søndag 28. desember 2008

...og aldri berre rett fram.

Eg og Ida har vore på jentetur i dag. Det var så mange hemmelege stadar ho ville vise meg, så mange grotter, steinar og vegar som berre ho visste om. Så mykje vakkert, som er endå meir vakkert når det er vinter og sola skin, og ein er i godt humør og berre er to.

046  050

Vi gjekk langs attgrodde stiar. Det var stille og underleg. Rart å tenkje på at naturen byd på så mykje stille , berre ein høyrer det. Er det ikkje rart at ein må høyre etter for å høyre kor stille det er ? Vi gjekk sakte, eg og Ida. Og aldri berre rett fram. Av og til måtte vi ned skråningar eller opp i bratte sider, vi var endåtil inn i ei hole under ein stein! Eg trur det meste er kjedeleg om ein berre går rett fram, anten det er på tur eller i livet elles. Dei finaste skattane og dei største gledene ligg ofte utanfor allfarveg. Vi må berre lytte litt meir til borna, dei har nemleg forstått det!

045   054

Det var mykje spennande å finne. Noko hadde sin naturlege plass i skogen, og noko var framandelement. Den gamle grabben hadde likevel sjarme, og Ida undra seg stort over korleis den rustne og digre grabben hadde kome seg dit. Ja, kven veit...

056 057

Nokre av nypene hadde bevart raudfargen, medan andre var svarte. Vakre er dei likevel.

062 063  

Som eit lite kunstverk heng dei frå nakne greiner. Ventar dei på våren, kan hende?

069

Ein einsleg vassdrope klorar seg fast ytterst på den nakne greina. Heile verda speglar seg i den, den fangar alt lys og sender det tilbake som skinande strålar. Eg tek gledeleg imot...

059 060

Eg har surfa litt på ein del bloggar i ettermiddag og sett så utruleg mange vakre bileter av rimfrost. Eg har difor eit vakkert dikt som eg tenkte passa så godt for dagen i dag, og er min heider til alle dei dyktige rimfrostfotografane der ute! Vil gjerne få avslutte kveldsinnlegget mitt med dette diktet.  Diktet er skrive av Astrid Hjertenæs Andersen (1915-1985) og er henta frå samlinga  Dikt for damer, 2002.

Rimfrost og mild himmel

Himmelen kom
kanskje som dagen tilfeldig
med blekt blått lys
og milde rolige åndedrag.

Rimfrosten kom 
kan hende for himmelens skyld.
Buskene står og puster hvitt
med frosne duggperler i sitt hår.

Himmel og rimfrost møtes 
som når to elskende
plutselig møtes på veiene
og sølvbjeller klinger.

rimfrost

Sidan det ikkje er så mykje rimfrost hos oss akkurat no, har eg lånt eit bilete på nrk.no. Biletet "Rimfrost" er teke av Bjørg Hernes.

Til slutt vil eg få vise kor vakkert det var ute i ettermiddag. Sola som hadde varma oss i heile dag, takka for seg med eit forrykande fargespel på himmelen. Kven treng vel fyrverkeri når moder Jord byd på slikt?

072  074 

Bileta er ikkje retusjerte eller på andre måtar "pynta på" av digitale fotobearbeidingsprogram - dette er rå vare - og blir vel neppe vakrare??? Heldig er vel eg som får nyte dette synet kvar einaste dag, og aldri blir eg lei av det heller....

20 kommentarer:

  1. Nydelige bilder du tar!!!
    Ha en fortsatt koselig romjul=)
    -Bette-

    SvarSlett
  2. Ja det er ei flotte verden vi lever i :)
    Vi har rimfrost her - Så vakkert
    Fikk med mannen på tur i dag eg - ein flotte tur med kamera og hundene.
    Vi har berre sol ei kort stund kvar dag no - og da er det viktig å vere ute når sola er der :)

    Så no venter eg på at den andre pc skal bli ledig -slik at eg kan legge inn mine bilder
    Sivert har okupert pc, fjernkontroll - ja heile loftstua - så det blir vel i morgen tidlig- for har sover lenge,

    Ellers så har vi no fått 2 julekalver - travelt, men DU kor koselig

    Juleklemmer fra monika

    SvarSlett
  3. Tusen takk for at dere to delte den flotte turen med oss :-))

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder...Det var nok en kjekke tur ;)
    Ønsker deg og dine alt godt for det nye året!!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  5. Du tar så mykje flotte bilder og skriver så fint.
    Ønska deg flotte dagar vidare med masse kos saman med dine kjære.
    Klem

    SvarSlett
  6. Nydlig tur dokker har hatt i dag..og vakkert og djupt dikt som rører meg.....Takk!! I morgen er det hjemmekontordag..så nå venter loppekassa....;) fra meg

    SvarSlett
  7. Flotte bilder Tove. Fortsatt god jul. Hanne

    SvarSlett
  8. For ei heldig lita jente, som får ha mamma helt for selv og gå på oppdagelsesferd. Slike ting kommer hun til å huske lenge. Jeg var pappajente til tusen, og husker fremdeles alle de spennende turene vi hadde han og jeg, rundt omkring i skog og mark.

    SvarSlett
  9. Hei og god jul.
    Nydelege bilder du har tatt på jenteturen:) Var ein strålande dag igår, og du har ei utsikt som vi berre kan misunne deg.
    Nyt resten av romjula
    Smil frå meg

    SvarSlett
  10. Eit nydeleg innlegg Tove - både ord og bilder, fylt av stemning og ro. Nyt dagane!

    SvarSlett
  11. Nydeleg innlegg. Du har rett med krokvegar og gjøymde rom. Dei er klårt dei mest spanande. Bileta dine gjev meg lovnad om vår. Eg kjende kor gleda spredde seg. Sola er borte her ein del av vinteren..og når den kjem, då er det ikkje lenge til våren...
    Utruleg vakre bilete!

    Klem
    Britt

    SvarSlett
  12. Nydelige bilder!Og herlig tekst til. For en flott tur dere har hatt :o)

    SvarSlett
  13. Fantastiske bilete, Tove! Kven treng vel å retusjere verkelegheita :)

    Du rekk mykje på ein dag ser eg. Formannskapsmøte, jentetur, vakre blogginnlegg og eg synest i tillegg eg såg ryggen din på eit romjulsfullt kjøpesenter?

    SvarSlett
  14. Går litt i surr når det gjeld datoar på slike dagar :-)
    Og når eg tenkjer meg om var ikkje himmelen så vakker i dag....

    Kos deg stort i kveld!

    SvarSlett
  15. Heisann! :-)
    For en koselig blogg du har! Legger deg til i listen vår over gode mammablogger. ;-)

    SvarSlett
  16. Takk Tove, for koselig helsing.
    Er innom for å ønska deg fin dag.
    Kos deg
    Klem

    SvarSlett
  17. Hei! No skal ej prøve mej på å kommentere for fyrste gong....

    Anne Mette

    SvarSlett
  18. Enda en gang for eg nyte di flotte bileta dine.
    Kan ikkje se meg mett på dem.
    Får en fornimelse av vår når eg ser björkehengene...
    Snart er vi der....
    Takk for ein flott tur ilag med deg og dattra.
    Klems fra Digernes.
    Synne.

    SvarSlett
  19. du er jammen en dyktig naturfotograf... inspirerende...

    SvarSlett
  20. Nyyydelige bilder!!

    Godt Nytt År!

    Monica

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!