søndag 15. februar 2009

...når pinnane går seg heite...

....har ein rett og slett ikkje tid til å blogge!!!! For siste dagane har eg jammen vore produktiv på strikkefronten! Skal sjå om eg får lage eit "skryteinnlegg" i kveld. Enn så lenge har eg lyst å vise fram den geniale "veska" eg bruker til oppbevaring av pinnar og tråd.

029

Denne supre Katvig-posen fekk eg på kjøpet ein gong eg handla på En gul knapp (ein av mine favorittbutikker når eg handlar til ungane). Det gjekk ei stund før eg fann ut kva den eigentleg skulle brukast til, for i botnen var det nemleg glidelås! Etter ein del hovudbry kom eg fram til at den hadde eit anna bruksområde enn berre oppbevaring:

031

...nemleg som topp! Ida elskar den skjønne toppen, som er like super sommar som vinter! Den er fin med ei kvit t-skjorte under eller ein kvit pologensar når det er kjølig i vèret, eller med ingenting under når det er varmt i vèret. Strikkesakene må rett nok finne seg ein annan stad å bu når Ida skal pynte seg, men eg har heldigvis andre vesker på lur...

PS! Det er sikkert mange bloggedamer der ute som raskt hadde laga nokre slike "vesker"??? Dei er i allefall kjempepraktiske og kjekke!

6 kommentarer:

  1. Herlighet, så genialt!-og kjempe-tøff. Smart gjenbruk/flerbruk.

    SvarSlett
  2. Jeg har også en slik. Hadde jeg bare visst hvor den var... sukk.

    Gleder meg til skryteinnlegget ditt.

    SvarSlett
  3. ser frem til innlegget med skryt..ha en fin søndag

    SvarSlett
  4. Så geniat, imponert over de kreative damene rundt omkring jegO=)
    Gleder meg til skryte innlegget ditt=)

    klemmer Kerstin

    SvarSlett
  5. Smiler her jeg sitter. Morsomt og kreativt innlegg - og bruk. Ha en fin søndag.

    SvarSlett
  6. Den der er på en måte to ting i en.Så lurt.
    Nyskjerrig på strikkinga di så eg les videre...
    Klems synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!