torsdag 12. februar 2009

Dette hadde du ikkje trudd om meg!!!

Eg har vore på formannskapsmøte og kommunestyremøte i dag, og det er i og for seg ikkje noko nytt i det. Møtet var spennande nok, og sakene engasjerte. Det var likevel noko som engasjerte tankane mine meir - men berre i ledige augneblink, vel og merke...

015

Fleire gongar i løpet av møtet tok eg meg sjølv i å sitje og tenkje på strikking!!! Eg - som aldri har vore særleg komfortabel med pinnar og tråd! Tanken på at strikkesakene låg i bilen, vart nesten ikkje til å motså! Eg klarte likevel å halde fokus på det eg skulle, men det er vel lov å seie at eg gledde meg til å kome heim... Denne lilla saken skal verte ein hals. Den er kjempeenkel å strikke, men med tre ungar og ein hund rundt beina, kan det av og til vere vanskeleg å halde kontroll på tre garnnøster... Det ferdige resultatet vert sjølvsagt "proudly presented" på bloggen!

016

Jada - dette er ein Thermis!!! Eg er godt igong med min aller fyrste Thermis!

017

Til trass for at strikkeoppskrifta var på engelsk og at eg er særs urøynd med all slags strikketerminologi, var det faktisk enklare enn eg hadde trudd!

009

Dette er tråd som etterkvart skal verte ein vest til frøken Ida! Tør ikkje love release-dato for det produktet....

001

Og på toppen av all lukke, låg denne boka og venta på meg då eg kom heim frå møte! Eg var så heldig å vinne den på Ellen sin blogg, Charmerende Gjenbruk. Dette er verkeleg ei bok å anbefale! Gjett om eg skal kose meg med denne i kveld...

023 

Eit  forelska og litt forfrose par får kose seg med den uferdige Thermisen min så lenge. No står dei glaskarmen min og er lukkelege og glade for å kunne halde varmen!

Ynskjer alle ein deilig kveld -

her skal det strikkast!!!

18 kommentarer:

  1. Oj så flink du er!
    Spennende å få se de ferdige produktene. Jeg blir også så inspirert av flotte ting mange bloggere lager.

    Har du lenke til mønstrene på halsen og thermisen?
    Ja, jeg påvirkes lett.

    Selv skal jeg strikke kronepannebånd som jeg skal tove til jentene mine. Og da blir det vel rosa, tenker jeg.

    Lykke til!

    SvarSlett
  2. ..tross alt finnes det mørkere sider hos folk...!

    SvarSlett
  3. Hei! Så flink du er da! Aldri vært glad i håndarbeid fø jeg men har fått dilla på hekling! Artig!!
    Kjekt med håndarbeid!!
    Ha en fin "snart" helg!
    Klem!

    SvarSlett
  4. Er imponert!! Du rekk so mykje i livet ditt.. Å det er supert for andre folk. ( slik som meg) Eg blir skikkelig inspirert. Kjem nok ikkje til å beg med strikking med det første, men synest det er veldig kjekt å sjå kva andre mennesker lagar.

    Å heldig du som vann den boka.. Men den dett nok ned i postkassa mi om nåkre dagar også..:) om dog betalt av meg sjølv:)

    Kristin

    SvarSlett
  5. Kor flinke du er :-)
    Eg måtte rekke opp masse - hadde jo strikka feil ;(
    Men no er det pån igjen
    Nattaklemma fra monika

    SvarSlett
  6. Kor flink du er!!!
    Såg deg på butikken i stad.. men du var opptatt og eg ville ikkje forstyrre i farta!! ;-)

    Kos deg med strikket ditt. kjekt når ting vert ferdig!! :-)
    Eg held på å hekle pledd... (sukk!) spørs om eg nokon gong vert ferdig?!

    Monica

    SvarSlett
  7. Så flink du er. Jeg har aldri strikket etter engelsk mønster før og har gitt meg i kast med dånekåpen "Sylvi". Jaja, etter noen opprekkinger, går det bra nå. Har også kjøpt mønsteret til Thermis, men venter med det inntil videre. Har et laaaaaangt innlegg i bloggen min om du er lysten på en historie.
    Ha det bra c", )

    SvarSlett
  8. Må smile av innlegget ditt! Det er vel "lov" å strikke under møtet mens man tar på seg en skikkelig "nå konsentrerer jeg meg og hører kjempegodt etter"-mine! Her hos oss varer kom.møtene i opp til åtte timer.. så da har jeg ikke dårlig samvittighet for å strikke litt underveis! :-))

    SvarSlett
  9. Hei og godmorgen.
    Kunne godt tenkt meg noe varmt strikka töy idag. Gjerne en tjukk deilig genser. Du er jammen flink må eg si.
    Sitter og fryser. 22 minus og det snör....
    Slik var det aldrig på sunnmöre...

    Ska bli spennende å se når du blir ferdig med strikkinga.
    Snill er du og som lar de to forelska varme seg litt.

    Klems fra en frossen Synne.

    SvarSlett
  10. Så herleg Tove:0) Blir knakande fin Thermisen og så er den så god å bruke. Min brukast jamt. Lykke til vidare med maskane og god tur til Oslo. Her sliter vi med snufs og hark..... men men
    Smil frå meg

    SvarSlett
  11. Du er tilgitt fra min side altså!! Skjønner godt du tenker på strikking jeg, det er jo bare så gøy!! spesiellt når man lager noe som går fort !!! Gleder meg til å se halsen ferdig!!

    SvarSlett
  12. kjekt å strikke litt av og til. Med meg går det litt i perioder, no er eg akkurat ferdig med ein genser itl Benedicte, så no går det mest i småpjask som eg kan strikke på utan å tenke og telje noko særleg.

    Lykke til med alle prosjekta dine

    SvarSlett
  13. åh, ska vi strekk i lag i helga? ha også plan om å få ferdig et prosjekt,...fine farger på strikkinga di..ha ei go helg unge dame

    SvarSlett
  14. ikkje rat du må strikke HALS...he he..drivande dyktig er du og både til det eine og det andre..kos deg i snøen ;)

    SvarSlett
  15. Kos deg med strikketøyet, du driftige jente og ha ei god helg! :)

    SvarSlett
  16. Hei Tove!
    Nei, dette hadde eg ikkje trudd om deg:-) Minnast eit innlegg i Møre-Nytt. Skal tru om det ikkje finnast her på bloggen din også...

    SvarSlett
  17. Heeei! Hadde du giddi å fortalt meg hvor mange masker du la opp til en sånn thermis?? :D

    SvarSlett
  18. Thankyou!!! mailen min er: tinemorsin@hotmail.com

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!