onsdag 4. mars 2009

God, gammaldags skulk - eller bonusdag???

Tenk at eg, vaksne mennesket, sit heime i mi eiga stove med dårleg samvit og kjensle av å ha skulka... Eg har vore i Ålesund på pliktoppdrag, og så vart oppdraget avslutta tidlegare enn tenkt. Så no har eg gått tur med hunden, sett på ei maskin med kle, tømt oppvaskmaskina og fylt den like fort - og no sit eg med beina høgt og kosar meg framfor datamaskina.

blomster1

Er det skulk?

Burde eg ha dårleg samvit?

Burde eg skamme meg?

I staden for å svare "skuldig" på alle tiltalepunkta, prøver eg å overbevise meg sjølv om at dette rett og slett er ein bonusdag! Det er allereie på plass ein vikar for meg, eg har vore på oppdrag og gjort teneste for land og folk, familien får reine kle og ryddig kjøkken (resten av huset er strøkent, takka vere min kjære husbond som har halde fortet medan eg var borte!) og eg får litt velfortent tid til å samle tankar og hente meg inn.

rose6

Nei, fri og bevare meg vel! Vi damer slit med altfor mykje dårleg samvit! No kneiser eg ryggen, set på endå ei maskin med kle og kosar meg med solgløtta. Men berre ei lita stund, berre nokre små og korte timar...

rose5

... for det er noko som ikkje heilt vil sleppe taket... Det skal visst vere fellesmøte på jobb i dag, trur det er best eg stiller opp. Nektar meg sjølv å tru det er dårleg samvit, det høyrest så mykje finare ut å kalle det pliktoppfyllande ansvarskjensle!

Brått vart bonusdagen min litt amputert likevel...

(Bileta vart lånt få Flickr for lenge sidan, klarar ikkje å hugse kven det er som hart tatt dei...)

9 kommentarer:

  1. Hei. Du skal ikke ha dårlig samvittighet. Nyt livet når du kan. Det er så mye som krever oss, så kos deg når du kan.
    Så vakre bilder!!!!

    God klem

    SvarSlett
  2. Du skal absolutt ikke ha dårlig samvittighet...pussig så lett vi faller i den gropen du...dette er en velfortjent bonus dag. Nyt den og kos deg med helt rein samvittighet=)
    Klem Kerstin

    SvarSlett
  3. Nei nei nei vennen. Dårlig samvittighet er strengt forbudt!! Kos deg og nyt dagen ( og evt avslutt med et kort møte da )Kjenner meg så altfor godt igjen, men det vi alle damer som du skrev så godt!! titt innom bloggen min, og reg. deg på VÅR konkurransen min:) klem

    SvarSlett
  4. Nyt dagen unge dame...ha æ gjort i dag...parkert mæ i sofa med bunning og TV på formiddag....slå den du....det e dæ vell fortjent...klem

    SvarSlett
  5. Er det ikke typisk at denne kloen av dårlig samvittighet klemmer til selv om man ikke ønsker den skal det?!?!
    Jeg er hjemme for andre dagen med en febersyk liten en og har også denne kloen vel plassert.Og det bare fordi jeg hører han viner av fryd for at store bror prøver å fange han... Er han syk nok? Ja, han hadde feber over 38 i sted når jeg målte så det bør være gyldig grunn vel?...

    Forrige uke var han ikke helt pigg, men ble sendt i barnehagen allikevel. Da satt jeg på jobb med kloen om hjertet... En vinner jo aldri da!

    Du, du skulle jo tatt turen innom her da siden du var foran skjema. Jeg har nybakte sjokkokjeks og jeg forspiser meg snart ;o)

    Ha en god dag videre blottet for skulkefølelse!
    Klem

    SvarSlett
  6. Åh kor eg kjenner meg att. Når møtet i byn varer halve dagen og ein får plutseleg tid til å gå i dei butikkane ein helst vil!!! Til alle andre ville eg sei: Sjølvsagt er dette OK, men til meg sjølv.......

    Inger / Hordaland

    SvarSlett
  7. Er ikkje det merkeleg med oss damer??
    Ein mann ser det aldri slik!!
    Nyt bonustida Tove, og la det dårlege samvitet sleppe taket:0)
    Klem

    SvarSlett
  8. Har du vært en mann har du ikkje hatt ti tankande der i det heletatt.
    Men når er du kvinne. Da kommer den dålige samvittigheita snikandes inn gjenom døra med en gang.

    Håper trots alt at det er bra med deg.
    Sjøl har eg hatt det litt tøfft en kort periode. Men eg er nå på full fart framover igjen.

    Nå må du kose deg resten av denne kvelden.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  9. Bilda var flotte dei.. same kvar dei kjem frå.. trudde fyst du hadde tatt dei sjøl, og lurte litt på kva salgs kamera du er utsyrt med!? hehe

    HUff da! E ikkje vi sånn.. ? Slit med dårlig samvittigheit? typsik.. sjøl når eg er SJUK føle eg det sånn...
    Håpe du klarte å nyte dagen likevel!

    Monica

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!