Det har vore så utruleg travelt i det siste. Ein lærarjobb krev mykje rett inn i jula, med tentamensretting, karaktersetting, skriving av rapportar, øving til juleball og julefest - berre for å nevne noko! I tillegg skal eg lese blodraude kommunebudsjett og og førebu meg til årets siste kommunestyremøte. Difor har det vore stille på bloggen min denne veka. Likevel har mange vore innom og besøkt meg! Det rører meg at så mange finn vegen innom meg... Tusen takk!!!!
Sjølv om eg har hatt det meir travelt enn eg set pris på , har kvardagen sine lyspunkt, både inne og ute. Morgonane har vore så utruleg vakre! Den kalde vintersola har farga himmelen i dei nydlegaste fargar.
Når dagen møter meg med slike fargar, er det nesten så eg lurer på om det er ein draum. Det ser ut som om Gud har teke dei vakraste fargane eg veit om, og drege penselen over himmelen for å glede meg!
Det mest fantastiske er å sjå kor fargane endrar seg - ikkje eit minutt er likt det neste!
Når dagen startar slik, veit vi at den har meir godt i vente. Dagen går inn i den blå timen og den lave vintersola takkar for seg. Mørket kryp på og ein ny palett fargar himmelen.
Eg har hatt denne utsikta heile livet, men let meg alltid fascinere av den praktfulle synsranda! Eg får aldri nok av dei flotte fjella som omkransar fjordane, ellerdei små øyane som ligg strødd som drops i sjøen. På kveldar som dette kan eg sitte å nyte utsikta heilt til det blir mørkt. Det er noko heilt særskilt med det dunkle, men klare vinterlyset. Det finnasat knapt noko vakrare...
Stars over snow,
And in the west a planet
Swinging below a star -
Look for a lovely thing
And you`ll find it.
It it not so far -
It never will be far.
- Sara Teasdale -
Litt seinare i kveld kjem eg tilbake med eit "takke og bukke"-innlegg! Eg har fått så mange utmerkingar og utfordringar, og skal prøve så godt eg kan å svare på alle og takke!
Så flotte bilder:)
SvarSlettHeisan - der var du jo :-)
SvarSletthar savna litt Tove blogg i julekvardagen
Håper alt er bra hos dere og at dere klarer å finne tid til kos og glede - sammen med retting av bøker - røde tall og alt anna
Smil fra monika
Der var du ja...;) Skjønner du har mye å henge fingrene i...jeg er endelig tilbake fra reiser og det er litt som skal ordnes ja..men det blir jul....ikke springe fra sjela vet du!!! ha det best..og vakre bilete over vakker dal.....og fjord ;) Klem ;)
SvarSlettHERLIG VINTERVÆR OG NYDELIGE BILDER!
SvarSlett