Eg og Ida har vore på jentetur i dag. Det var så mange hemmelege stadar ho ville vise meg, så mange grotter, steinar og vegar som berre ho visste om. Så mykje vakkert, som er endå meir vakkert når det er vinter og sola skin, og ein er i godt humør og berre er to.
Vi gjekk langs attgrodde stiar. Det var stille og underleg. Rart å tenkje på at naturen byd på så mykje stille , berre ein høyrer det. Er det ikkje rart at ein må høyre etter for å høyre kor stille det er ? Vi gjekk sakte, eg og Ida. Og aldri berre rett fram. Av og til måtte vi ned skråningar eller opp i bratte sider, vi var endåtil inn i ei hole under ein stein! Eg trur det meste er kjedeleg om ein berre går rett fram, anten det er på tur eller i livet elles. Dei finaste skattane og dei største gledene ligg ofte utanfor allfarveg. Vi må berre lytte litt meir til borna, dei har nemleg forstått det!
Det var mykje spennande å finne. Noko hadde sin naturlege plass i skogen, og noko var framandelement. Den gamle grabben hadde likevel sjarme, og Ida undra seg stort over korleis den rustne og digre grabben hadde kome seg dit. Ja, kven veit...
Nokre av nypene hadde bevart raudfargen, medan andre var svarte. Vakre er dei likevel.
Som eit lite kunstverk heng dei frå nakne greiner. Ventar dei på våren, kan hende?
Ein einsleg vassdrope klorar seg fast ytterst på den nakne greina. Heile verda speglar seg i den, den fangar alt lys og sender det tilbake som skinande strålar. Eg tek gledeleg imot...
Eg har surfa litt på ein del bloggar i ettermiddag og sett så utruleg mange vakre bileter av rimfrost. Eg har difor eit vakkert dikt som eg tenkte passa så godt for dagen i dag, og er min heider til alle dei dyktige rimfrostfotografane der ute! Vil gjerne få avslutte kveldsinnlegget mitt med dette diktet. Diktet er skrive av Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985) og er henta frå samlinga Dikt for damer, 2002.
Rimfrost og mild himmel
Himmelen kom
kanskje som dagen tilfeldig
med blekt blått lys
og milde rolige åndedrag.Rimfrosten kom
kan hende for himmelens skyld.
Buskene står og puster hvitt
med frosne duggperler i sitt hår.Himmel og rimfrost møtes
som når to elskende
plutselig møtes på veiene
og sølvbjeller klinger.Sidan det ikkje er så mykje rimfrost hos oss akkurat no, har eg lånt eit bilete på nrk.no. Biletet "Rimfrost" er teke av Bjørg Hernes.
Til slutt vil eg få vise kor vakkert det var ute i ettermiddag. Sola som hadde varma oss i heile dag, takka for seg med eit forrykande fargespel på himmelen. Kven treng vel fyrverkeri når moder Jord byd på slikt?
Bileta er ikkje retusjerte eller på andre måtar "pynta på" av digitale fotobearbeidingsprogram - dette er rå vare - og blir vel neppe vakrare??? Heldig er vel eg som får nyte dette synet kvar einaste dag, og aldri blir eg lei av det heller....
Nydelige bilder du tar!!!
SvarSlettHa en fortsatt koselig romjul=)
-Bette-
Ja det er ei flotte verden vi lever i :)
SvarSlettVi har rimfrost her - Så vakkert
Fikk med mannen på tur i dag eg - ein flotte tur med kamera og hundene.
Vi har berre sol ei kort stund kvar dag no - og da er det viktig å vere ute når sola er der :)
Så no venter eg på at den andre pc skal bli ledig -slik at eg kan legge inn mine bilder
Sivert har okupert pc, fjernkontroll - ja heile loftstua - så det blir vel i morgen tidlig- for har sover lenge,
Ellers så har vi no fått 2 julekalver - travelt, men DU kor koselig
Juleklemmer fra monika
Tusen takk for at dere to delte den flotte turen med oss :-))
SvarSlettNydelige bilder...Det var nok en kjekke tur ;)
SvarSlettØnsker deg og dine alt godt for det nye året!!!
Klem Anne ;)
Du tar så mykje flotte bilder og skriver så fint.
SvarSlettØnska deg flotte dagar vidare med masse kos saman med dine kjære.
Klem
Nydlig tur dokker har hatt i dag..og vakkert og djupt dikt som rører meg.....Takk!! I morgen er det hjemmekontordag..så nå venter loppekassa....;) fra meg
SvarSlettFlotte bilder Tove. Fortsatt god jul. Hanne
SvarSlettFor ei heldig lita jente, som får ha mamma helt for selv og gå på oppdagelsesferd. Slike ting kommer hun til å huske lenge. Jeg var pappajente til tusen, og husker fremdeles alle de spennende turene vi hadde han og jeg, rundt omkring i skog og mark.
SvarSlettHei og god jul.
SvarSlettNydelege bilder du har tatt på jenteturen:) Var ein strålande dag igår, og du har ei utsikt som vi berre kan misunne deg.
Nyt resten av romjula
Smil frå meg
Eit nydeleg innlegg Tove - både ord og bilder, fylt av stemning og ro. Nyt dagane!
SvarSlettNydeleg innlegg. Du har rett med krokvegar og gjøymde rom. Dei er klårt dei mest spanande. Bileta dine gjev meg lovnad om vår. Eg kjende kor gleda spredde seg. Sola er borte her ein del av vinteren..og når den kjem, då er det ikkje lenge til våren...
SvarSlettUtruleg vakre bilete!
Klem
Britt
Nydelige bilder!Og herlig tekst til. For en flott tur dere har hatt :o)
SvarSlettFantastiske bilete, Tove! Kven treng vel å retusjere verkelegheita :)
SvarSlettDu rekk mykje på ein dag ser eg. Formannskapsmøte, jentetur, vakre blogginnlegg og eg synest i tillegg eg såg ryggen din på eit romjulsfullt kjøpesenter?
Går litt i surr når det gjeld datoar på slike dagar :-)
SvarSlettOg når eg tenkjer meg om var ikkje himmelen så vakker i dag....
Kos deg stort i kveld!
Heisann! :-)
SvarSlettFor en koselig blogg du har! Legger deg til i listen vår over gode mammablogger. ;-)
Takk Tove, for koselig helsing.
SvarSlettEr innom for å ønska deg fin dag.
Kos deg
Klem
Hei! No skal ej prøve mej på å kommentere for fyrste gong....
SvarSlettAnne Mette
Enda en gang for eg nyte di flotte bileta dine.
SvarSlettKan ikkje se meg mett på dem.
Får en fornimelse av vår når eg ser björkehengene...
Snart er vi der....
Takk for ein flott tur ilag med deg og dattra.
Klems fra Digernes.
Synne.
du er jammen en dyktig naturfotograf... inspirerende...
SvarSlettNyyydelige bilder!!
SvarSlettGodt Nytt År!
Monica