mandag 8. desember 2008

Du nakne, glitrande tre god kveld...

I eit tidlegare innlegg fortalde eg om eit litt eksperimentelt juletre eg hadde planar om. Det er ikkje noko særskilt med dette treet, veit ikkje eingong om det kvalifiserar til å verte kalla for tre!

Det har seg nemleg slik at eg har ein son som er svært så flink med øks og sag (trass sin unge alder...). Tidlegare i haust saga han og kameraten ned nokre tre som berre vart liggande. For nokre veker sidan var det storm på desse trakter, og stormen hadde altså teke med seg eine treet slik at det vart liggande utanfor huset. Eg bestemte meg straks for å gjere stas på det, og det er altså dette treet som no står i gangen min. 

026

Eg brukar alltid å ta inn greiner frå naturen når det er jul, berre at denne gongen vart greina ganske så stor... Husbonden leita fram parasollfoten frå i sommar og fekk treet plassert inst i gangen. Eg var litt redd det skulle ta for stor plass, for gangen er lang og smal. Men dei tynne, nakne greinene gjorde verkeleg susen! Det var ikkje så lett å fange stemninga gjennom kameralinsa...

014  016

Det skal eigentleg henge dompappar på greinene, men dei har eg ikkje leita fram endå. Dei skjønne fuglane laga eg av tova ull eingong ilag med elevane mine. Enn så lenge får istappar og andre glitrande saker pryde treet! Ungane syntest det var heilt naturleg at det skulle henge istappar og dompappar i treet! Den andre pynten kom ikkje gjennom nålauget... Men, men, enn så lenge er det mor som bestemmer mest! Kan hende vi finn ei lysslyngje å pynte med òg!

017 015

Du må ikkje misforstå, eg skal sjølvsagt ha vanleg juletre òg! Det skal vere ei tjukk og passe høg gran frå eigen skog. Eg har ymta frampå om å kjøpe ei edelgran i år, husmora er lei av grannåler overalt. "Kjøpe juletre??? Eg trur du er på styr!!!", var svaret frå høgsterådet... Så her er det berre å stege seg gjennom snøen og finne eit høveleg tre, om ikkje anna så er det ein fin tradisjon!

Det blir spennande å sjå om gjestar som kjem på besøk (både i heimen og på bloggen) har sansen for treet mitt. Eg syntest det passa så godt med det lågmælte og naturlege "temaet" som er i gangen frå.

25 kommentarer:

  1. Det treet ser fint ut! Skulle gjerne hatt eit slikt eg også, men har ikkje plass. Kanskje eg kan ta inn ei lita grein...

    SvarSlett
  2. Hei tuppelura!

    Nå er det aaaaalt for lenge siden jeg har vert her. Nå skal jeg huske å legge deg til listen min så er det litt større sjans for at jeg ikke er like lenge borte flere ganger. For jeg liker meg virkelig her!!!

    Synes det nakne treet ditt, som ikke er så nakent som jeg så for meg er kledelig jeg! Kunne tenke meg noen kvister selv, men har ikke rette plassen enda. Må få bestemt meg for hvor Ædda, bædda, edelgranen min skal stå.

    Nå lokker John Blund her, så det er best å nytte sjansen.
    Tuddelu!

    SvarSlett
  3. Hei.
    Det vart nå eit flott tre der i gangen.
    Her er det full fart med pynting, baks og matlagning til jul.
    Vi har ju ikke ribbe och pinnekjött her i huset. Vi spiser svenskt julebord.
    Önskje deg en trivelig kveld og god natt.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  4. Tuusen takk for tips, skal innstaleres i mogen den dag!! Treet er superfint og veldig in...,visstnok!! KLem

    SvarSlett
  5. så mykje lekker sølvfarga pynt! Og så lenge du skal ha vanleg jolatre òg (ja, eg er nok litt konservativ på den fronten ;) ), så er det jo kult med noko litt anleis andre stader i huset!

    Me har for fyrste gong kjøpt tre i år - to hundre kroner for eit heilt ferskt tre er ikkje verst, og mannen gledar seg over å sleppe ein lang dag i skogen :)

    Noko lite til deg finn du hjå meg -
    natti!

    SvarSlett
  6. Så koselig med litt natur inne i heimen :)
    Her i huset er det edelgran som gjelder..men når jeg var lita da henta vi furu i skogen til onkelen min..Det var en fin tradisjon :)
    Kos deg masse i førjulstida!!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  7. Ikke si det til noen, men har et jeg også :-)) ikke i for slik som du, men hengende oppetter taklista.

    Det som er positivt, og det er at treet ikke tar oppmerksomheten fradet som henges på. men greiner ja, det liker vi .-))

    Ha en flott tirsdag da...

    SvarSlett
  8. Hei du
    Det var eit flotte tre :)
    Vi og tusla inn i skogen - og berre hogger ned - med ymse resultat tenker noen - men det er ligger stor tankegang bak - før treet kommer inn
    God morgen og smil fra monika

    SvarSlett
  9. Jau.. det e no bærre lekkert!! hehe følte den passa så bar akkurat i dag ;-)

    Syns det var fint eg... har ei venninne som har hengt opp noke likande utfor døra (då ligg greina) og der pyntar ho til dei forskjellige årstidene... HERLIG syns ej...

