fredag 20. mars 2009

Sånn kan det gå...

Vi mødre har det ofte travelt. Fryktelig travelt. Og så har vi fingrar fulle med deig, samstundes som at noko steikjer på steikepanna og at vi skal ha kontroll på det som fosskokar i ei panne ved sidan av.

Det er då dei slår til. Desse søte, små med to bein, sjarmerande blikk og ufatteleg pågangsmot og staheit.

001

Mamma kan ikkje stikke av frå grytene og brødbaljen. Snuppa kan rote så masse ho berre vil.

002

Det var nokonlunde system i skuffa før frøkena sette igong. Med målmedvite blikk sveipar ho over innhaldet og legg slagplanar for korleis dette skal angripast.

013

Æsj, plastskeier er eg ferdig med! Dei legg vi på benken!

014

Kanskje eg må sortere dei litt likevel?

015 

Eller kanskje eg kan eksperimentere og sjå om det går an å ete av alle på ein gong?

 019

Nei, eg slenger dei ned i skuffa ilag med dei andre - då blir det endå meir rot!

020 

Hmmm..... Har eg laga alt dette rotet? Må seie meg ganske godt nøgd med det, ja....

021 

Ooooops! No har visst mamma oppdaga meg...

022 

Ha, ha, ha!!! No kan du berre ha det så godt, mamma, når du ikkje har tid til å passe på meg!

For ordens skuld kan eg legge til at deigen vart ferdig, kjøtet vart steikt, poteter og gulrot vart kokt - og kameraet vart fullt av klissete deig og steikefeitt.  Ei og anna skei er nok på ville vegar enno, men skuffa er rydda. Så får vi sjå kor lenge det varer...

024 

Dei er no bra skjønne, desse småtrolla, men jammen er det godt med ei stille stund etter at dei har lagt seg...

026

Når roa har senka seg er det tid for stearinlys og avslapping. Lysestaken kjøpte eg forresten for halv pris på Fryd. Eg har hatt lyst på den lenge, men ikkje tatt meg råd til å kjøpe den. Du kan sikkert tenkje deg kor glad eg vart då eg oppdaga den til halv pris!

027 

Og så må eg berre ha med eit skrytebilete til slutt! I kveld vart eg faktisk ferdig med vest nr. 2! Den forrige strikka eg til Ida, denne vesten var til meg!

028 

Eg vart sjølvsagt godt nøgd med resultatet og gler meg til å bruke den og vise den fram! No må eg bruke litt tid til å tenkje ut neste strikkeprosjekt...

Ha ein fin fredagskveld!

16 kommentarer:

  1. Berre lekkert - både bilder, tausa og vesten
    Go helg - eg skal prøve å ønske med ein snartur til Bud i morgen - vis alt klaffa
    trenger litt tid til å tenke på noe anna ein vann
    god helg klemma fra monika

    SvarSlett
  2. jo då! Kjenner meg att i dette,diverre! Kvar dag...faktisk!
    Har allereie byrja å engsta meg for om klubbfruene kjem seg inn døra måndag...
    god helg og takk for reklamen!

    SvarSlett
  3. Så fin historie og nydelige bilder :-)

    Søt lita frøken!!

    SvarSlett
  4. hehe..kjenne meg att i "skuffe-ryddande-småtassar." Godt er det at ingen skal inspisere skuffene mine no når små barnehender rejerar i heimen.

    Og til siste bileta dine....ej e imponert!!!!....mange skjulte talent i denne dama gitt;)

    Ønskjer deg ei flott helg!

    Klem

    SvarSlett
  5. Nydelige bilete;)
    Sjølv om dei er rampete desse små, så er dei utruleg nydelege:) Skikkelege sjarmtroll:)
    Håpar dykk får ei nydeleg helg:)
    Klem Elisabeth Ingeborg

    SvarSlett
  6. Herleg, Tove:0)
    Huskar ei episode frå då Fredrik var lita. Eg heldt på på vaskerommet når eg brått innsåg at det vart frykteleg stille...ubehageleg stille....
    Eg rsa inn i stova for å sjå...ingen gut der...kjøkenet!! Jau, der sat han med bakebollar, gryter, vispat, skeier og eg veit ikkje kva....Fulle av olje og mjøl...Det enda med at eg lo så eg hiksta og henta kamera for å forevige seansen, medan han smilte letta over å sleppe så billeg unna, he he....Men FOR ein jobb det var å rydde oppatt...
    Ha ein fortreffeleg helg med dine kjære, Tove!!
    Klem

    SvarSlett
  7. Herlig lita jente som "hjelper" mamman sin det!! sånn skal det være!!

