søndag 25. januar 2009

Eg - ein kulturbærar!

Eg sit med eit nytt strikkeprosjekt i hendene (herre min hatt kor rart det høyrest ut når slike ord kjem frå meg!), og då kan det vere på tide med ein aldri så liten ønskereprise. Mine trufaste lesarar kjenner att teksten frå før, den var publisert på bloggen min 10. februar i fjor og stod på trykk i lokalavisa Møre Nytt. Ungane hadde nettopp sagt noko som fekk det til å stikke aldri så lite i det dårlege samvitet... Eg gjekk til innkjøp av pinnar og garn, og slik er historia:

Det heiter seg at det er frå ungar ein får høyre sanninga, og slik er det vel også i dette tilfellet: Når ungane besøkjer bestemor, må dei alltid kike litt i strikkekorga hennar. Dei let seg ivrig fascinere av at tråd, pinnar og godt handlag tryllar fram dei flottaste klesplagg. Sjølv har eg aldri strikka. Eg hugsar tilbake på handarbeids-timar på barneskulen der tårene nesten spratt i takt med klirringa frå dei andre sine strikkepinnar. Med meg vart alt mislukka; flokar på tråden, altfor faste mauskar, mauskar som av ein eller annan grunn berre forsvann og så vart alt berre smalare og smalare. Det gjorde det ikkje akkurat betre at bror min, som er tre år yngre, strikka seg både panneband og sveitteband.

På ungdomsskulen heldt tragediene fram. Eg hadde ei fantastisk dame i handarbeid (velsigne henne!), men sjølv ikkje tryllestøvet hennar gjorde meg til ein strikkar. Då vi skulle lage eit avsluttande prosjekt i strikk, kika ho på meg og sa: "Du skal få brodere du, Tove." Paradokset er at eg elskar alt i ull, og skulle gjerne ha strikka både gensarar, lestar, pulsvarmarar, huer, hanskar, ullbukser til ungane og slumretepper til vinterkveldar i sofaen. Eg har sett på strikking som kultur og alltid beundra dei som har vore bærarar av denne tradisjonen.

Så kom altså eldste sonen min ein dag og sa: "Mamma, kvifor er det berre bestemødre som strikkar? Du er ei mor, og alle mødre burde strikke!". Må berre innrømme at det stakk litt å høyre dette. Sjølv om eg ikkje har strikka, så har eg alltid sett på meg sjølv som ein kulturbærar. Eg diskar ofte opp med heimelaga kjøtkaker i brun saus, meiner ungane har godt av å ete fisk, syng godnattsongar som bestemora mi song til meg og meiner oppriktig at ein tur i skogen kan gi betre underhaldning enn Cartoon Network - berre for å nemne noko.

Men no har eg altså teke pinnane fatt, og er igong med mine fyrste pulsvarmarar! Ida heldt på å besvime då ho såg meg kome ut frå strikkebutikken med pinnar og tråd. Endeleg skulle mora deira verte ein strikkar! I går kveld sette eg meg ned og la opp 60 mauskar i petrolfarga alpakkaull, og så får vi sjå kva det vert til. Intensjonen er som sagt pulsvarmarar. Det kjem sikkert til å gå tregt, eg kjem sikkert til å miste mauskar og strikke altfor stramt - MEN EG STRIKKAR! Det er nok til at eg rettar ryggen og gler meg til å kunne fortelje omverda at eg endeleg har vorte ein ekte kulturbærar!

001

Det du ser på biletet over er byrjinga på mitt siste prosjekt, ein Thermis. Eg kan ikkje love "sjå kor langt eg har komt meg"-bileter i morgon, og "jammen er eg ferdig, gitt"-bileter dagen etter det igjen. Her tek vi ein maske i gongen! 

 004

Eg synest det er like artig å ta bileter av tråd og pinnar i artig leik! Huff og huff, korleis skal dette gå... Det er ikkje anna å gjere enn å hive seg rundt og byrje!

(PS! Du lurer vel kanskje på om ikkje eg skal kome med ein statusrapport på dei berykta pulsvarmarane som eg byrja på for eitt år sidan??? Det får du ikkje...., kremt, hm, hm - kjenner eg rødmar av skam her eg sit...)

18 kommentarer:

  1. Verden er MYE mere enn strikkeferdigheter. Jeg har ei mor som jeg nesten bare kan erindre med strikkepinner. Mange norske og russiske barn har nyt godt av det, men jeg kan nesten ikke huske turer i skogen i min barndom, enda vi bodde i skogkanten.

    Nei du, vær deg sjøl, gjør det du trives med og vær glad. (Men noen forsøk med pinnene er jo gøy også da, særlig hvis det skulle lykkes)

    Lykke til.

    SvarSlett
  2. Hihi....etter nattevakta...gjesp, var dette innmari å våkne opp til. Fikk meg en latter, for du skriver så bra, å jeg kjente meg sååå godt igjen...Da jeg var yngre..hm..å når mamma snakket om å felle en maske slik at det skulle bli hullmønster, ja, så trodde jeg at det var å slippe en maske....trur det bei lekkert eller?...stå på jente...dette klarer du...gleda mæ te å se.....

    SvarSlett
  3. Må seie eg kjenner meg så utruleg godt igjen i det du skriv! Eg har sysken som har strikka dei flottaste kresjonar heilt frå ungdomsskulen, men eg har berre mista maskerm, fått uventa nye masker, og vore heilt håplaus på strikke-posjekt...

    Men hekling derimot, det er kjekt! Eg kjøpte meg ei heklebok for 2 år sidan, og då lærte eg meg å hekle! Men eg misunnar framleis alle dei der ute som kan strikke...