    SvarSlett
  10. Vakker gang du har!
    Ideen med greina var fin.

    SvarSlett
  11. Så flott det var, og kjekt for Johan at det han saga ned vert nytta:0)
    Min gang er IKKJE ferdig enno, men kanskje kanskje den vert det til jul...
    Så kjekt med ein stor duk som er laga med omtanke da!!
    Brukar mine eg og, så flott handtverk må sjølvsagt ikkje gøymast vekk i ei skuff!! Men framfor å legge dei på bordet så ligg dei på skjenkane...
    Så srtig at det var fleire som vart forsynt med labbar av Besta da:0)
    Eg lurer faktisk ofte kor mange tusen par ho eigentleg har strikka??
    Ynskjer deg ein fin tirsdag, Tove!!
    Klem

    SvarSlett
  12. Herlig!:o)

    Klem Vibeke

    SvarSlett
  13. Å så fint det var. Jeg har også lyst på et tre, eller i det minste noen grener. Men vi har ikke et eneste tre på tomta, så da må jeg ut og STJELE. Nei, det kan vi ikke ha noe av. Men om noen år, når jeg har min egen hage å ta fra, da skal jeg iallefall ha et tre med julepynt. Vakkert var det!!

    Ha en fortsatt fin dag!
    Laila

    SvarSlett
  14. Treet ble "bærre lækkert"som vi sier her;) Små gutter og sag skal en ikke kimse av, det er iallefall min (dyre)erfaring..her har vi to som er ganske ivrige på den fronten, og etter at mellomste engang fant det for godt å sage på bilen til bestemoren så har vi blitt flinke til å gjemme sagene når vi ikke er ute selv. Men kjekt at du kunne bruke treet til noe!

    Synes utfordringen du har fått lengre nede med veistandarden må være kjempespennende! Har selv en mann som driver med transport, og for dem som har arbeidsdagen sin etter de veiene vi har i dag så kan jobben være en utfordring.
    Ønsker dere så mye lykke til!

    Klem

    SvarSlett
  15. Så fint det ble! Var lurt å bruke foten til parasollen da :0) Med dompapper i blir det skikkelig koselig julestemning i gangen. Jeg syns istappene og den andre pynten var fin også, kan jo henge sammen med dompappene den :0)

    SvarSlett
  16. Kjempesøtt da!! :)
    He også planer om et slikt et...og pynte de med glassfigura og nipsnaps.. må berre finne et egna sted..hehehe

    SvarSlett
  17. Det va så fint atte...:)

    SvarSlett
  18. Heisann
    Kjempe fint å veldi personleg pynt. Eg har ei god venninde som også kvar jul og påske tek inn ei stor grein/tre i gangen. I påska heng kyllingar og slikt og no er greina pynta med diverse julestæsj... blant anna fine små lyslykter og dompapp som du... ;) Veeeeldig fint! :) So kjem vel det grøne treet etterkvart:) Ha ei nydeleg adventstid! :)

    Gode helsingar frå Elisabeth

    SvarSlett
  19. Hei min venn!!
    Takk for varme rd i bloggen min. Det varma meg og eg treng slike oppmuntringar og støtte.

    Så fine bilder du viser frå heimen din. Du har det så nydeleg hs deg.
    Koselig og fint.
    I dag skal vi kose oss og lage juleverksted saman med Tuva og ei venninne på samme alder. Vert kjekt og vi gleda oss.
    Er bare innom for å takke, og for å ønske ein flott førjulstid vidare. Pass på å ikkje fryse. Det er jammen kaldt ja:)Men vakkert
    Klem

    SvarSlett
  20. Så fint det blei -treet
    Det ligger noe til deg på bloggen min
    Smil fra monika
    ps . sitter her og leser gamle sunnmørsposter - og der dukka gjammen meg DU opp også :)

    SvarSlett
  21. Hei på deg!

    Har ei utfordring til deg.. den e kjekk ;-) ... og enkel

    Monica

    SvarSlett
  22. Treet ditt var fantastisk! Så flott, og ikke minst flott å gjøre stas på gutten! Treet har jo dobbel mening! En god ide for oss andre og! Jeg har en katt på drøye 5 mnd - og han har "spist" opp trollhasselen min alt. Gruer meg litt for juletreet kjenner jeg - han er nemlig fryktlig glad i å klatre! Hmmm.... ønsker deg en strålende fredags kveld

    SvarSlett
  23. Kjmepeflott tre ! :) Det enkle er ofte det beste sies det - og det er jammen ikke tull engang ,...

    Jeg har også alltid dratt inn alskens fra naturen og pyntet med inne ....Slike kvister som du har - pleier vi å ha adventspakker på i advantstiden.

    Vi har også et krokhasseltre i en krukke med ymse pynt på .

    Gleder meg til å se dompapene - ønske r deg en god helg i førjulsstria !

    SvarSlett
  24. Rett og slett kjempe lekkert! Johan har skaffa deg eit perfekt tre :-)

    SvarSlett
  25. Så flott det så ut! :o)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!