så kosleig dere hadde det..hadde ikke takka nei til en slik invitasjon....skikkelig god mat og fin pynt ser det ut som...go påske

    SvarSlett
  10. Så mye varme som som stråler fra din blogg Tove.Du er ei ordentlig godjente og en lysspreder!!!
    Ønsker deg ei riktig God Påske!!!

    SvarSlett
  11. Ja der skulle eg ha likt å vore... Og oppskrifta på ostekaka deler eg gjerne med fleire, for noko meir lettvint og lekkert veit ikkje eg. Både kake og dessert på ein gong.
    Kjekt å sjå deg inn i "vik" idag forresten, lenge sidan no. Fortsatt god påske, min venn.

    SvarSlett
  12. Maj Britt4/4/09 23:12

    Disse hersens bærbare utan mus....gjekk litt fort i svingane når eg skulle avslutte innlegget...men d va altso frå meg.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!