Det er ikkje noko som er kjekkare enn å lage god mat, dekke fint bord og invitere gode vener til godt selskap! I går kveld var det duka for klubbkveld! Vi er ni unge, spreke og flotte damer som møtest ein gong i månaden. Einaste formålet med klubben er å møtast og ha det kjekt!
For å prise våren og sommartida, ville eg servere ein lett og fargeglad meny.
I Gøril Wiker si bok, "Lyst på livet", fann eg ei fantastisk oppskrift på tomatpai. Litt skummelt å lage noko eg absolutt ikkje hadde laga før, men eg klarte ikkje å motstå denne oppskrifta! Ein gresk salat med ekstra mange ingrediensar var det naturlege tilbehør.
Det aller kjekkast med å lage salat er dei flotte fargane og dei gode luktene...
Små, søte tomatar og raud lauk spelar hovudrolla når eg lagar salat.
Men like viktig er det med isbergsalat, sukkererter, oliven, ruccola, fetaost, soltørka tomat og pinjekjerner.
Til slutt toppar eg med min sjølvkomponerte dressing, som består av olje, balsamico, hakka kvitlauk, krydderblanding, eit ørlite dryss sukker, grovkverna peppar og graslauk. Krona på verket er raspa sitronskal - sjølvsagt!
Tomatpaien var laga av butterdeig med fyll av tomat, bladpersille, vårlauk og kvitlauk. Eg måtte halde tunga beint i munnen, for den skulle steikast i fleire omgangar.
Siste 20 minutta av steikjetida vart paien toppa med fersk mozzarella - masse mozzarella!!! Eg hadde også ovnssteikte poteter som tilbehør.
Bordet vart duka og dekka etter alle kunstens reglar! Det er så kjekt å gjere ein heilt vanleg kvardag litt ekstraordinær!
Nokre gamel "isterning"-lysestakar vart henta fram frå mørkaste kråa i skapet og vart brukte som blomevasar! Var så utruleg godt nøgd med resultatet! Takk og lov for billege rosebukettar - eg kunne "sløse" med rosene det eg berre ville!
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å sette prikken over i`en!
Når det er mange kring bordet, kan blomebukettar fort kome i vegen dersom dei vert for høge. Det er viktig at alle ser kvarandre utan å måtte bøye seg hit og dit - hald borddekorasjonane lave!
Lys er viktig for å gi rette stemninga! Litt perler og nokre kvite sløyfeband kvikker opp lysa litt.
Det var mange diskusjonar som utspann seg kring dette bordet i går! God mat og Brænne Brus si "Eplerose" gjekk ned på høgkant og praten sat laust - som vanleg når vi samlast!
Det er vel ikkje rart at vi ser fram til desse kveldane???
Stemningsfullt....
Eg gav damene lovnadar om full diskresjon, men måtte likevel ta med dette biletet! Så fullt av alle dei viktige ingrediensane på klubbkveldane våre: latter, gode historier, tilhøyrigheit, god mat og glimt i auga! Reknar med det uskuldige biletet passerer sensuren, damer???
PS! Til alle som lurer på om vi ikkje hadde dessert: sjølvsagt hadde vi det, men eg gløymde heilt å ta bileter av den! Eg laga verdens beste og enklaste ostekake. Oppskrifta har eg fått med mi gode venninne Laila, som har fått den av vår felles venninne Maj Britt! Dersom eg får løyve for opphavskvinna, kan eg kanskje legge den ut på bloggen!
Tusen takk for ein strålande kveld, damer!
Du gjer virkelig stas på venninnene dine Tove! Eit skikkelig festbord du hadde laga!
SvarSlettMaten såg nydelig ut..Forstår ikkje kvar du finn all energien og kreativiteten i frå..Sikkert eit høgdepunkt å få kome til bords med deg. :)
Kor himmelsk...! Flink du er å gjer stas på "jentene dine" på ein vanleg kvardag.. :) Såg kjempe koseleg og ikkje minst godt ut!!
SvarSlettDu tek så mykje flotte, gode bilder! Uansett kva motiv du velgjer.. Nesten så eg kjenne lukta av maten du serverte.. ;)
God helg og god påske.. :)
Slike kveldar er gull verdt:) Maten såg kjempegod ut!
SvarSlettNydelige vårbilder under her. Hos meg har rådyra vore på ferde, så eg har ikkje ein einaste krokus igjen:(
God påske! Klem
JA.. dette såg koselig ut! :-)
SvarSlettFlink har du vore! Synes dei rosene var prikken over i'en!
Monica
Så fint du har pyntet bordet:))
SvarSlettSalat så bare helt himmelsk god ut:))
Ha ei fin helg:))
Mmm, så herlig mat og flott bord!
SvarSlettJentekvelder er de aller kjekkeste (i alle fall nå når vi er kommet over tenårene, der det ofte var jenteselskap som var det trygge alternativet..), og det ser ut som dere hadde det veldig kjekt.
God påske!
Det er så fantastisk hyggelig med slike kvelder! Bildene dine er så flott og de sier mer enn tusen ord :-)
SvarSlettKokaboka til Gøril har jeg også og bruker den MASSE!
God påske!
Klem
Yummi, yummi...dette ser smakfullt ut - på alle mulig måter!
SvarSlettDet er gøy å legge litt ekstra i forberedelsene til venninnekvelder, for man vet at de legger merke til detaljene...og nyyyyter det! Nydelig bord, Tove!
Det må bare bli høy stemning av sånnt;)
Ønsker deg gode og glade påskedager;)
smil Torunn
åh så kosleig dere hadde det..hadde ikke takka nei til en slik invitasjon....skikkelig god mat og fin pynt ser det ut som...go påske
SvarSlettSå mye varme som som stråler fra din blogg Tove.Du er ei ordentlig godjente og en lysspreder!!!
SvarSlettØnsker deg ei riktig God Påske!!!
Ja der skulle eg ha likt å vore... Og oppskrifta på ostekaka deler eg gjerne med fleire, for noko meir lettvint og lekkert veit ikkje eg. Både kake og dessert på ein gong.
SvarSlettKjekt å sjå deg inn i "vik" idag forresten, lenge sidan no. Fortsatt god påske, min venn.
Disse hersens bærbare utan mus....gjekk litt fort i svingane når eg skulle avslutte innlegget...men d va altso frå meg.
SvarSlett