    Men gratulera så masse til deg med nyvunnen strikkepågang! Dette klarar du heilt sikkert!!

    SvarSlett
  4. Kor flinke du er :)
    Eg strikker også - periodestrikker kaller eg meg - så no skal genserene som eg begynte på i høstferien, vokse litt
    så får eg se kor lenge denne perioden varer
    klemma

    ps- har ei som gjerne ville ha ein ny kjole i dag eg da - STRIKKEKJOLE.
    hmmm. eg sa ho skulle snakka med farmora si eg :)

    SvarSlett
  5. Dette blir heilt sikkert flott Tove, og dessutan livet er meir enn strikking :0) og du... ein dag blir pulsvarmarane også klare veit du. Strikka meg gjennom nakne rumper og "sprellemenn" eg igår kveld...... kan fortelle deg at eg mista ikkje berre ei maske...... var redd eg skulle få kaffien i halsen, men måtte berre skratte....
    Vi snakkast
    Klem herfrå

    SvarSlett
  6. Jeg er så enig med "Gamleheksa". Livet er mye mer en strikkeferdigheter. Jeg tror faktiske ikke familien din lider noen nød selv om du ikke strikker. Men jeg selv har aldri vært noen kløpper med strikkepinner, så jeg forstår godt hva du snakker om.
    Ha en fin søndag, med eller uten strikking.

    Hilsen mormor strikkekløne.

    SvarSlett
  7. Må le litt, for eg kjenner meg aldri så lite att. Det går forsovidt fint å strikke - i byrjinga- så går det litt seinare, og så plutseleg er det stopp.....Har ganske mange halvferdige prosjekter liggande. Det siste er ei nydeleg ulljakke m flettemønster til frøken dings. Manglar berre ein halv arm og ei hette - og det har ho gjordt i halvtanna år.....Ja,ja kanskje ho vert ferdig ein gong;)

    Ha ein flott sundag.
    Klem:0)

    SvarSlett
  8. Øvelse gjør mester vet du! Og om du ikke får det til, så husk at du er flink til så mye annet :0)

    SvarSlett
  9. Strikking i rosaheimen er kun prosjektbasert... når eg startar på eit prosjekt går eg veldig opp i det, og det går - ikkje fort, men framover. No har eg helde på med leggvarmarar til eldstejenta - i 8 månader!!

    Men themis har eg aldri høyrt om , så no er eg veldig spent, og håpar det kjem bilder når du ein gong er ferdig. Imorgon - eller om ei veke - eller om eit år ;)

    god sundagskveld!

    SvarSlett
  10. Så gøy for deg at du setter igang med noe som du har minner av å ikke kunne mestre. Slikt skal det mot til å gjøre...altså bare sette igang! Lykke til, uansett hva det ender opp med!!! Nyt prosessen...og følesen av å lage noe, strikke noe...
    Du skriver så flott, forteller så godt..jeg liker meg her inne i bloggen din!

    SvarSlett
  11. Du prøver iallefall Tove, synes det er kjempeflott eg. Sjølv har eg ikkje gode minner frå handarbeidstimane. Og mamma var heller ikkje optimistisk då ho skulle prøve å videeutvikle kunnskapen eg fekk tillært på skulen. Det såg ut som eg hadde to hakkegrev i hendene sa ho. Sidan har eg ikkje strikka. Kanskje med tid lærer eg det. Håpet er å kunne strikke til framtidige barnebarn. Men då må eg kanskje begynne å øve snart:)

    SvarSlett
  12. Hei du - kor går det med strikkinga :)
    Klemma

    SvarSlett
  13. Herlig, herlig du skjønne Tove!!!

    SvarSlett
  14. Flotte greier Tove...dette er eg viss på at du får til :)

    Vi er på føtene att og klar for ny veke, og heldigvis har ikkje dei to minste i heimen vist teikn til å vere smitta...kryssar fingrane!

    Ser deg i morgon og gler meg til å høyre om prosjekt strikking:)

    Klem

    SvarSlett
  15. Så kuult - masse lykke til til deg og strikkinga!! :o) Hvis det går skeis, så anbefaler jeg å strikke plagg som skal toves - helt genialt, for da er det ikke farlig om strikketøyet er litt skakt før toving. Hihi!!

    SvarSlett
  16. Hehe...lykke til med strikkinga!
    :-)
    Klem

    SvarSlett
  17. Vet du, det er jo merkelig med denne strikkingen... har selv et prosjekt på gang, starter så ivrig og bra- men så... stopper det jo bare opp! Og som Ylva sa: Men mamma, kan DU strikke da?! Nesten skrekkslagen hehe... nei, er vel kanskje ikke min greie, rett og slett. Men samtidig koselig! Foreløpig er jeg så lite dreven at jeg ikke kan se tv og strikke samtidig, slik andre klarer så fint... jaja. Vi snakker forresten om et helt streit lite dukketeppe her, ikke noe mønster eller mariusgenser eller votter med tommel altså. Bare et lite teppe... akk ja.
    Takker for koselig hilsen til Ylva sin bursdag. :) Var en flott feiring! ha ei fin uke videre- klemmer fra Gunhild.

    SvarSlett
  18. Det siste bildet av ullnøstet med strikkepinnen stukket ned i minner meg litt om Woo-doo-nåler....Underbevisst handling som avslører ditt forhold til strikking?
    Ikke alle kan strikke, veve, lage sylterull, kjøttkaker, brun saus, karde, spinne osv. Du er veldig flink til å formidle andre gode kulturer til dine unger, og så får noen andre ta seg av strikkingen. Lykke til Tove!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!