    Vesten var jo bare rålekker og den blir jo skjønn med en hvit bluse til!! får vi se den på kanskje??

    SvarSlett
  8. Nydelig serie av den lille kjøkkenhjelperen!

    DEn strikkinga har du virkelig fått taket på. Nå kan barna med all grunn være stolt av mammaen sin.

    God helg.

    SvarSlett
  9. Ja det er kjekt med hjelpere, men akk så deilig å se det avslappende og fredelige ansiktet når de sover..når roen har senket seg og pulsen kan gå ned et par hakk..;) Og den vesten din var råtøff!! Du er jo skikkelig flink! En sånn hadde jeg aldri klart å lage.. Du skulle jo vist den på:) God helg til deg Tove! -Linda:)

    SvarSlett
  10. Jeg ler godt her ja....
    Om jeg finner igjen bildene fra den gangen minsten tømte mel, frokostblandinger, nugatti, melk og sukker og salt og havregryn utover kjøkkengolvet - og satt inni oppvaskmaskina da jeg stod opp en gang - da skal du bare tenke at oppryddinga til din lille håpefulle var NOTHING.... :-)
    Nå skjønner jeg hvorfor du strikka som en gal her om dagen - strikk mer! - det blir jo supert!
    GOD HELG , fra tone

    SvarSlett
  11. Heheh velkjent problem ditta ;p
    her er det sminke skuffa mi på badet som så hardt får gjennomgå støtt og stadig.
    Jenta har allereie funne ut kva enn brukar den store kosten til og den lille. Til og med leppestift har ho funne ut kvar skal, men akkurat det fenomenet skuldar eg på mormora for ;)

    Vesten er kjempefin, eg trur nesten eg vil be om oppskrifta? :)
    Så kanskje ej kan prøve meg på ein :)

    SvarSlett
  12. Gesheftig liten frøken du har:-)
    Tove, jeg trenger din hjelp...har lenge hatt sånne bokstaver som du har og før i dag da jeg lekte meg med ulike bakgrunner, ble de borte og nå har jeg bare sånne kjedelige...
    Tips??
    Lørdagsklem

    SvarSlett
  13. Så flott vesten din blei.
    Det hadde vore kjekt å sjå deg med han på... Den var veldig fin...

    Eg synst det er så kjekt når barna vil hjelpe til og prøver å gjøre sånne ting som vi vil sette pris på. Rydde og støvsuge og brette klær osv. Det blir jo stort sett alltid berre meirarbeid, men lell ;-)
    Når eg traskar ned trappa og spør om Viljar vil vere med å ta ut av vaskemaskina, så kjem han stormande og jublar JA! Det er jo ganske kult (og vil truleg snart gå over)

    SvarSlett
  14. Så søt hun er da :) Litt rampete må de jo være når mamma ikke passer på ;) De er så gode og søte disse små

    Kjempe fin vest du har strikket også. Ha en fortsatt fin helg :)

    Klem

    SvarSlett
  15. Så koselig at du er personlig. God søndag.

    SvarSlett
  16. Hallais!!

    Pizzalaging hos de Eiksundske er det mannen som har spesialisert seg på....etter italiensk steinovnoppskrift....deigen brettes utover steikebrettet...steikes på så høg varme du har i 5 min..tas ut...fyllet legges på..ruccolaen også....så full fres med alt i 5 min til på samme høge varme..rundt 250 grader...sååå bommeli ferdig som vi sier det her i huset....dette synes vi gir firtreffelig god pizza...ikke så høg bunn..vi lar den knapt heve seg...mmmmmm....ha en super søndag...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!