Måtte berre ein liten snartur innom blogggen for å ynskje alle mine blogglesarar eit godt nytt år!
(biletet over har eg lånt her)
Eg er så utruleg takksam for at så mange er innom bloggen min og les. Det som starta som ein kosleg husmorhobby i seine nattetimar, har utvikla seg til å verte ein arena for inspirasjon, glede, latter og utvida horisont. Aldri trudde vel eg at eg skulle verte kjend med så mange fantastiske folk! Vi er både like og ulike, og deler på ymse måtar kvardagen vår med kvarandre. Sist, men ikkje minst, har bloggverda gitt meg inspirasjon til å skrive meir! Eg likar godt å leike meg med ord og det gir meg ei enorm glede å vite at det eg skriv rører ved andre sine liv. Tusen takk til alle som legg att hjartevarme og hyggelege kommentarar...
Denne koslege nyttårshelsinga har eg lånt her, og vil dele den med alle som er innom bloggen min - både kjende og ukjende! For eigen del trur eg det nye året har mange gledelege overraskingar og utfordringar for meg og familien - og ynskjer det same til alle andre òg!
EG YNSKJER ALLE EI GOD OG TRYGG NYTTÅRSFEIRING -
MÅTTE DET NYE ÅRET BY PÅ TRU, VON OG KJÆRLEIK!
GODT NYTTÅR!